Dataåtaket på British Library
Nekta å betala 7,6 mill. i løysepengar. Har brukt 85 mill. og tre år på å få tenestene tilbake
Hugsar du det store dataåtaket på British Library hausten 2023? Først no i juli, nesten tre år seinare, var doktorgradstenesta EThOS tilbake. Åtaket har kosta mykje, både i tid, pengar og på det menneskelege planet.
Den 8. juli 2026 melde British Library at E-Theses Online Service (EThOS) igjen er tilgjengeleg, etter å ha vore nede sidan cyberåtaket mot biblioteket i oktober 2023. Så sårbare kan altså digitale bibliotektenester vera.
Kva er EThOS?
EThOS er den nasjonale, opne tilgangsplattforma for britiske doktoravhandlingar. Tenesta samlar metadata for over 650 000 avhandlingar frå britiske universitet heilt tilbake til 1700-talet, og har lenge vore eit viktig verktøy for forskarar over heile verda.
Det som gjer EThOS særleg nyttig, er lenkinga mot universiteta sine eigne arkiv. Nær 65 prosent av postane peikar vidare til fulltekstversjonar av avhandlingane. Den nye plattforma krev ikkje lenger innlogging, og alle funksjonar er opne for alle. Sidan tenesta gjekk ned, har det kome til 14 000 nye avhandlingar som no er lagt inn i den reetablerte databasen.
Prislappen
British Library har brukt om lag 40 prosent av eigne økonomiske reservar på gjenoppbygginga etter åtaket – mellom seks og sju millionar pund. Med dagens kurs på om lag 12,8 kroner per pund, blir det rundt 85 millionar norske kroner. Mykje er ikkje med i den summen, som tapte inntekter, forseinka utbetalingar (mellom anna til over 20 000 forfattarar, illustratørar og omsetjarar som normalt får utbetalt gjennom det britiske Public Lending Right-systemet), eller den ekstraordinære arbeidsbøra for dei tilsette.
Prislappen fortel likevel berre halve historia. To år etter angrepet skreiv The Independent om korleis tilsette – som på det tidspunktet også streika i ein lønnskonflikt – opplevde at forstyrringane framleis skapte kaos og stor auke i arbeidsmengd. Fleire tilsette fortalde at dei hadde vorte utsette for sjikane frå frustrerte lånarar som ikkje fekk tilgang til materiale dei trong. Enkelte måtta gjera store endringar i privatlivet etter at personopplysningane deira blei lekte på nettet. Folk som budde på hemmeleg adresse måtte flytta. Sjølv to år etter åtaket måtte tilsette registrera bestillingar manuelt i eit digitalt skjema, ein prosess som tok vesentleg lengre tid enn før angrepet.
Granskingsrapporten
British Library sin eigen granskingsrapport frå mars 2024 peikar på at biblioteket mangla fleirfaktorautentisering (MFA) på delar av infrastrukturen sin, mellom anna knytt til tredjepartsleverandørar som fekk fjerntilgang under koronapandemien. Biblioteket hadde òg mista si sikkerheitssertifisering «Cyber Essentials Plus» i 2022, utan å oppnå ny sertifisering før angrepet.
Rhysida kombinerte målretta filtjuveri frå økonomi- og HR-system, med søk etter nøkkelord som «passport» og «confidential» og kapring av interne verktøy for å ta reservekopiar av 22 databasar. Deretter øydela dei serverar for å hindre gjenoppretting og etterforsking.
– Ingen har nokon garanti
Saka er ei påminning om at digitale bibliotektenester er sårbare for åtak, og at gjenoppbygging etter eit alvorleg angrep kan bli ekstremt kostbart og tidkrevjande, sjølv for ein velfinansiert nasjonal institusjon med sterk fagleg kompetanse.
Norske bibliotek bygger i stadig større grad eigen digital infrastruktur i form av nasjonalt lånarregister, felles formidlingsløysing, metadatabrønn, biblioteksøk etc.
Seinast i juni i år blei det svenske e-boktilbodet Biblio utsett for eit dataangrep der drygt 8000 nye brukarkontoar blei oppretta og brukte til systematisk masseutlån – noko som tømde fleire kommunar sine kvotar for e-medium på nokre timar.
Etter åtaket på British Library i 2024, spurde vi norske biblioteksjefar, IKT-leiarar og systemleverandørar om datatryggleiken her til lands i saka «Et kappløp mot dem med onde hensikter».
Direktør for IKT ved Nasjonalbiblioteket Wilfred Østgulen var klar på at ingen kan kjenna seg trygge: «Ingen har noen garanti for ikke å oppleve noe lignende som British Library. Vi blir alle angrepet, hele tiden, så spørsmålet er mer om du er godt nok forberedt eller om du har ‘hull i gjerdet’.»
Bibliotek er ikkje nødvendigvis spesielt utsette mål, understreka Østgulen. Men IT-kriminelle leitar alltid etter sikkerheitshol.