Utgave: 2/2022

Ny bibliotekhistorie

Kultur, politikk og samfunn, 2021, ABM-Media
Kultur, politikk og samfunn, 2021, ABM-Media

Samla framstillingar over norsk bibliotekhistorie er sjeldsynt. Det meste som er skrive om temaet dreier seg om enkelte bibliotek, institusjonar og personar. Riksbibliotekar Gerhard Munthes (1919–1997) uavslutta, men tilgjengelege arbeid, Norsk bibliotekhistorie.Fra de eldste tider og fram til 1920har vore eit unntak. Bibliotekhistorie er også lite dekka i historiske oversiktsverk.

Førsteamanuensis emeritus Øivind Frisvold (f. 1948) ved OsloMet, som har lang fartstid heilt attende til Statens bibliotekhøgskule, har med boka Kunnskap er makt. Kultur, politikkog samfunnno bidratt med eit oppdatert og analytisk historisk oversyn fram til vår samtid på dette samansette og mangfaldige feltet. Historieskriving må nødvendigvis vera både val og prioriteringar. Det tar forfattaren sjølv høgde for i forordet:

Denne boken ble ikke så kort (og så ferdig) som bestilt. Fortsatt er det mange viktige tema og interessante personer som skulle vært med. Betrakt derfor denne utgaven som et «høringsutkast» som kan stimulere eventuelle lesere til å bidra med kommentarer og kritikk. Slik kan det sikkert komme en «ny og forbedret utgave», som det stod i gamle lærebøker.

Trass forfattarens atterhald er dette «høringsutkastet» eit kjærkome og solid bidrag til norsk kunnskaps- og kulturhistorie. Det norske bibliotekfeltet har tradisjonelt vore delt i to hovudfelt; folkebibliotek og faglege/ vitskaplege bibliotek. Frisvold gir mest plass til folkebiblioteka som det er flest av, men han har også har eit blikk på den samla heilskapen.

I innleiinga gir Frisvold eit kommentert oversyn over kva som finst av forskingsbasert norsk bibliotekhistorie. Han har sjølv vore ein solid bidragsytar på feltet, men mykje av hans arbeid har vore internt undervisingsmateriale som ikkje har vore allment tilgjengeleg. Den nye boka vert avslutta med ei omfattande litteraturliste. I tillegg er der også eit separat oversyn over sentrale offentlege dokument, Biblioteket – i politikk og styring,som utgreingar, lovforslag og innstillingar fra stortingskomitear m.m. frå 1839 til 2019. Det er såleis rikeleg med vegvisarar for dei vil gå vidare inn i dette underbelyste feltet.

Boka er ryddig disponert med sju kapittel etter forordet. Det første kapittelet med tittel Fra kunnskapsmonopol til opplysingstider eit panorama frå skrift- og bokkulturen kom til Noreg med kristendommen og autoriserte tekstar for religionsutøving og fram til opplysingstida med leseselskap, universitet og dei første offentlege biblioteka. Deretter er kapitla delte i kronologiske avgrensa bolkar knytte til kultur- og samfunnsutvikling, frå Bibliotek forallmue og bønder – 1790–1890 til Fra enfold tilmangfold? – Tiden etter 1975.Det siste er det største kapittelet i boka og det er ikkje utan grunn. Det er skrive lite om den nyaste bibliotekhistoria, samstundes som denne perioden er prega av store endringar på bibliotekfeltet. Boka vert runda av med det samanfattande kapittel sju Før og nå.

Det norske bibliotekfeltet har gjennom tida vore prega av sterke premissleggande personar i sentrale posisjonar. Mange av desse personane er også til stades i Frisvolds bok, der dei vert plasserte i sine bibliotekshistoriske samanhengar, gjerne presenterte i rammetekstar.

Av desse personane kan to som sette store spor framhevast: Haakon Nyhuus (1866–1913), som var leiar for Deichmanske bibliotek frå 1898 og fram til altfor tidlege død 47 år gamal. Nyhuus gjennomførte den såkalla bibliotekrevolusjonen på Deichman, der han omorganiserte biblioteket etter amerikansk mønster. Han hadde sjølv fleire års røynsle frå moderne bibliotek i Chicago. Nyhuus tok også initiativ for å etablera samspel mellom kyrkjedepartementet og bibliotekfeltet gjennom Bibliotekreformen av 1902. Denne reforma var grunnlag for nasjonale strukturar på folkebibliotekfeltet. Dette var strukturar som vart gradvis utvikla og stod ved lag til ut i perioden som er tema for Frisvolds sjette kapittel.

Arne Kildal (1885–1973) hadde bibliotekarutdanning og praksis frå USA. I 1910 vart han biblioteksjef i Bergen, og i 1956 takka han av som direktør i Statens bibliotektilsyn. Då hadde han bak seg ei omfattande karriere som kulturbyråkrat der han i ulike posisjonar hadde vore sentral i utforminga bibliotek- og folkeopplysingsarbeid. Kildal førte vidare det arbeidet Nyhuus hadde starta.

Kunnskap er makt har eit rikt og variert biletmateriale som gir eit fint samspel mellom tekst og illustrasjonar.

Powered by Labrador CMS