Russland ute av IFLA

Den russiske bibliotekforeininga er ikkje lenger medlem av IFLA. Dei er blitt automatisk utestengt etter ikkje å ha betalt medlemskontingent. Det fortalde den ukrainske bibliotekforeininga på Facebook-sida si i går.

Avklaring: Slik startar brevet der Leslie Weir fortel den ukrainske bibliotekforeinga at Russland ikkje lenger er medlem i IFLA.
Publisert Sist oppdatert

For halvanna veke sidan melde Bok & bibliotek om ein underskriftskampanje stila til den internasjonale bibliotekføderasjonen IFLA, der den ukrainske bibliotekforeininga bad om at den russiske bibliotekforeininga (RBA) måtte stengast ute.

Denne veka mottok den ukrainske bibliotekforeininga eit offisielt brev frå IFLA der president Leslie Weir uttrykker solidaritet med bibliotekarane i Ukraina og informerer om at Den russiske bibliotekforeininga og russiske bibliotek sjølve har avslutta medlemskapet sitt i IFLA.

– Unnlet å betala kontingenten

«Vi gratulerer det internasjonale bibliotekfellesskapet med å halde oppe dei høge etiske standardane i yrket vårt og med å verna integriteten i den internasjonale arenaen for bibliotek­samarbeid!» skriv den ukrainske foreininga på Facebook i innlegget som er signert presidentskapen.

På si eiga Facebook-side skriv president Oksana Brui om kampen dei i Ukraina har ført heilt frå starten av Russland sin pågåande invasjon: «Sidan 2022 har Den ukrainske bibliotekforeininga arbeidd systematisk for dette. I fjor utestengde IFLA det russiske nasjonalbiblioteket frå medlemskap, men bibliotekforeininga og biblioteket for utanlandsk litteratur fekk bli verande.»

Rask endring: 1. oktober skreiv vi om oppropet og underskriftskampanjen frå Ukraina om utestenging av Russland frå IFLA. No har dei fått svar: Russland er ute etter ikkje å ha betalt kontingenten sin.

Brui held fram med å forklara at RBA sitt medlemskap blei automatisk avslutta fordi foreininga unnlet å betala medlemsavgifta, noko Weir forklarte i brevet 8. oktober.

I ein kommentar under den ukrainske bibliotekforeininga sin Facebook-post undrar innskrivaren Kateryna Chu på om russarane slutta å betala på eige initiativ, eller om dette er ei «løysing» der IFLA slepp å setta i verk ein eksklusjonsprosess.

«Dette er foreløpig ikkje kjent,» svarar Oksana Brui.

Ber om orsaking for opprop

Den ukrainske foreininga held fram med å beklaga at dei på si side feilinformerte i oppropet 30. september.

«Vi ber oppriktig om orsaking for tida og arbeidet IFLA-styret måtte bruke på å gjennomgå dette oppropet,» skriv dei.

Vidare takkar dei alle som har støtta dei gjentekne oppmodingane frå den ukrainske bibliotekforeininga til IFLA om utestenging av russarane. Desse har bidrege til «å verna dei etiske grunnverdiane i yrket vårt. Utan dykkar prinsipielle haldning ville dagens resultat ikkje vore mogleg!» skriv dei.

I det personlege innlegget sitt kallar Oksana Brui det ein stor siger for heile bibliotekmiljøet og dreg særleg fram støtta frå kollegar i dei baltiske og skandinaviske landa.

– Ikkje ein nøytral aktør

Kommunikasjonsansvarleg for biblioteket ved Universitetet i Tromsø, Terje Håkstad, var truleg først ute med å dela nyheita her heime, på eiga Facebook-side 13:30 i går. «Den russiske bibliotekforeningen er ikke en uavhengig aktør: som andre offentlige, russiske instanser er de en forlenget arm av Putins krigsmaskineri og bidrar til propaganda, desinformasjon og støtte til militære aksjoner,» skriv han.

Håkstad er også oppteken av at det internasjonale bibliotekmiljøet må finna måtar å gje vidare støtte til den russiske opposisjonen.

«Det finnes nok fortsatt bibliotekarer i Russland som ønsker å verne om ytringsfrihet, kunnskapstilgang og demokrati under svært vanskelige forhold. Disse folkene må vi støtte, om mulig, uten at dette gir legitimitet til institusjoner som fungerer som forlengede armer for krig og propaganda.»

Etter det Bok & bibliotek forstår har Russland framleis minst tre representantar i IFLA-seksjonar og komitear. Bok & bibliotek møtte og intervjua to av dei under WLIC 2025 i august – Albina Krymskaya, som fekk attval som leier Education and Training Section, og Viktor Mutev, som er sekretær for News Media Section – og spurte dei mellom anna om Ukraina sin utestengingskampanje og ytringsfridomen i heimlandet deira. 

Powered by Labrador CMS