
Bok & bibliotek på WLIC 2025
– Etter grunnlova er desse områda ein integrert del av den russiske føderasjonen
Albina Krymskaja og Viktor Mutev utdannar framtidige bibliotekarar i St. Petersburg og har tillitsverv i IFLA. Då Bok & bibliotek møter dei under WLIC i Kasakhstan forsvarar dei at den russiske bibliotekforeininga innlemar ukrainske bibliotek på okkuperte område.
På verdskongressen til IFLA, WLIC 2025 i Astana, Kazakhstan, møter vi Albina Krymskaya og Viktor Mutev. Begge er førsteamanuensar ved St. Petersburg statlege kulturuniversitet sitt Institutt for bibliotek- og informasjonsvitskap. Krymskaya er dessutan visedekan same stad.
Begge har verv i IFLA. Albina Krymskaya har nett fått attval som leiar for Education and Training Section, medan Mutev er sekretær for News Media Section. Han leier også eit IFLA-prosjekt som skal undersøka news literacy, eller nyhendekompetanse – altså folk si evner til å finna, vurdera, tolka og bruka nyheitsinformasjon på ein kritisk og medviten måte, skilja mellom truverdige kjelder og feilinformasjon, forstå kva haldningar eller interesser som kan liggja bak ei sak, og reflektera over korleis vi blir påverka av nyheitene.
Apropos nyheiter: Den 30. april publiserte den russiske bibliotekforeininga på heimesida si at vedtak var gjort om å ta opp nye medlemmar: bibliotek i byane Jakymivka, Melitopol, Vedmezhe, Mariupol, Novoazovsk, Khartsyzk og Dovzjansk. Desse byane ligg i Ukraina, på område som Russland okkuperer.
Ifølge svenske Biblioteksbladet finst det fleire døme på at den russiske bibliotekforeininga støttar Russland sin angrepskrig på Ukraina, mellom anna dokumentert i ei ni sider lang fråsegn som den ukrainske bibliotekforeininga sende til IFLA i oktober i fjor. Det russiske nasjonalbiblioteket, der direktøren òg er leiar for den russiske bibliotekforeininga, har inngått avtale med ein militær organisasjon som deltek i fullskala invasjonen av Ukraina. Biblioteket har arrangert tilstellingar der inntektene vart donerte til denne krigføringa. Nestleiaren i foreininga har også uttalt seg om «ukrainske fascistar» og sett i gang ein kampanje som propagerer for Russlands krig, skriv Biblioteksbladet.
Den ukrainske bibliotekforeininga har oppmoda styret i IFLA om å utestenga den russiske foreininga. I byrjinga av mai kom svaret frå dåverande IFLA-leiar Vicki McDonald. IFLA-styret hadde undersøkt saka, men medlemskapet til den russiske bibliotekforeininga står ved lag.
– Eg blir opprørt
Då vi spør Viktor Mutev kva han syns om Ukraina sitt krav om å utestenga Russland frå IFLA, svarar han at den første reaksjonen er emosjonell.
– Eg blir opprørt over det, som menneske. Som profesjonell og som representant for det russiske bibliotek- og forskingsmiljøet vil eg seia at vi ønskjer å vera og bør vera ein del av IFLA-aktivitetane no og i framtida. Vi ønskjer å vere del av eit fagleg fellesskap, og vi er klare til å diskutere faglege spørsmål om bibliotekutdanning, bibliotektenester, bibliotekhistorie, bokhistorie, katalogisering, klassifikasjon og så vidare.
Det er alltid betre å ha kommunikasjon enn å ikkje ha det, understrekar Mutev. Tverrkulturell kommunikasjon er vegen til likskap og utvikling av det globale bibliotekmiljøet, og det kan ikkje skje utan at alle er med.
– Russland representerer ein stor del av bibliotekverda. Vi har minst 45 000 bibliotek av alle slag: folkebibliotek, akademiske bibliotek, universitetsbibliotek, skulebibliotek osv. Vi har over 50 bibliotek- og informasjonsvitskaplege utdanningar. Vi har noko å dele om praksisen vår. Vi har òg mange nasjonar, religiøse minoritetar og språklege minoritetar i Russland. Våre erfaringar kan vere nyttige for verdsfellesskapet.
Han dreg også fram Russland sine mange internasjonale kontaktar.
– Det er sterke band mellom den russiske bibliotekforeininga og dei i Kina, Kasakhstan, Kviterussland, Usbekistan, India og Asia elles. Vi har noko å dela, og noko å læra, seier Viktor Mutev.
Politisk ustabilitet
– Problemet er at politiske spørsmål blir blanda inn i den profesjonelle agendaen. Etter mi meining er det betre å ikkje gå inn i politiske debattar når vi snakkar om faglege aktivitetar og forsking. Politikken endrar seg heile tida, og veldig raskt. Mange område i verda er politisk ustabile. Viss vi skal ekskludera nokon kvar gong ei konflikt oppstår, får vi ei snever og ikkje global foreining som berre inkluderer dei som høyrer til «klubben». Men IFLA er ikkje ein klubb, det er ein kommunikasjonsarena.
Viktor Mutev og Albina Krymskaya stadfestar at institusjonen dei jobbar ved er medlem i den russiske bibliotekforeininga, som denne våren tok inn sju nye bibliotek frå dei okkuperte områda i Ukraina som medlemar.
– Korleis ser de på dette? Er ikkje det ei politisk handling?
– Nei, det er ikkje ein politisk handling. Det er i samsvar med moderne russisk lovverk, seier Mutev.
– Den russiske bibliotekforeininga måtte gjera det, for etter den nye versjonen av grunnlova er desse områda ein integrert del av den russiske føderasjonen. Det er ikkje politikk, men ei handling i tråd med dei lovene vi har i Russland.
Den nye grunnlova som Viktor Mutev viser til blei vedteken 30. september 2022. Då Russland unilateralt erklærte dei okkuperte ukrainske område Donbas, Kherson og Zaporizjzja som russisk territorium. Ifølgje ein artikkel frå BBC 17. august i år har minst 1,5 millionar ukrainarar flykta frå Donbas sidan den russiske aggresjonen tok til i 2014. Over tre millionar er rekna å leva under russisk okkupasjon, medan 300 000 bur i delane av desse regionane der dei ukrainske styrkane framleis held stand.
Vestlege sanksjonar
Albina Krymskaya er samd med kollegaen om at det ikkje er bra å dra ein politisk krise inn i kulturen.
– Bibliotek burde vere heva over slike ting. Når den politiske situasjonen betrar seg, må vi bygga opp att relasjonane våre på eitt eller anna vis. Kulturinstitusjonane kan bidra til dette på måtar politikken ikkje kan. Eg fortel studentane mine at IFLA hevdar det ikkje skal vere restriksjonar på tilgang til informasjon. Samstundes nektar mange vitskaplege forlag, IFLA-partnarar og nasjonale foreiningar enkelte land tilgang til forskingsinformasjon og læringsinformasjon. Så på den eine sida står IFLA for lik tilgang til informasjon, på den andre sida blir det sett grenser. Det er merkeleg, særleg sett opp mot berekraftsmåla, der tilgang til informasjon står sentralt.
På dette punktet i intervjuet snakkar vi forbi kvarande. Som følge av språkbarrierar og mitt naive skandinavisk perspektiv, høyrer eg no Krymskaya kritisera informasjonstilgangen internt i Russland. Men oppfølgingssprøsmålet mitt viser at eg har misforstått. Det ho siktar til er tilgangsrestriksjonar vestlege land har lagt på russarane som reaksjon på invasjonen av Ukraina.
– Opplever du restriksjonar på informasjon du kan gje eller vidareformidla i jobben din i Russland?
– Ja. Til dømes har vi ikkje tilgang til enkelte vitskaplege tidsskrift. Vi får heller ikkje tilgang til BaseCamp.
– Ja, BaseCamp! stemmer Mutev i, tydeleg engasjert over at det populære verktøyet for prosjektstyring ikkje lenger er tilgjengeleg i heimlandet.
– Vi kan ikkje bruka BaseCamp grunna restriksjonar frå amerikanske styresmakter. Slike avgrensingar gjer ikkje samarbeidet enklare.
Aktive i IFLA
– Møter de fiendskap her på konferansen fordi de kjem frå Russland?
– Nei, ikkje i det heile. Alle er vennlege, seier Alina Krymskaya.
– Etter krisa i februar 2022 var eg leiar for IFLA sin Education and Training Section. Komiteen min kunne ha sagt at dei ikkje ville jobba med meg, men i 2023 vart eg gjenvalt som leiar. Det viser at folk er komfortable med å samarbeida med meg. I dag har fleire òg sagt at dei håpar den politiske krisa tek slutt, slik at vi kan jobba som før.
Albina Krymskaya blei vald til divisjonsleiar også for neste periode, fortel Viktor Mutev. Sjølv blei han gjenvalt som sekretær for News Media Section.
– Eg håpar det viser at faglege kvalitetar og akademisk diskusjon framleis står over alle moglege politiske spenningar. Når vi snakkar om utfordringar innan bibliotek- og informasjonsvitskap, mediekommunikasjon og bokforsking, er vi i eit samarbeidsmodus. Som Albina sa: Kultur- og biblioteksektoren handlar ikkje berre om å bygga framtida, som det står på veggen her bak oss, men om å bygga bruer.
Skeiv tematikk på biblioteka
– Vi har høyrt at LHBTQ-miljø i Russland blir forfølgde og ikkje har mykje fridom. Er det mogleg for dykk å ha bøker med slik tematikk, eller arrangement i biblioteka?
Viktor Mutev svarar at han ikkje er så godt inne i dette temaet. Men at påstanden min om forfølging i Russland, er ei misforståing.
– Det finst ei lov som seier at vi ikkje kan arrangere offentlege møte for å fremja desse ideane, særleg for elevar og studentar. Men dei er ikkje utsette for forfølging i Russland. Når det gjeld arrangement, så har vi mange som handlar om likskap generelt. Dette kan også romme LHBTQ-spørsmål, men vi ser på det som del av eit større likskapsarbeid for alle underrepresenterte grupper. Det handlar ikkje berre om LHBTQ+. Til dømes finst det mange nasjonale minoritetar. Dei er òg underrepresenterte. Og det er ikkje noko god løysing etter vårt syn å dela opp alle underrepresenterte grupper i eigne spesialprogram. Vi må heller tenka på korleis ein kan løysa likskapsproblema generelt for alle sosiale grupper. Men eg er ikkje ekspert på bøker eller program om dette, så eg kan ikkje seia sikkert.
Fri presse
– Meiner du, som førsteamanuensis på feltet, at Russland har fri presse i dag? spør vi Viktor Mutev.
Albina Krymskaya tek ordet før kollegaen:
– Eg vil stille deg eit motspørsmål: Finst det noko land som har ei fri presse?
– I Norge har vi fri presse, ja. Eg kan spørja om kva som helst og skriva kva som helst, så lenge eg ikkje bryt lova.
– Imot lova, ja ...
– Det er det same i Russland, seier Mutev. – Vi må halda oss til lova.
– Men kva skjer om de skriv noko som er imot lova?
Krymskaya grip igjen journalistrolla:
– Korleis er det i ditt land?
– Om eg skriv noko ulovleg, mistar eg jobben.
– Det er det same i alle land. Du spurde om LHBT? Det finst land med sine tradisjonar, og vi har våre. Når vi kjem til landet dykkar, respekterer vi tradisjonane og kulturen dykkar. Vi meiner at vi bør få same respekt tilbake.
Mutev refererer ein samtale han hadde kvelden før med kollegar frå eit amerikansk universitet.
– Dei sa – ikkje eg – at det finst mange IFLA-medlemar, både institusjonar og enkeltpersonar, i land der pressefridom, LHBTQ+-rettar og politiske spenningar er mykje verre enn i Russland. Dei er fullverdige medlemmar, og ingen krev at dei skal kastast ut. Så kvifor blir dette spørsmålet reist berre om Russland? Fordi det er lett å peika på Russland.
WLIC i Dubai
– Hugsar de i fjor då Dubai blei foreslått som vertskap for WLIC og vestlege land protesterte? spør Krymskaya. – Eg meiner dei har same rett til å arrangera.
– Ja, men det som vippa situasjonen då var vel at styresmaktene sa ein kunne ha program om mangfald og kjønnsidentitet, men at det ikkje kunne skrivast eksplisitt i programmet.
– Eg meiner vestlege land rett og slett fornærma dei austlege landa i denne saka. Då dei protesterte og sa: ´Å, nei!´, byrja å samla underskrifter og brev om at vi ikkje kunne ha WLIC der. Eg synest ikkje det er bra. Om du ikkje er samd med landet, om du ikkje vil følgja tradisjonane deira, så lat vera å reisa dit. Men la dei i det minste få møtast, for dei har ikkje så mange profesjonelle arrangement i landa sine. Og det er òg viktig for dei å få møtast og utveksla idear og fagkunnskap, seier Albina Krymskaya.
– Eg meiner Kasakhstan er ein god stad for samarbeid mellom aust og vest, supplerer Viktor Mutev. – Her er mange arabiske og asiatiske land representerte, i tillegg til delegatar frå Russland, Europa og Nord-Amerika. Eg trur vi treng å finna slike stadar som kan vera møteplassar for vanskeleg kommunikasjon i den ustabile verdssituasjonen vi har no.