Utgave: 1/2020

Skjermbiblioteka

Mens ungdom les mindre og mindre, tek skulane i større og større grad fram skjermar i timane. Fleire bibliotek følger på, men biblioteka må ivareta rolla som ein stad som tilbyr papirbøker, lange tekstar og ro. Det er det som er utrydningstrua, meiner leseforskar.

Bibliotek

Nettbretta har gjort sitt inntog i undervisninga heilt frå fyrste klassen på skulane. På biblioteka kan ein låne fleire og fleire digitale verktøy, og den litt støvete PC-en i hjørnet har fått selskap av brett og skjermar i fleng. Men biblioteka må også hegne om rolla som heim for trykte bøker og djup lesing, meiner professor ved Lesesenteret, Anne Mangen. Ho forskar på kva effektar skjermbruk har på lesinga vår.

– Det som er av forsking viser at leseforståinga er dårlegare på skjerm enn på papir, spesielt for lengre tekstar der ein må scrolle eller bla, seier Mangen.

Likevel kjem det fleire og fleire skjermar inn i undervisninga til barn og unge, samstundes som dei les mindre og mindre på papir. Mangen oppfordrar til å gjere ein innsats for å bevare papirboklesinga, i staden for å kaste seg på all ny teknologi som kjem på marknaden.

– Dei digitale verktøya er sjølvsagt kome for å bli, det er ikkje snakk om å vende ryggen til den. Men papirboka blir meir og meir marginalisert, og sidan me veit at lesing på papir har mange fordelar, trengs ein større innsats for å behalde den. Den fysiske boka har ein verdi og eigenskaper som den digitale teknologien ikkje gir oss i dag, seier ho.

Mister konsentrasjonen

– Djuplesing, det å lese i full konsentrasjon over tid, er ein utdøyande aktivitet. Biblioteket har ei nesten unik rolle som tilbydar av det i dag, fortel Mangen.

Det viser også intervjuet med ungdom på Årstad Videregående Skole i denne utgåva av Bok og bibliotek. I prosjektet der alle som går fyrste året skal lese ein halvtime kvar dag, på papir, utan telefonen i nærleiken, seier dei det er vanskeleg å konsentrere seg. Når ein er vane med å ha all verdas scrolling, nye Snapchat-meldingar, vloggar og lenker å trykke seg vidare vidare vidare gjennom, er det kanskje forståeleg.

For hjernen er lat, konsentrasjon krev arbeid. Med så mange tilbod om underhaldning på same tid, vert tida ein klarar følge med på eit av dei minimal. Evna til å konsentrere seg over tid har gått nedover for dei fleste av oss. Lenge trudde ein at papirboka kom til å døy heilt ut, og den tradisjonelle biblioteksdrifta bli overflødig, men det har ikkje skjedd. E-bokrevolusjonen let vente på seg, og biblioteksutlånet går opp.

For det er i den fysiske boka ein forstår det ein les best, og gjennom den lesinga at ein utviklar betre kognitivt tålmod. Mangen fortel at unge studentar i overveldande grad føretrekk å lese på papir, særleg når det kjem til lengre tekstar.

Men også biblioteka tilbyr stadig nye digitale verktøy, frå nettbrett i skranka til det nye Hublet-systemet, der ein kan låne nettbrett frå ein automat og bruke den i biblioteket. Det er også eit system som hos nokre av biblioteka har blitt sett i barneavdelinga.

– Det er viktig å vete at alle teknologiar, både papirboka og dei digitale, har sine svakheiter. Ein bør ikkje – slik som det har blitt vanleg å gjere – handle ut av ei frykt for å virke gammaldags. Det er så mange argument og handlingsval som verkar motivert av eit ynskje om å verke framoverlent, seier Mangen.

Populære nettbrett

Forsking. Anne Mangen, og fleire forskarar med ho, meiner utdanningsinstitusjonane må vente på forskinga før dei tek store avgjerder om undervisningsmetodar.
Forsking. Anne Mangen, og fleire forskarar med ho, meiner utdanningsinstitusjonane må vente på forskinga før dei tek store avgjerder om undervisningsmetodar.

Ein av biblioteka som tilbyr nettbrett til mange er Drammenbiblioteket. Dei var tidlig ute med løysinga Hublet, nettbrett ein låner med lånekortet og kan bruke i biblioteket. Ein av stasjonane med brett står i barneavdelinga.

– Det er veldig populært, særlig blant born, seier biblioteksutviklar ved biblioteket, Solvor Snoen Hoel.

Ho seier bretta blir mykje brukt til surfing på nettet, YouTube og spel blant unge. Dei vaksne brukar det til å lese nyheiter og e-bøker. Men Hoel trur ikkje tilgangen til nettbretta utkonkurrerer papirboka.

– Dei som har interesse for bøker, låner dei uansett. Men det er jo lesing ein gjer på nettbrettet også, seier ho.

Med nettbretta kan biblioteket frigjere noko av plassen som store PC-ar har teke til no, og Hoel er ikkje i tvil om at biblioteket må tilby verktøy som nettbrett.

– Samfunnet blir meir og meir digitalt, og me må følge med. Om ikkje har me ikkje sjans. Biblioteket er ikkje berre bøker lenger, seier ho.

Kjenner ikkje konsekvensane

For empirien på kva skjermlesing gjer med hjernen vår er framleis ikkje veldig stor. Mangen, og fleire forskarar med ho, meiner utdanningsinstitusjonane må vente på forskinga før dei tek store avgjerder om undervisningsmetodar. Me veit enda ikkje kva konsekvensar den svekka evna til å mobilisere kognitivt tålmod – å konsentrere seg over tid – får.

Mangen meiner at det i arbeidet med å snu den negative lesetrenden blant unge, er viktig å sjå papirboka som eit læreverktøy på same linje som nettbrett, lesebrett eller andre digitale verktøy, og ikkje sjå seg blind på nye tingestar å tilby publikum.

Ikkje på brett

På biblioteket i Trondheim har dei ikkje lesebrett til utlån. Nokre nettbrett er tilgjengelege i katalogen, men dei verkar ikkje for tida. Bibliotekar på avdelinga for barn og unge, Trine Myhr, seier dei heller ikkje har planar om å få det. Ho trur boktrendane også er påverka av ei lågare evne blant borna til å konsentrere seg over tid.

– Det er veldig mykje biletbøker, og ein tenker at det må vere bilete. Det var ei mor her som fortalte om korleis ho koste seg med bøkene til Anne-Cath Vestly sine bøker som åtteåring, men ikkje trudde sin eigen niåring kunne lest Guro-serien no, fortel Myhr.

Ifølge Bokhandlerforeningen står biletbøker for 29 prosent av alle utgitte bøker for barn og ungdom, og er klart den største kategorien av bøker for gruppa.

– Det er mykje lettleste morobøker. Eg har alltid sagt at så lenge borna les, så skal eg ikkje blande meg. Men eg byrjar å lure på om me snart må ta grep og snu det, seier Myhr.

Ho meiner digitale leseverktøy kjem inn uansett, og på så mange stader, at biblioteket ikkje må vere arena for det også.

– Det er jo noko fint med å fordjupe seg i ei tjukk bok og å måtte skape bileta i hovudet sjølv, utan meir stimuli enn det, seier Myhr.

Positiv testplass

Open arena. Biblioteket er ein open arena og ein flott stad å verte kjent med ny teknologi på, sier Martin Kristoffer Bråthen.
Open arena. Biblioteket er ein open arena og ein flott stad å verte kjent med ny teknologi på, sier Martin Kristoffer Bråthen.

– Bibliotekarane har kritisk sans, og biblioteka kan vere ein stad ein får moglegheit til å bli kjent med digitale verktøy på ein god måte, meiner Martin Kristoffer Bråthen.

Som innovasjonssjef i Biblioteksentralen er noko av jobben hans å selje digitale verktøy til biblioteka, som tidlegare nemnde Hublet. Han peiker på biblioteket si rolle som uformell læringsarena som ein som positiv stad å bli introdusert for dei digitale læredingsane.

– Biblioteket er ein open arena og ein flott stad å verte kjent med ny teknologi på. Det er det mange eksempel på, til dømes der det fungerer som ein læringsarena for eldre, seier han.

Ei rekke bibliotek har kurs i bruk av nettet og dei verktøya som trengs for å bruke det. Men på spørsmål om korleis biblioteka ser ut om 10 år, syns han det er vanskeleg å spå.

– Biblioteket som institusjon har vist seg seigliva og omstillingsdyktige, og motbeviser kritikarane gong på gong. Eg trur rolla som ein offentleg fysisk møteplass er enormt viktig uansett korleis ein les, seier han.

Blir ikkje utkonkurrert

På Drammensbiblioteket meiner biblioteksutviklar Solvor Snoen Hoel at papirboka står seg godt i konkurransen frå det digitale, og det er framleis papirbøker som er mest lånt ut. Ei kombinasjon av dei to, har vist seg å vere ein suksess, fortel Hoel.

– Sommerles er kjempepopulært, me har nesten tomme hyller om sommaren, og det er papirboka som blir mest lest også då.

Sommerles er ein konkurranse om å lese mest mogleg i sommarmånadane. Ein registrerer bøkene på nettet og samlar poeng som kan gjerast om til fysiske premiar og digitale trofé.

Hoel ser ikkje teikn til at papirboka blir vekke, men ser at det slett ikkje er alle born som vil la seg freiste.

– Dei som les, dei les. Det er veldig vanskeleg å få inn dei som ikkje er interesserte, seier ho.

Powered by Labrador CMS