Frå Biblioteksentralen si generalforsamling 2026
NBT-konkursen kosta Biblioteksentralen 167,6 millionar, minst
– Biblioteksentralen er svekt, men ikkje ute av balanse, sa dagleg leiar Terje Eid-Hviding då han presenterte konsernet sitt historisk dårlege årsresultat under generalforsamlinga 9. juni.
Konkursen i dotterselskapet Norsk Bibliotektransport AS (NBT) førte til at morselskapet Biblioteksentralen SA måtte skriva ned heile verdien av aksjeposten sin. Den var verdt 21,6 millionar kroner. I tillegg skulda NBT morselskapet tett oppunder 29 millionar kroner, pengar Biblioteksentralen no kan skyta ei kvit pil etter.
På toppen av dette har morselskapet sett av 117 millionar kroner til å dekka forventa forpliktingar knytte til kausjonar og garantiar overfor NBT sine kundar og leigetakarar.
Summerer ein opp desse tre kostnadane, har NBT-konkursen kosta 167,7 millionar kroner.
Tapet kan bli mykje større
Årets rekneskap for Biblioteksentralen gjev likevel ikkje det endelege svaret på kor mykje NBT-konkursen vil kosta morselskapet. I verste fall kan tapet bli nesten fire gongar større.
Avsetninga på 117 millionar kroner til å dekka garantiar er basert på estimat. I notane til rekneskapen kan vi lesa at det er «knyttet vesentlig usikkerhet til både oppgjørstidspunkt og endelig oppgjørsstørrelse. [...] Tidspunktet for og omfanget av krav som fremmes grunnet konkursen i Norsk Bibliotektransport AS er ikke endelig avklart. Oppgjørsstørrelsen avhenger i vesentlig grad av når og på hvilke betingelser nye leietakere overtar de lokaler og avtaler som var knyttet til Norsk Bibliotektransport AS».
I beste fall treffer estimatet godt, slik at dei 117 millionane som konsernet har halde av til å betala framtidige konkurskostnadar, er nok. I verste fall kan konsernet måtta løysa inn garantiar på opp til 487 millionar kroner i 2026, på toppen av dei 117 i 2025. Dette er lite sannsynleg, men kan ikkje utelukkast. I så fall kan NBT-konkursen få ein prislapp på opp til 604,6 millionar kroner.
Det endelege svaret på konsekvensane av NBT-konkusen får vi når Biblioteksentralen legg fram konsernrekneskapen for 2026 i mai neste år.
Konsernresultat: minus 191 mill.
Konsernresultatet før skattekostnad i 2025 blei minus 191 154 000 kroner. Morselskapet sitt resultat enda på 159 millionar før skatt. Det endå dårlegare konsernresultatet på 191 millionar skuldast i hovudsak nedgang i salsinntekter og nedskriving av verdien på aksjane Biblioteksentralen AS har i det danske selskapet Redia AS.
Kostnadar til «anna drift» auka med 101 prosent i 2025.
– Dette skuldast garantiavsetninga og ikkje minst nedskrivinga av fordringar som vi har måtta ta, sa Terje Eid-Hviding under presentasjonen sin på generalforsamlinga.
Altså NBT-konkursen.
– Forferdeleg dårleg
– Sjølv om kjerneverksemda går bra og konsernresultatet ville sett annleis ut utan NBT, så er det ikkje enkelt, og vi må jobba med å koma på rett side av denne balansen. Resultatutviklinga er forferdeleg dårleg, ein konsekvens er at eigenkapitalen er kraftig redusert, og at vi har kortsiktig gjeld som har auka betydeleg. Så det svekker den finansielle «robustheten». Men vi har musklar til å bera dette framover, forsikra Eid-Hviding.
Konsernet sin eigenkapitalandel gjekk frå 42,2 prosent i 2024 til 14,5 prosent i 2025. Gjeldsgraden gjekk frå 1,37 til 5,89. Likviditetsgraden gjekk frå 1,4 til 0,78, og eigenkapitalen blei redusert med 55 millionar, frå 153 til 98 millionar kroner. Normtala seier at eigenkapitalandelen bør vera 30 prosent eller høgare, gjeldsgraden ikkje større enn 2 og likviditetsgraden minst 1.
Ifølgje notane til rekneskapen har styret sett i verk kostnadssparande tiltak for å redusere driftsutgiftene, og det blir vurdert sal av eigedelar for å styrka likviditeten og den finansielle stillinga.
Framsteg og utfordringar
«2025 var et år med både fremskritt og utfordringer», slår styret fast i fråsegna si om året som gjekk. Det skjedde store og gode ting for konsernet, som at metadatabrønnen deira kom på plass og blei vald som nasjonal infrastruktur av Nasjonalbiblioteket. Formidlingsløysinga deira Libry Content er også teken i bruk av 40 kommunar no.
Mindre lystprega var innføringa av eit nytt system for styring av verksemda (ERP-system) i fjor sommar. Det skapte problem med bokleveransar til bibliotek over heile landet, lange etterslep og mykje ekstraarbeid, både for Biblioteksentralen sine tilsette og for alle der ute i biblioteka.
Biblioteksentralen si omsetning av bøker og medium enda på 103,3 millionar kroner i 2025, vel ti millionar under resultatet i 2024. Dei totale salsinntektene for 2025 enda på 159,5 millionar, rundt 15 millionar lågare enn i 2024.
– Vi ser noko nedgang i fleire segment, i bøker og medium og digitale tenester, men vi vurderer at det er innanfor dei svingingane som det er naturleg å sjå, sa Eid-Hviding til generalforsamlinga, der Bok & bibliotek var til stades som observatør.
– Det viser heldigvis at vi har gode og operative inntektsberande verksemder. No gjeld det framover å halda kostnadsnivået nede, og vi vil sjølvsagt jobba for å sikra betre marginar og større inntekter for Biblioteksentralen, sa leiaren.
ESA-saka
Juridisk rådgjevar Øyvind Dehli frå advokatfirmaet Thommesen orienterte generalforsamlinga om NBT-konkursen og den tilknytte ESA-saka.
Konkurrentar i logistikkbransjen har klaga Biblioteksentralen inn til EFTA sitt overvakingsorgan ESA med påstand om at ein skal ha gjeve NBT ulovleg statsstønad i form av lån, kapitalinnskot, konsernbidrag og garantiar under marknadsvilkår. Det er også stilt spørsmål ved om skattefritaket BS naut godt av til og med 2024, kunne innebera ulovleg statsstønad. Dette fritaket er avslutta etter at Biblioteksentralen sjølv tok initiativ til dette, som Bok & bibliotek har skrive om før.
Juristar frå Thommesen sendte svar på klagen 2. juni i år, fortalde Dehli.
– Det grunn til å tru at det ikkje kjem noko ut av klagemålet, men det er ikkje mogleg å seia noko om kor lang tid det vil ta å koma til ei avklaring, sa han til generalforsamlinga.
Då Kristoffer Birkedal frå Sandnes kommune tok ordet og spurde kor mykje det kan bli snakk om å tilbakebetala i samband med ESA-saka, kom det fram at eventuell ulovleg statsstønad til NBT skulle vore tilbakebetalt til Biblioteksentralen. Dette var også noko av det som gjorde det vanskeleg for NBT å få tredjepartsfinansiering og eventuelle interesserte kjøparar så lenge ESA-saka ikkje var avgjord. For om det hadde kome ein fellande dom i saka, ville dei nye eigarane blitt pålagde å betala tilbake pengar til Biblioteksentralen.
Det er no eit år sidan Biblioteksentralen blei meld til ESA for mogleg brot på konkurransereglane, men det er ikkje kome noka avklaring om det blir ei formell etterforsking frå ESA.
Ein muskel for sektoren
Innlandet fylkeskommune sin representant Johannes Christian Wahl Gran bad om ordet fleire gongar under generalforsamlinga.
– Eg synest dette med garantiane er svært alvorleg. Sjølv om det er noko som førekjem i andre selskap, så er det jo noko vi er særleg varsame med i offentleg sektor, sa han.
Biblioteksentralen har stilt garantiar også for andre verksemder i konsernet, mellom anna ein garanti på 145 millionar til BS Eiendom AB20 AS. Totalen for konsernet sine garantiar og kausjonserklæringar er 782,3 millionar kroner.
Gran stilte seg spørjande til om det å stilla garantiar for opp imot 800 millionar kroner i forskjellige selskap er i tråd med paragraf 2 i selskapet sine vedtekter, som seier at dei skal skapa økonomisk tryggleik for andelshavarane.
Leiar ved Sølvberget i Stavanger Anne Toril Stensberg tok ordet og sa ho har vore litt bekymra.
– Tala som no er lagde fram, viser alvoret i situasjonen, sa ho. – Heldigvis ser det ut til at det går føre seg ei satsing på kjerneverksemda.
Samstundes ytra ho uro for at Biblioteksentralen har fått svekt økonomi i ei tid med stort behov for omstilling i offentleg sektor.
– Sektoren hadde hatt bruk for ein finansiell muskel. Biblioteksentralen må følga med på omstillinga.
Ifølge Terje Eid Hviding har Biblioteksentralen ein god plan for å koma på trygg grunn.
– Det kjem til å handla om kjerneverksemda i stor grad. Kjernen er solid og trygg, sa han og minte om at føremålet til Biblioteksentralen ligg fast.
– Vi skal styrka tenester som støttar biblioteka. Framover kjem vi til å vera tydelege på retninga og vala som blir tekne.