Utgave: 4/2023

Vegen vidare

Det nærmar seg årsslutt, det er ofte ei tid for oppsummering og ettertanke. Eg sluttar som leiar i Norsk Bibliotekforening ved årsskiftet og går tilbake til jobben min ved Levanger bibliotek. Det er både leitt og kjekt på ein gong.

Leitt av di det har vore både interessant og givande å jobbe med bibliotekpolitikk på heiltid. Det har vore 3,5 år som har vore prega av pandemi og heimekontor, Norsk Bibliotekforening har selt Tidsskriftformidlinga og kampen om e-media er om ikkje vunne så iallfall kome eit stykke vidare. Skulebibliotek, berekraftsmål, innbyggartorg, IFLA – det har vore fleire viktige og tunge saker desse åra.

Kjekt av di det blir moro å jobbe saman med kollegaene i Levanger med dei biblioteka er til for: Folk. Brukarar. Publikum. Kundar. Borgarar. Dei som vi aldri eigentleg har klart å finne eit felles namn på, men som er sjølve grunnlaget for at biblioteka finst. Vi skal ikkje verne og ta vare på litteratur og kunnskap, vi skal spreie dei. Knut Skansen har leia Deichman bibliotek med ein tanke om at bibliotek ikkje er for bøker, men for folk. Det er ein veldig god tanke. Vi kan utvide han med at vi vil ha folk inn i biblioteket og litteraturen ut til folket!

Dette er òg siste nummer av Bok & bibliotek med eigne NBF-sider. Bladet er eit uavhengig tidsskrift om bibliotek, og vi synst det er ryddig at heile bladet er redaktørstyrt. Så når du les stoff frå/om Norsk Bibliotekforening i framtida, skal du vita at det er etter ei uavhengig redaktørvurdering. Du vil framleis få bladet som ein del av medlemskapen din i Norsk Bibliotekforening.

Vi sest på landsmøtet og Bibliotekmøtet i Haugesund!

Vidar Lund
Leiar av Norsk Bibliotekforening

Powered by Labrador CMS