Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Sjeleglad for auken i revidert nasjonalbudsjett

Nasjonalbiblioteket sitt budsjett for 2023 blir styrkt med ti millionar om Stortinget vedtek forslaget til revidert nasjonalbudsjett som blei lagt fram 11. mai.

Publisert Sist oppdatert

Nasjonalbiblioteket (NB) får over ni millionar direkte, og ti millionar om ein tek med Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB), som blir ein del av NB frå 1. juli.

I budsjettet for 2023 fekk NB ein kostnadsauke som tilsvarar omtrent tjueto millionar i kutt. Bok & bibliotek har tidelgare skrive om planen som er sett i verk for å gjennomføra desse kutta. Med auken i revidert nasjonalbudsjett er situasjonen kraftig betra, fortel nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Ikkje så ille stilte

– Vi tek desse kutta over to til tre år og har iverksett ein kriseplan for to år. Vi låg an til eit overforbruk på 12 millionar for 2023. No ser det ut til at vi får cirka 10 millionar meir i revidert nasjonalbudsjett, og det er vi sjeleglade for, seier han.

Dermed vil revideringa først få effekt på Nasjonalbiblioteket sine tenester i 2024, bortsett frå eit noko forbetra handlingsrom ved akutt ressursmangel.

– Dette betyr at vi ikkje er så ille stilte ved eventuelle akutte situasjonar i år.

Avgjerande for stabiliteten

Nasjonalbibliotekaren er også tilfreds med signala som er gjevne om at framtidige KPI-justeringar vil følgja tettare på den faktiske prisveksten. Dette er avgjerande for stabiliteten og langtidsplanlegginga til Nasjonalbiblioteket, seier han.

– Har de rokke å ta stilling til kva for sparetiltak de først vil reversera?

– Dette kan eg ikkje seia noko om. Det blir ein del av budsjettprosessen for 2024. Vi kan heller ikkje forhalda oss til det reviderte budsjettet for i år før det er vedteke i Stortinget. I budsjettsamanheng handlar vi på Stortinget sine vedtak. Sjølv om me no har fått ein auke, vil vi trenga innsparingar gjennom 2024 for å koma i balanse i 2025/2026.

Frå få til færre tilsette

– De har valt å skjerma alle tilsette, all innsparing de har signalisert, blir gjord gjennom å setta prosessar på pause og kutta i tenester. Er dette ei opplagd prioritering?

– Det er ikkje sant. Vi har unngått oppseiingar, men hovudgrepet for å kutta kostnader skjer gjennom å ikkje erstatta stillingar ved naturleg avgang. Tenestene er leverte av menneske. Alt heng saman med årsverk.

­ – Så kutt i tenestene vil ikkje føra til ledig kapasitet i organisasjonen?

– Nei, tvert om. Vårt hovudproblem er mangel på arbeidskraft og at vi må kutta i lønsbudsjettet. Men vi har klart å unngå å seia opp folk, seier Myhre.

Forhandlingar om Nettbiblioteket

Prosessen knytt til bokhylleavtalen vil ikkje påverkast av revideringa av budsjettet.

– Det er teke initiativ frå rettshavarane til forhandlingar for å undersøkje moglegheita for ei utviding av avtalen og ei ny forhandling av vilkåra, fortel Myhre.

Dei varsla kutta i bokhylleavtalen vil ikkje under nokon omstende koma før i 2024.

Powered by Labrador CMS