Kyiv, Ukraina

Nasjonalbiblioteket skadd i bombardement

Natt til 24. mai blei fleire av bygningane til nasjonalbiblioteket i Kyiv råka under eit russisk rakettåtak. Vi har snakka med generaldirektør Oleh Serbin om skadane, åtaka på kulturen og biblioteket si rolle for ein nasjon i krig.

Publisert Sist oppdatert

Klokka tre om natta søndag 24. mai 2026, under eit av dei mest omfattande russiske åtaka mot Ukraina og Kyiv, blei bygningane til Jaroslav Mudryi nasjonalbibliotek skadde.

Bli med på kronerullinga!

Klikk på lenka for å overføra pengar til det ukrainske nasjonalbiblioteket sin innsamlingsaksjon. 

Støtt reparasjonsarbeidet

Ei gåve på 200 norske kroner tilsvarar om lag 1000 ukrainske hryvnia. 

Hovudbygningen i Mykhailo Hrushevskyj-gata 1 er ein historisk bygning og eit verna arkitekturminne som ligg tett ved regjeringskvartalet i den ukrainske hovudstaden. Der øydela trykkbølga frå eksplosjonane fleire vindauge, taket, atriet, fasadeelement og gjerdet. Inne på lesesalane oppstod det sprekker i veggen, og lysekroner blei skadde.

Også biblioteket sin bygning i Borytsjiv Uzviz 13, eit anna verna kulturminne, fekk skadar: Der fann dei tilsette sprekker i veggane inne i det største bokmagasinet og seks knuste vindauge. I bygningen i Naberezjno-Khresjtsjatytska-gata 1 blei fleire vindauge øydelagde.

– Heldigvis blei ingen av dei tilsette skadde. Menneskeliv er det mest verdifulle, skriv generaldirektør ved biblioteket Oleh Serbin i ein e-post til Bok & bibliotek.

Samlinga gjekk klar

Oppryddingsarbeidet kom i gang dagen etter åtaket, og ei veke seinare opna dei dørene for publikum.

– Så lenge vêret held seg varmt, vil dei besøkande neppe merka større ulemper. Vi håpar at vi får montert nye vindauge og reparert taket før kulda set inn, seier Serbin.

Ved krigsutbrotet var dei store samlingane til det ukrainske nasjonalbiblioteket i all hovudsak ikkje digitaliserte, noko som sjølvsagt gjer det ekstra skummelt med slike åtak. I verste fall kan unike tekstar og verk gå heilt tapt. Men denne gongen gjekk det bra.

– Heldigvis blei ikkje samlinga vår skadd, seier Serbin.

Generaldirektør ved Jaroslav Mudryi-biblioteket Oleh Serbin.

Han fortel at ukrainsk lov fram til 2023 la strenge avgrensingar på kor mykje biblioteka fekk digitalisera av eigne samlingar. Berre sjeldne verk som var falne i det fri, blei digitaliserte. No kan biblioteket laga digitale kopiar av alt materiale i samlinga, og ved inngangen til 2026 var 17 720 dokument digitaliserte. Flaskehalsen er utstyr: biblioteket manglar det som skal til for å trappa opp arbeidet.

Til samanlikning har Nasjonalbiblioteket i Norge digitalisert 550 000 av dei rundt 700 000 bøkene som er komne ut på norsk gjennom historia, 2,3 millionar aviser og 64 000 tidsskrift.

Til åtak på kulturminne

Jaroslav Mudryi-biblioteket i Kyiv er det eldste offentlege biblioteket i Ukrina og eitt av ni nasjonalbibliotek. I Bok & bibliotek 2-2025, som var eit temanummer om følgene av den russiske fullskalainvasjonen for biblioteka i Ukraina, fortalde vi om eit tidlegare alvorleg åtak på Jaroslav Mudryi-biblioteket. I november 1943 sette tyske styrkar fyr på bygget og 300 000 bøker forsvann på ei natt – inkludert 7000 originalmanuskript. Samlinga blei bygd opp att etter krigen, og i 1957 fekk biblioteket status som statsbibliotek i sovjetrepublikken. I 1994 blei det nasjonalbibliotek i det sjølvstendige Ukrina.

Oleh Serbin er tydeleg i svaret sitt då vi spør om bibliotek og kulturarv er medvitne mål også for dagens russiske åtak: Internasjonale ekspertar, menneskerettsaktivistar og ukrainske institusjonar er samde om at dette er tilfellet, seier han.

– Øydelegginga av bibliotek og kulturarv blir sett på som ein integrert del av denne krigen.

I forsøk på å øydelegga ukrainarane sin nasjonale identitet går russiske styrkar gong på gong til åtak på viktige kulturminne.

Kostbart: Glastaket på Jaroslav Mudryi-biblioteket sin hovudbygning fekk store skadar av trykkbølgene frå rakettane.

Samstundes påpeikar Serbin at dei ferske skadane på Jaroslav Mudryi-biblioteket truleg kom som følge av at det ligg nært regjeringskvartalet, som kan ha vore eit av måla for åtaket.

– Kva trur du det betyr for eit samfunn å mista felles kunnskap og kulturarv?

– Det er kritisk. Eit slikt tap skapar eit brot i historisk kontinuitet, tap av kollektiv identitet og ei forringing av sosial hukommelse. Dette fører til splitting i samfunnet, mindre språkleg rikdom, tap av felles verdiar og større sårbarheit for manipulasjon. Utan ei felles fortid vil det vera vanskeleg for samfunnet å bygga ei felles framtid.

Nasjonalbiblioteket spelar ei nøkkelrolle i å ta vare på desse verdiane, meiner Serbin.

– Ein stad for utvikling

Etter meir enn fire år med russisk fullskalainvasjon er den økonomiske situasjonen og bemanninga ved biblioteket naturleg nok pressa.

– Vi har berre nok midlar til å dekka delar av lønningane og betala for straum, drift og tryggleik. Andre behov blir i avgrensa grad dekte gjennom betalte tenester, tilskot og gåver, seier Serbin, som understrekar at det er riktig av staten og samfunnet å retta merksemda mot å støtta dei væpna styrkane.

Kontor: Åtaket gjekk føre seg på natta og ingen av dei tilsette blei skadde.

Vi spør kva biblioteket betyr for innbyggarane i Kyiv i ein krigssituasjon, og Serbin svarar med å fortelja om vinterens straumbrot, då mange i Kyiv var utan lys og varme. Jaroslav Mudryi-biblioteket klarte å få straum nok frå generatoren til eit nabohotell til å varma opp eitt av romma i biblioteket. Det blei ein tilfluktsstad der folk kom for å varma seg og lada telefonane.

– Vi prøver å vera eit rom for ro og støtte – ein stad for utvikling, der ein kan finna styrke i vanskelege tider, seier Serbin.

Samtidig er dei ein nasjonal institusjon med eit nasjonalt ansvar. Biblioteket koordinerer arbeidet til alle dei offentlege biblioteka i Ukraina, samlar informasjon om tilstanden deira under den russiske aggresjonen, gjev råd og hjelper til med å løysa vanskelege situasjonar. Statusen gjer at biblioteket raskt kan melda frå til kulturdepartementet om problem i sektoren og påverka staten sin politikk.

Internasjonal støtte

Same dag som skadane blei kjende, sette biblioteket i gang ein innsamlingsaksjon. Men kontoen var i den nasjonale valutaen hryvnia, og kollegaer i andre land melde at dei ikkje fekk overført pengar dit. Difor opna Serbin to nye kontoar – éin i euro og éin i amerikanske dollar.

Etter førebelse overslag er kostnaden for reparasjon og restaurering minst fem millionar hryvnia, om lag 1,15 millionar norske kroner. Summen kan auka etter ein grundigare gjennomgang av bygningane frå spesialistar på kulturminnevern. Pengane skal først gå til dei mest kritiske reparasjonane: utskifting av skadde vindauge, istandsetting av taket og oppussing av lesesalane.

Hjelpa har alt begynt å koma. Dei første dagane fekk biblioteket verktøy og plast til å dekka vindauga frå eit ukrainsk kultursenter finansiert av den tyske staten. Det latviske bibliotekforbundet, Latvias nasjonalbibliotek og den europeiske paraplyorganisasjonen for bibliotek- og informasjonsfaglege foreiningar EBLIDA har delt informasjon på sidene sine og blant medlemmene.

– Vi vil først og fremst takka alle for støtta, meldingane, telefonane og viljen til å hjelpa. Det er svært verdifullt i denne vanskelege tida, seier Serbin.

Skadde strukturar: Bygningane som blei råka er rekna som kulturarv.

Til dei norske lesarane av Bok & bibliotek har generaldirektøren ei tydeleg helsing:

– Norske bibliotek er eit framifrå døme på korleis institusjonar kan fungera som sosiale knutepunkt og vaktarar av demokratiet. Eg vil takka dei norske kollegaene mine for å skapa trygge miljø, digitalisera kunnskap og støtta folket vårt i desse vanskelege tidene, seier han.

Også økonomisk hjelp er kjærkomen (sjå eigen boks i starten av saka).

Kvar morgon vaknar byen til liv

– Norske medium melder at åtaka mot Kyiv har auka den siste tida. Korleis er det å leva der no?

– Folk i Kyiv har tilpassa seg auken i eldgjeving, og tryggleik har blitt den viktigaste prioriteringa. Russland held fram med å råka både kulturminne og bustadhus, seier Serbin.

– Bombardementa kjem vanlegvis om natta medan folk søv, og fører difor ofte til store tap av menneskeliv. Gjennom hausten og vinteren øydela russiske styrkar varmekraftverk, fyrhus og kraftstasjonar. Vi kom oss gjennom ein vinter med avbrot i oppvarminga og streng straumrasjonering, fortel Oleh Serbin.

Likevel held kulturlivet fram. Bibliotek, museum og teater driv vidare, og biblioteka arrangerer framleis arrangement. Stundom må dei ta pausar, og sjeldnare blir arrangement avlyste på grunn av flyalarm. Nokre institusjonar har fått på plass tilfluktsrom, slik at dei kan halda fram under alarm. Men der bygningen manglar tilfluktsrom, avbryt ein arrangementet og går til det næraste om det kjem luftåtak.

– Sjølvsagt påverkar langvarig stress og uvisse den psykiske helsa til innbyggarane, brukarane og dei tilsette, seier Serbin. – Men trass i alt vaknar byen til liv kvar morgon. Kafear opnar, vi går på jobb, foreldre følger borna i barnehagen, folk tilpassar seg, og livet går vidare. Ukraina kjempar for rettferd, for livet og for framtida.

Reparasjonsbehov: – Så lenge vêret held seg varmt, vil dei besøkjande neppe merka større ulemper. Vi håpar at vi får montert nye vindauge og reparert taket før kulda set inn, seier generaldirektør Oleh Serbin.

 

Powered by Labrador CMS