Statsbudsjettet 2026

Vil ha norsk versjon av «Stärkta bibliotek»

Helene Voldner i Norsk bibliotekforening ber regjeringa om å setta i gang eit statleg løft for biblioteka etter svensk modell. – Vi kjem til å arbeida med dette inn mot statsbudsjettet for 2026, men også videre framover, seier ho til Bok & bibliotek.

Vitamininnsprøyting: For nokre år sidan styrkte svenskane folkebiblioteka med rundt 600 millionar kroner over fire år. No vil Norsk bibliotekforening at vi skal gjera det same her til lands.
Publisert Sist oppdatert

Mellom 2018 og 2023 brukte Sverige 150 millionar svenske kroner årleg på ordninga Stärkta bibliotek. Målet var å løfta folkebiblioteka i heile landet, både gjennom auka ressursar, utvikling av tenester og betre samarbeid mellom stat, region og kommune. No meiner leiar i Norsk bibliotekforening (NB), Helene Voldner, at Noreg treng noko tilsvarande.

«Et av de viktigste verktøyene vi har er noe så tørt som en velfungerende infrastruktur. At institusjonene, mekanismene, kunnskapen og tannhjulene som allerede finnes får mulighet til å gjøre det de kan best. [...] Folkebibliotekene er infrastruktur på sitt vakreste,» skriv Voldner i ein kronikk i Agenda Magasin.

Ho foreslår at den nye regjeringa frå og med budsjettåret 2026 gjer som svenskane gjorde og set av 150 millionar kroner årleg til ei nasjonal biblioteksatsing.

– Vi inviterer til ein dugnad for å få løfta biblioteka opp på eit nivå der ein har sjanse til å gjera meir enn å berre overleva, seier Voldner når Bok & bibliotek kontaktar henne for å grava litt djupare i kva NB ser for seg.

Gode resultat i Sverige

Stärkta bibliotek-midlane gjekk mellom anna til utvida opningstider, styrking av lese- og digitaliseringsarbeidet og utvikling av biblioteka som inkluderande møteplassar.

Trass i at pandemien skjedde midt i prosjektperioden, har fleire evalueringar vist ei rekke positive effektar. Nye tenester kom til, mange tilsette fekk kompetanseheving, det blei mellom anna utvikla betre tenester for digital inkludering, og sektoren lukkast i å nå fleire – i sær born, unge og personar med innvandrarbakgrunn.

Etterlyser perspektiv: – Alle er einige om at det står dårleg til, men det er få løysingsforslag. Vi håpar vi kan setta i gang ein debatt med dette forslaget, seier leiar Helene Voldner i Norsk bibliotekforening.

Også fleire regionale evalueringar stadfestar positive resultat. Rapporten Stärkta bibliotek i Gävleborgs län – vad en satsning på folkbiblioteken har för effekt, nytta och värde konkluderer med at ordninga styrkte både biblioteka sin kapasitet og deira rolle i lokalsamfunna. I Göteborg viser rapporten Läsfrämjande i praktiken at satsinga bidrog til auke leseengasjement, og nye samarbeidsformer mellom bibliotek, skular og frivillige.

Samla sett blir Stärkta bibliotek vurdert som ei vellukka satsing som gav folkebiblioteka eit etterlengta løft, sjølv om mangelen på langsiktig finansiering og vidareføring blir trekt fram som ei svakheit.

Vi spør Voldner om ikkje dette forslaget er endå ei ordning med tilføring av usikre prosjektmidlar. Er det dette Bibliotek-Norge treng? 

– Dette er ikkje nye prosjektmidlar, men må heller sjåast på som ei krisehjelp, og ein måte for staten å gå inn utan at det går ut over av kommunal sjølvstyrerett. Det er eit gode at folkebiblioteka tilhøyrer kommunane, men med dagens økonomiske rammer i Kommune-Norge er det ikkje rom for en satsing. Dette er et forslag til korleis staten kan bidra, saman med fylkeskommunar og kommunar, og det er difor vi foreslår ein kortare tidsperiode, svarar Voldner.

Kutt i 40 prosent av kommunane

Norsk bibliotekforening sitt forslag er ein respons på at sektoren opplever stort press. Trass i rekordhøge tal på besøk, utlån og arrangement planlegg rundt 40 prosent av kommunane å kutta i bibliotektilbodet, skriv Voldner i innlegget sitt i Agenda Magasin.

Ho meiner dette er uttrykk for ein politikk som set sektorar opp mot kvarandre, i staden for å sjå samanhengen mellom kultur, utdanning og demokratiarbeid.

– I kva grad er dette forslaget frå dykk eit forsøk på å vera i forkant av motargumentet som alltid kjem frå staten om at folkebiblioteka er eit kommunalt ansvar?

– Det er ikkje sikkert at vi skal gjennomføra dette i Norge på akkurat same måte som det blei gjort i Sverige. Vi peikar til Sverige som inspirasjon, og for å visa at det går an å tenka nytt, utan at vi fell tilbake på det gjentakande argumentet om at folkebiblioteka er kommunane sitt ansvar, slik det også er i Sverige. Når vi jobbar dette vidare ut i samråd med politikarar og fagfelt vil vi koma fram til meir konkrete modellar og forslag.

– Korleis ser du for deg at denne ordninga skal skilja seg frå dagens prosjektmiddelordning som blir forvalta av Nasjonalbiblioteket (NB)?

– Denne ordninga må absolutt koma i tillegg til prosjektmidlane frå NB, og den må koma i tillegg til løyvingar frå kommunane. NB sine prosjektmidlar er tippemidlar som er underlagt retningslinjer og tidlegare har vore knytt til bibliotekstrategiane. Den nye ordninga vi foreslår vil få retningslinjer som sikrar at den går til nødvendige tiltak for å løfta biblioteka, og ikkje prosjekt som fell inn under NB sine ordningar eller andre prosjektbaserte tilskot. 

Etterlyser nytt kunnskapsgrunnlag

Den nasjonale bibliotekstrategien går ut i år. Kva som kjem etterpå, er uklart. I innlegget i Agenda Magasin ber Voldner regjeringa sikra eit solid kunnskapsgrunnlag og utarbeid ein oppdatert plan for framtida.

«Det finnes ingen helhetlige planer eller overordnede politiske dokumenter. Det er ikke sikkert at det er en ny strategi som er riktig, men det er definitivt på tide med et oppdatert kunnskapsgrunnlag,» skriv ho.

Til Bok & bibliotek seier Voldner at forslaget også er eit forsøk på å løfta behovet for friske midlar og få opp debatten rundt biblioteka i Norge. 

– Alle er einige om at det står dårleg til, men det er få løysingsforslag. Vi håpar vi kan setta i gang ein debatt med dette forslaget og få med feltet. Samtidig jobbar vi også for å få ei offentleg utgreiing om bibliotekpolitikk og auka kunnskapsgrunnlaget. Men sånt tek tid, og dette er eit kortsiktig tiltak. Vi treng tiltak på både kort og lang sikt. Og alt vil vera betre enn dagens situasjon.

Statsbudsjettet, og forbi

No jobbar Norsk bibliotekforening politisk med forslaget på fleire plan. Mange er opptekne av bibliotek, seier Voldner, og dei er interesserte i forslag til nye løysingar.

– Vi jobbar også med andre interesseorganisasjonar, og opplever gode tilbakemeldingar. Vi kjem til å arbeida med dette inn mot statsbudsjettet for 2026, men også videre framover, seier Helene Voldner, som avsluttar innlegget sitt i Agenda Magasin med to konkrete råd til politikarane:

«Bruk bibliotekene for det de er verdt. Gi dem rammer og verktøy som funker. Og skaff et ordentlig kunnskapsgrunnlag så vi kan klare å se litt lengre framover på det som er en av de viktigste og eldste institusjonene vi har.»

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS