Utgave: 3/2023

Notiser

Bibliotektransport-sjåførane får kanskje litt færre bøker å køyra rundt på framover.

Nye retningsliner for fjernlån

Hovudpunkta i dei reviderte retningslinene er:

  • Materiale som finst i eigne samlingar, skal som hovudregel ikkje bestillast på fjernlån.

  • Materiale som blir levert gjennom kulturfondsordninga, skal som hovudregel ikkje bestillast på fjernlån.

  • Materiale som framleis er tilgjengeleg for sal, bør alltid vurderast for innkjøp.

  • Materiale som finst digitalt tilgjengeleg, bør alltid vurderast i staden for fjernlån.

– Ved å etterfylgje desse, meiner vi at vi får bort mykje av dei større utfordringar i dagens ordning, seier direktør for bibliotekutvikling i Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand til Biblitoekutvikling.no.

Lat oss seie at du er stygg ...

... At du er pukkelrygga, skjeløygd, ser elendig og fæl ut, aldri vaskar deg, og snøftar og slafsar. Du ser ut som ein trell eller boms. Men viss teksten er god, ser eg ikkje det. Platon ville sjå den som snakka, om det var ein aristokrat eller ikkje, for trellen avslørte seg i alle fakter. Dermed kunne det verke som skrifta demokratiserte, fordi den universaliserte kommunikasjonen. Men du finn også det motsette synspunktet, hos Lévi-Strauss. Han meiner at skrift alltid går saman med klassedeling. Dess meir skrift det er i samfunnet, dess meir lagdelt blir samfunnet.

Georg Johannesen

i Bok & bibliotek 2/2006

Bibliotekarforbundet 30 år

Den 12. juni 1993 så Bibliotekarforbundet dagens lys. Allerede etter to uker hadde forbundet fått over 500 medlemmer. I dag er de et av 14 Unio-forbund og fortsatt det viktigste forbundet for bibliotekarer, med mer enn 1600 medlemmer. «Vi jobber for å sikre gode lønns-og arbeidsvilkår, for høy kvalitet i utdanningen og utøvelse av faget, og for å styrke våre medlemmers rolle i arbeidslivet», skriver de selv på bibforb.no.

Bursdagen ble markert med en jubileumsutgave av medlemstidsskriftet Bibliotekaren.

Bok & bibliotek gratulerer!

New amigos på lulesamisk

New Amigos har truleg redda mang ein tidspressa bibliotekar frå pinleg tagnad på språkkafeen sidan den første utgåva av Språkspelet kom i 2002.

No sel Stormen samiske senter/Sáme guovdásj og Stormen bibliotek i Bodø ein nyutvikla lulesamisk variant «til den nette sum av kr 0,– », som dei skriv i marknadsføringa.

Dei foreslår det til utlån i bibliotek, til bruk for elevar som skal læra om dei samiske språka i norskfaget, eller om du har innbyggarar i kommunen med røter i Sábme.

Tinging gjer ein til elin.johanne.fostvedt@ stormen.no, som for eksempel kan senda det med bibliotektransport.

Produksjonen er finansiert av Sametinget og Nordland fylkeskommune.

Powered by Labrador CMS