Utgave: 4/2023

Thorvald Boecks bibliotek

Thorvald Boeck (1831–1901, etternamnet skal uttalast ´bok´) var jusekspert og forfattar og i si tid kjend for å ha det største private biblioteket i Noreg. I 1899 selde han meir enn 31 000 bøker til Vitenskapsselskapet i Trondheim. Kan henda viser Harriet Backer sitt val av motiv hennar eiga begeistring for bøker.

Bibliotekrommet slik Harriet Backer skildrar det, er prega av gyllen, varm, raud og brun koloritt. Dei varme tonane blir fint balanserte av blå og grå innslag blant bokryggar og møblar. Som i så mange andre av interiøra hennar let ho også her lyset koma inn i rommet via eit vindauge på sideveggen. Det lyse taket reflekterer fargespelet i bokryggane. Der menneske manglar, har møblar og Thorvald Boeck si samling teke deira plass.

Biletet er å sjå på Nasjonalmuseet for kunst i Oslo fram til 14. januar 2024, som ein del av utstillinga Harriet Backer. Hvert atom er farge. Utstillinga presenterer Backer sitt liv, hennar kunstnariske utvikling og posisjon i samfunnet gjennom ei tid der kvinner sine rettar endra seg radikalt.

Powered by Labrador CMS