Sosiale medium og podkastar viktig for boksalet
Sophie Elise sende Maja Lunde til topps
Nokre innlegg på Instagram og ein video på Snapchat var nok til å senda Maja Lunde si over eitt år gamle bok Skjerm barna rett til topps på bestseljarlista. Forlaget Kagge meiner heile salsboomen skuldast éin person: Sophie Elise Isachsen.
– Vi fekk sjokk og trudde det var ein feil, seier forlagssjef Tuva Ørbeck Sørheim til VG.
Boka hadde hatt moderate salstal sidan lanseringa, men etter at Isachsen delte ei emosjonell anbefaling i sosiale medium, forsvann pocketutgåva som blei lansert i august på få dagar. Forlaget er no utselt og ventar på nytt opplag, med over 1000 reservasjonar rundt i bokhandlane.
Dette skuldast eine og åleine Sophie Elise, seier Sørheim.
Mange følgarar gir større innkjøp
Caroline H. Heitmann, marknads- og informasjonsdirektør i Norli, seier til Samtiden at påverknaden frå sosiale medium berre aukar. Dersom forfattaren har kontoar som får mykje merksemd, kan det ha stor innverknad på salet, seier ho.
Bokhandlarkjedene vurderer no kor synlege forfattarane er digitalt når dei avgjer kor mange eksemplar som skal kjøpast inn.
– Dette er vesentleg informasjon når vi skal føreseie etterspurnad, seier Heitmann.
Sakprosaforfattarar med store følgarskarar – som Jørgine Vasstrand, Ida Gran-Jansen og Desirée Andersen – ligg heilt i toppen av salslistene til Norli.
TV, influensarar og podkastar
Ifølge Samtiden er ikkje lista over dei mest selde bøkene i oktober offentleggjort enno, men ser ein på lista frå september, blir det tydeleg at omtale har mykje å seia.
Øvst på lista ligg Grunnboka til Eyvind Hellstrøm, kokeboka som elevane i Kokkeskolen på TV 2 brukar når dei konkurrerer i matlaging. Nummer to på lista i september er Vagusnerven. Kroppens skjulte superkraft av Annette Løno og Torkil Færø. Linnéa Myhre er av dei som har snakka om vagusnerva i podkasten Lev vel. NRK-podkasten Ekko hadde også eit program om vagusnerva i fjor, som alt då var «overalt på SoMe».
Anette Dragland står bak podkasten Leger om livet. I mai gav ho ut boka Hele deg. Den blei nummer éin på boklista same månad etter omtale i fleire podkastar. Martin Bech Holte si bok Landet som ble for rikt fekk også kraftig løft etter å ha blitt diskutert i samfunnspodkastar.
Folk vil ofte lesa meir om emne dei lærer noko om gjennom podkastar, seier marknads- og informasjonsdirektør Caroline H. Heitmann til Samtiden.