Bøkenes endelykt
Over ein million bibliotekbøker blir brende kvart år
Må det vere sånn? Kan vi ikkje heller sende dei til den store tyske boksuppemaskina?
– Nei, sjå der! Sjå der!
Ei bok er på villspor. Ho strittar ut av ei diger, firkanta blokk med samanpressa papp – ein ball på fagspråket. Men no er ho avslørt av Frank Ødegård, seniorrådgjevar ved Franzefoss Gjenvinning AS.
– Ho skulle ikkje vore her, konstaterer han.
Den raude permen er så laus at Ødegård lett nappar han vekk. Innmaten får stå igjen.
– No skulle ho det.
Vi er på rundtur i Franzefoss sitt gjenvinningsanlegg på Haraldrud i Oslo. Her hamnar mellom anna bøkene frå Deichman Bjørvika ved livets slutt. Iført vernebriller, hjelm, vest og vernesko har vi vandra frå den eine avfallshaugen til den andre, og det er i pappavdelinga framandelementet dukkar opp: romanen Lege i ildlinjen av amerikanaren Frank G. Slaughter. Død, han òg.
Den som kvitta seg med boka, meinte nok å gjere det rette. Men personen var truleg ikkje bibliotekar, for folk i faget lærer fort at innbundne bøker ikkje har noko i papiravfallet å gjere – så lenge permen er på.
Trur få bøker får leve vidare
Vi er ved kjernen i det enkelte ser som eit stort miljøproblem for norske bibliotek. Kvart år går tonnevis av kasserte bibliotekbøker i restavfallet fordi permane ikkje kan gjenvinnast. Kor stort problemet er, skal vi straks rekne oss fram til, og vi skal også prøve å finne ut: Kunne det vore annleis?
Berit Skillingsaas Nygård leiar utvalet for berekraft i Norsk bibliotekforening og begynte å bekymre seg etter at biblioteksjefen i Trondheim, Jannicke Røgler, nemnde talet éin million.
– Eg forstod at kasting av bibliotekbøker er eit stort problem i Noreg. Nokre blir jo selde vidare, og ein del blir gjevne bort, men det meste som går ut av samlingane, blir kasta, seier ho.
– Kor mange blir brukte på nytt, om du skal tippe?
– Kanskje fem prosent? Ikkje meir iallfall.
Permen er problemet
Då Nygård kom inn i bibliotekbransjen i 2011, blei ho kjend med fleire samvitsfulle bibliotekarar som gjorde så godt dei kunne med å skilje perm frå papir.
– Men det er klart at det er krevjande. Den siste tida har biblioteka også fått færre tilsette. Dei har ikkje tid til å stå der og fjerne permane éin etter éin.
Pocketbøker er enkle og kan gå rett i papiravfall; limet blir nemleg skilt ut. Problemet er berre om bøkene har blitt beskytta av plast. Plast forlenger levetida, men samtidig gjer det gjenvinning vanskeleg.
Nygård har ein draum:
– Viss vi kunne få fjerna permane maskinelt, hadde det vore ei stor hjelp.
Avfall er business
Frank Ødegård ved Franzefoss Gjenvinning AS har aldri opplevd at bibliotek skil permar frå papiret før bøkene kjem til anlegget. Etter førti år i bransjen minnest han berre éin kunde som gjorde det.
– Det var eit lite firma. Dei hadde kanskje hundre bøker totalt, seier han.
Sjølv har han inga boksorteringsmaskin å by på. Han har faktisk ikkje tenkt tanken på akkurat det, for til Haraldrud kjem både videokassettar og gammal øl og utgåtte bukser. Bøkene er ein ørliten del av ein stor business.
Og avfall er business. Ødegård sin jobb er å kvitte seg med det avfallet som har kome inn, på trygt og lovleg vis. Må firmaet betale for å bli kvitt det, gjeld det å betale minst mogleg. Kan det derimot seljast – som papir – gjeld det å få høgast mogleg pris.
Jomfrueleg papir er mest verdifullt
Han inviterer på ein kaffi på kontoret sitt, eit staseleg gamalt reiarkontor i eit lite hus som dessverre skal rivast neste år, med all materialsorteringa det vil medføre.
Her inne oppbevarer han si vesle samling: ein leca-liknande klump som tidlegare var glas, ein gammal mobiltelefon, fire pennar av tre og ein utgått kaffikapsel – med meir. Han slenger over ein kvit klump, som minner om toalettpapir etter nokre rundar i vaskemaskina. Papirfiber, forklarer han.
– Papir er jo treverk. Små fibrar av treverk. Og fibrane kan brukast på nytt, rundt seks gonger. Kvar gong det blir brukt, blir kvaliteten forringa.
Toalettpapir er nedst på skalaen, det kan du trygt kaste i dass. Bøker? Noko heilt anna.
– Dei fleste fibrane i bøker kan gjenvinnast mange gonger. Vi har sendt mange pallar med pocketbøker til papirgjenvinning i Tyskland. Men trykksverta må dei vaske vekk. Kvitt, jomfrueleg papir er aller mest verdifullt.
Og svaret er … 1,1 millionar bøker!
Å finne ut kor mange norske bibliotekbøker som går i restavfallet kvart år, er nærmast umogleg. Ein av grunnane er at bibliotek har vidt forskjellig praksis.
Biblioteksjef Anne Kari Tinnesand i Klepp kommune tippar for eksempel at berre 10–20 prosent av bøkene som blir tekne ut av samlinga i eit vanleg år, blir til restavfall. Resten blir selde eller gjevne bort. Ho understrekar at ting kan vere annleis ved flytting eller omlegging.
Endeleg kan vi konkludere: Vel 850 000 bøker frå norske folkebibliotek gjekk i restavfallet i 2024. Legg vi til fag- og forskingsbiblioteka, passerer vi 1,1 million.
Berit Skillingsaas Nygård har på si side erfart at svært mange bøker blir kasta, trass gode intensjonar og tiltak.
Etter å ha konsultert både bibliotekarar, fagpersonar på Nasjonalbiblioteket og til og med kunstig intelligens legg vi til grunn at fem prosent av kasserte bøker går vidare til andre, og dessutan at 15 prosent av samlingane er pocketbøker – halvparten utan plast og dermed papiravfall.
Vi bruker Nasjonalbibliotekets statistikk til eit innfløkt reknestykke, får litt hjelp av husets statistikkekspert Erlend Ra og trekkjer frå bøkene som blir gjenvunne eller brukte på nytt.
Endeleg kan vi konkludere: Vel 850 000 bøker frå norske folkebibliotek gjekk i restavfallet i 2024. Legg vi til fag- og forskingsbiblioteka, passerer vi 1,1 million[1].
Kva betyr dette for miljøet?
Gjenvinning er seks gonger meir klimasmart
Kim Rainer Mattson, forskar ved CICERO Senter for klimaforskning, er ekspert på klima- og miljøutrekningar. Han matar gladeleg tala over inn i modellen sin ein fredag ettermiddag for å gjere det han kallar «ein enkel livsløpsanalyse». Måndag morgon kjem svaret: Viss vi hadde gjenvunne alt papiret i kasserte bibliotekbøker, kunne vi seksdobla nytten forbrenninga gir.
– Når vi forbrenn papir, snakkar vi ikkje om utslepp, men om nytte, forklarer han.
Utsleppa frå papirforbrenning blir nemleg rekna som nullutslepp, fordi det er naturens eige karbon som blir sleppt ut, ikkje fossile reservar. Nytten er fjernvarmen papiret kan gje.
Blir papiret derimot gjenvunne, er nytten at det kan erstatte ny papirproduksjon. Ein slik bruk av papiret er truleg altså rundt seks gonger meir effektivt, ifølgje Mattson.
– Mange av oss tenkjer ikkje over kor store ressursar det krev å lage papir. Å erstatte primærproduksjon er ofte langt meir gunstig enn forbrenning, seier han.
Skal alt bli pocketbøker?
Også Mattson må legge inn ei lang rekke føresetnader i sine kalkylar. Dei aller viktigaste handlar om kva det du produserer, erstattar: For eksempel legg han til grunn at papiret som blir gjenvunne, kan erstatte jomfrueleg papir og dermed dempe behovet for ny papirproduksjon.
– Kva tenkte du då du såg resultatet?
– Eg tenkte at her kunne ressursar blitt brukte på ein betre måte.
Sjølv er han glad i dramatiske løysingar, fortel han.
– Kanskje må vi berre slutte med innbundne bøker. Så får alt bli pocketbøker. Då kunne vi både gjenvunne bøkene og i tillegg spart oss for utsleppa frå forbrenning av permane. Dei er laga av eit blandingsmateriale som det er vanskeleg å finne informasjon om.
Han understrekar at forslaget er «litt ekstremt». Og at det også er mange omsyn å ta:
– Sjølv kjøper eg gjerne ei innbunden bok innimellom. Sidan det kostar ein del, les eg ho som regel. Billege pocketbøker står ofte ulesne.
Dessutan spelar levetida inn. Viss innbundne eller plastdekte bøker varer lenger, må ein rekne på kva som er best, poengterer han: å kutte ut innpakninga eller halde fram som før.
Hans neste forslag er det same som det Berit Skillingsaas Nygård hadde:
– Vi kunne jo tenkje oss at nokon lagar ei genial maskin som separerer perm frå bok. Det hadde vore ypparleg!
Roboten som sorterer døgnet rundt
Ei av stoltheitene til Franzefoss Gjenvinning AS er ein ny, gedigen robot – utan namn, men med stor arbeidsiver: Han sorterer avfall som ikkje er kjeldesortert. Vi er ute på anlegget igjen og klatrar opp trapp etter trapp for å inspisere han nærmare. No er haugane med avfall under oss, dei skrikande, svoltne måkane òg.
Høgdeskrekken kriblar i magen, men det skal meir stormfulle høgder til for å setje Frank Ødegård ut av spel.
– Denne jobbar mens vi søv, forklarer han.
Her er det både store, roterande armar, magnetisme og meir avanserte teknologiar i sving. Roboten kvernar avfallet for så å sortere det i ulike konteinarar: trevirke her, glasrestar der, plast der. Men han er fersk i gamet, og å skilje permen frå ei bok?
– Det er ikkje utenkjeleg at han kan klare det etter kvart, men i dag har han ikkje sjans. Problemet er at det ikkje er éin storleik på ei bok. Det er vanskeleg for han å kjenne dei att.
Ødegård veit ikkje kva roboten kosta totalt. Men dei nyaste delane kosta nokre titals millionar.
– Tenk om ein oppfinnar les denne saka og hiv i hop ei maskin som skil permar frå papir. Kva ville du betalt for det?
– Eg trur ikkje det ville passa inn her, seier Ødegård.
– Måtte ein hatt maskina i biblioteka, da?
– Ja, eller på eit eige mottak. Eller, det kunne jo også skjedd på pappavdelinga vår. Vi har ikkje plass akkurat no, men det kunne vore mogleg.
Det finst allereie ein teknologi
Ifølgje ryktet finst det allereie ein sorteringsteknologi – som forlaga nyttar seg av. Å finne ut av dette viste seg å vere eit lite gravearbeid. Den norske Forleggerforening sende oss vidare til forlaga. Forlaga sende oss vidare til Forlagssentralen.
Ronny Wiker, økonomidirektør i Forlagssentralen, kunne fortelje at ja, papiret i kasserte forlagsbøker blir gjenvunne til mellom anna avispapir, skrivepapir og hygienepapir, avhengig av fiberkvaliteten. Andre materiale, som plast og metall, blir skilde ut og gjenvunne, dei òg. Men alt skjer hos underleverandør.
Etter nokre e-postrundar til får vi meir teknisk informasjon:
Underleverandøren – uvisst kven og kvar – bruker ei såkalla massemaskin. Her blir bøkene blanda med vatn og rista hardt. Maskina sin rotor skaper turbulens, skjerekrefter og vasstrykk, noko som bryt papiret ned i individuelle fibrar, medan plast og metall blir verande intakt. Så separerer maskina dei ulike materiala frå kvarandre.
Papirfibrane blir reinsa og er klare for ny bruk.
Mjuke permar er ein internasjonal trend
Vi nærmar oss slutten – som kanskje er begynninga. For er det mogleg å tenkje seg at også kasserte bibliotekbøker får nytt liv? Og kven har eigentleg ansvaret?
Éi løysing er ombruk, som allereie skjer.
Ei anna løysing kunne vere å lage bokpermar av papp eller papir
– Dette er opp til bransjen; det er det vi kallar produsentansvar, seier Frank Ødegård.
Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Forleggerforeningen fortel at det no er ein internasjonal trend med fleire mjuke permar frå starten av.
– Det er ingenting formelt i vegen for mjuke permar. Men kultur og tradisjon gjer at vi i Noreg gjev ut innbundne bøker først. Dette handlar både om kva som er haldbart, og kva marknaden vil ha, seier han.
På spørsmål om det hadde vore mogleg med tjukkare permar av papirmateriale, viser han vidare til grafisk industri eller boktrykkeri. Vi lar det sporet ligge.
Spør seg om sentrifugen går rundt økonomisk
Kva så med massemaskina? Når papirfibrane i kasserte forlagsbøker får leve vidare, kunne ein tenkje seg at bibliotekbøkene fekk bli med på lasset?
– Dette må vi undersøkje nærmare, seier Berit Skillingsås Nygaard.
Kim Rainer Mattson skulle gjerne sett tala for kor effektiv maskina er.
– Papir er ei verdifull vare, og ein skulle tru det var økonomi i å gå over til ei slik sentrifugemaskin. Men sidan dette ikkje er skalert opp allereie, vil eg tru at det anten er for dyrt, eller at det er for billeg å kvitte seg med bøker i restavfallet, seier han.
– Kva råd vil du gje til bibliotekarar som kjenner bok-kastinga gnage på samvitet?
– Til dei vil eg seie at det kanskje ikkje er så mykje dei kan gjere åleine. Dette trur eg må løysast på sektornivå.
Sjølv den lærde kan tvile
Verneskoa går av. Det same gjer hjelmen, vernebrillene og vesten. Runden på Franzefoss sitt gjenvinningsanlegg er over, og Bok & biblioteks utsende veit meir om både avfall og papir enn då ho kom inn.
For eksempel: Det er lett å velje enklaste løysing, men det kan gå ut over dei du ikkje ser.
– Putt eit litiumbatteri i kverna her, smukk, så brenn det. Vi har ofte brannar. Derfor har vi eige brannvesen, seier Frank Ødegård.[2]
Sjølv trur han at han sorterer meir enn gjennomsnittet. Men også ein avfallsekspert må av og til tenkje seg om to gonger. Tidlegare gav han underteikna permen til Lege i ildlinjen som suvenir; no grip han tak i han.
– La meg sjå på den!
Han røskar og riv.
– Nei, det er jo papp!
– Å? Kanskje han eigentleg var på rett plass?
– Ja, den var eigentleg innafor, den altså.
– Men dette raude, da? Som du tidlegare sa var plast?
Meir røsking.
– Nei, det er ikkje innafor likevel. Det raude der vil dei ikkje ha. Ha, ha.
– Ok! Så då var det bra vi tok han?
– Ja. Det var veldig fint at du tok han med.
[1] Siste tilgjengelege statistikk om fag- og forskingsbibliotek er for 2022. Reknestykket legg også til grunn ei gjennomsnittsvekt på 500 gram per bok, og at permen veg rundt 100 gram. Totalvekt på alle bøkene blir då 569 tonn, av dette 455 tonn papir.
[2] Festleg fakta: Blir syndaren som kasta batteriet i restavfallet, spora opp, får vedkomande 10 000 kroner i gebyr.