Utgave: 3/2023

Oslo betre enn Noreg?

I sommar kom folkebibliotekstatistikken for 2022. Seint, og med ufullstendige data på grunn av systemleverandørproblem, men likevel: det kom nokre tal. Dei kan tyde på at biblioteka hentar seg inn etter besøkssvikten under koronaen. Heilt til ein tek vekk Oslo frå statistikken. Der kategorien «Landet utan Oslo» tidlegare viste betre bibliotekresultat enn «Landet», er det no motsett. Det gjeld både ressursbruk og resultat. I tillegg til å ha bygd landets flottaste folkebibliotek satsar Oslo på lokalbiblioteka, og dei satsar på merkevara.

Lesing er kome på dagsorden igjen. Diverre er bakgrunnen at både ungar, ungdomar og vaksne les mindre og kortare enn før. Dette er noko som mellom anna Norsk Bibliotekforening har åtvara om tidlegare, men dei statlege tiltaka som er sette i verk har vore få og kortvarige. Eg trur at det viktigaste ein kan gjera for lesing er å gjera bøkene tilgjengelege der lesarane er. Lesing og bøker må fremmast gjennom dei kanalane der folk brukar tida si. Tiltaka vi vel må vera langsiktige.

Då held det ikkje at biblioteka opererer med minst to og ofte tre appar for å søkje etter eller lesa bøker, og i tillegg Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek som reserveløysing for gamle bøker. Vi behandlar både samlingane og brukarane dårleg på den måten. Ein god lesekultur må ha grunnlag i tilgang til bøkene. «Biblioteket» er ei utruleg sterk merkevare. Vi har mange gode samlingar og arenaer som skal vera tilgjengelege for folk. Då er det viktig at vi ikkje skuslar bort den merkevara ved å gøyme tenestene hos ulike leverandørar. Vi må eige tilboda våre sjølve.

Dømet frå Oslo og fleire av storbyane viser at folk vil ha bibliotek. Det viser òg at folk krev oppdaterte tenester der dei bur. På mange måtar er lokalbiblioteka i Oslo viktigare eksempel enn Bjørvika.

Vidar Lund

Leiar av Norsk Bibliotekforening

Powered by Labrador CMS