Kulturrådet ville gje gratis bøker til 700 skulebibliotek, men berre 540 får. Kva skjedde?
Med statsbudsjettet for 2025 blei Kulturrådet si skulebibliotekordning utvida. Ifølge Kultur- og likestillingsdepartementet skulle heile 700 skulebibliotek no fritt få tilsendt kulturfondbøker, mot 380 i 2024. Men då utkastet til neste års statsbudsjett kom for eit par veker sidan, blei det stadfesta at berre 540 bibliotek er inne på ordninga.
Dette er framleis ein solid auke frå 380, men kva skjedde mellom 540 og 700?
Vi tek kontakt med Janicken von der Fehr, som er fagansvarleg for litteratur i Kulturdirektoratet. Ifølge henne er dette eit døme på kor vanskeleg det kan vera å berekna kostnadar på førehand.
– 700 var minstetalet på skular Kulturrådet sa dei ønskte å kunna inkludera i ordninga, seier ho og viser til rådet sitt budsjettinnspel for 2024, som dei vidareførte for 2025.
Summen Kulturrådet bad om, var berekna ut frå kostnadsnivået då budsjettinnspelet blei skrive, som var slutten av 2022, og venta prisvekst, forklarar von der Fehr.
– Så kom det midlar som tilsvara det Kulturrådet hadde bede om i sine budsjettinnspel – men også langt høgare kostnadar enn berekna, knytt til mellom anna innkjøp av fleire titlar.
Svært vellukka ordning
Kulturrådet si skulebibliotekordning har hatt tre utlysingar. Den første kom med forsøksordninga i 2019. Evalueringa viste at forsøket var svært vellukka. Nær 90 % av skulane som deltok meldte om stor auke i utlån og fleire elevar som lånte bøker. Elevane som allereie var bibliotekbrukarar, lånte fleire bøker enn før, og dei lånte eit større mangfald av bøker. Elevane brukte òg meir tid på å lesa, især på skulen, men også heime.
På bakgrunn av dette blei ordninga vidareført på permanent basis frå 2023. Og på grunn av friske midlar over statsbudsjettet og spelemidlar kom det altså ei ny utlysing i 2025 der skular kunne søka om å få plass på ordninga.
Pluss og pluss = minus
Sidan vi er på skulefeltet: Det går nesten an å seia at dette er ein situasjon der pluss og pluss blir minus, eller i alle fall mindre pluss enn venta. Saka er nemleg den at også innkjøpsordningane fekk ein del ekstra midlar i år. Dermed blei det kjøpt inn fleire titlar til skulebiblioteka enn i 2023, med tilsvarande auke i kostnadane per skule, forklarer Janicken von der Fehr.
– I tillegg hadde Kulturrådet i mellomtida inkludert omsett litteratur for born og unge på ordninga.
Dette var eit av forbetringspunkta som blei nemnt i evalueringa av forsøksordninga i 2022. På den eine sida ein siger og grunn for skulebiblioteka til å ropa hurra – på den andre sida ein kostnadsauke per skulebibliotek som gjorde at færre skular enn ønskt fekk plass på ordninga.
Når ein tek med at også kostnadene til frakt og distribusjon hadde gått opp, endar vi der i vi er i dag; sjølv om Kulturrådet fekk dei midlane dei bad om i budsjettinnspelet for 2025, var ikkje det lenger nok til å dekka kostnadene til 700 skular. No heldt det berre til 540.
Ordninga har auka mykje sidan det første forsøksåret 2020. Då fekk kvart skulebibliotek 150 titlar. I 2024 var talet oppe i 178. Ifølge von der Fehr er 2025-tala endå ikkje klare, men ho ventar ein større auke i talet på titlar, både på grunn av spelemidlar som blei tilført med leselyststrategien, og fordi omsett litteratur for born og unge kom med på ordninga i år.
Eit bevegeleg økonomisk mål
– Kor langt unna fullfinansiering er ordninga i dag, om ein gongar det reelle behovet med det faktiske kostnadsnivået?
– Litt over 1200 unike grunnskular har søkt i løpet av dei tre utlysingane. Og til alle utlysingane har ein svært stor andel av søkarane vore kvalifisert til plass på ordninga, svarar von der Fehr.
Om vi tenker «fullfinansiert» som at ordninga skal kunne inkludera alle kvalifiserte søkarar, er den langt frå å vera det.
Ordninga er øyremerkt grunnskular. For å kvalifisera til å få plass må ein mellom anna forplikta seg til ein plan for å formidla bøkene aktivt i dei tre åra ein er inne under ordninga. Det er mogleg å søka på nytt etter tre år.
Von der Fehr understrekar at «fullfinansiering» ikkje er eit godt omgrep å bruka om ei ordning der kostnadane vil variera frå år til år – avhengig av kor mange og kva for titlar som blir kjøpt inn over dei fem innkjøpsordningane med bøker for born og unge.
– I tillegg kjem årleg prisvekst og andre faktorar. Viktigare er spørsmålet om kva ordninga bør vera eller omfatta i framtida samanlikna med i dag. Ein kan relativt enkelt rekna ut kostnaden per skule ved å dela budsjettet for ordninga på talet på deltakande skular. Om vi tenker «fullfinansiert» som at ordninga skal kunne inkludera alle kvalifiserte søkarar, er den langt frå å vera det, påpeiker von der Fehr.
– Talet på kvalifiserte skular er antakeleg også høgare enn det vi har oversikt over per i dag, konkluderer ho.
Halvfinansiert?
Den gjeldande perioden for ordninga går ut 2026 . Dei 540 skolene som deltek på ordninga no, skal få tilsendt alle dei relevante titlane som blir kjøpt inn for utgjevingsåra 2025 og 2026 – så sant Stortinget vedtek budsjettet og det blir gjeve spelemidlar til kulturformål også i 2026. Ifølge Janicken von der Fehr er det venta at ei utlysing for perioden 2027-2029 kjem andre halvår 2026.
I 2025 har ordninga ei ramme på 23,6 millionar kroner. 23,6 millionar kroner delt på 540 skular er lik 43 704 kroner per skule. Om 1200 skular skulle fått det same som dei 540 får i år, ville det kosta minst 53 millionar kroner.
Ifølge Utdanningsdirektoratet er det 2692 grunnskular i Norge. Om alle desse hadde eit godt nok skulebibliotektilbod til å kvalifisera til innkjøpsordninga – og den skulle fullfinansierast (med den mest omfattande forståinga av omgrepet) – ville prislappen i år blitt 118 millionar.