Utgave: 3/2023

Skolbibdagen 24. oktober – noko for deg?

Skolbibdagen 2023 er ein digital fagdag på svensk for alle som jobbar med bibliotek, lesing og kjeldekritikk i skulen.

Den går føre seg på internett 24. oktober, men alle som betalar konferanseavgifta på 1500 SEK, har tilgang til innhaldet i 45 dagar, fortel Sofia Malmberg i BTJ (Bibliotekstjänst).

– Erfaringa vår er at ein får størst effekt når skulebibliotekarar, lærarar og rektorar ser saman, difor kan alle på heile skulen delta utan ekstra kostnad.

Praktiske døme
Tema i år er «Skolebibliotek i praksis».
– Vi pratar med bibliotekarar, rektorar, forskarar og andre om lesing, kjeldekritikk og skulebibliotek. Eg er programleiar og har ved mi side to fagekspertar, leseguruen Ann-Marie Körling og kjeldekritikkeksperten Emma Frans, seier Malmberg, som sjølv har vore skulebibliotekar og skrive fleire bøker om emnet.
I løpet av dagen lovar ho mange døme på korleis skulebiblioteket kan brukast for å auka elevane si måloppnåing. Til dagen høyrer også diskusjonsmateriell som tek utgangspunkt i kvar samtale.

Norsk deltaking aukar
Dagen er ei årleg hending, og Malmberg fortel om etatar, regionar, kommunar og skular som kjem tilbake år etter år.
– Gledeleg nok ser vi at interessa også veks blant norske skulebibliotekarar. I år er det så langt ikkje mindre enn tre norske fylkeskommunar som har bestemt at alle deira skulebibliotekarar skal delta, seier ho og understrekar at innhaldet er relevant også for norske tilhøve.

Påmelding skjer via btj.se.

Bok & bibliotek

Powered by Labrador CMS