Ny utlånsstatistikk for bøker i bibliotek
Meir kunnskap om lån
Unge i Hareid kommune lånte ingen serieromanar i veke 23. I Kvam Herad var kvar tiande utlånte bok på nynorsk same veka, og Edelmot at Victor Sotberg var mest utlånt i Finnmark. Innsiktene kjem frå splitter nye Bokbasen Statistikk.
Vi har fått ei ny nasjonal statistikkløysing for utlån i folkebibliotek. «Vi» her betyr heile det norske folket. For alle har tilgang til Bokbasen Statistikk. Det er berre å klikka seg inn på nettsida og gå amok i nedtrekksmenyane. Dei som leverer data inn i basen, altså norske folkebibliotek og forlag, kan logga seg inn få hakket meir informasjon.
Alle folkebibliotek som har gitt samtykke til å levere data, er inkluderte i statistikken. Allereie ved lanseringa fredag 12. juni dekte den kommunar som har 85 prosent av befolkninga.
Statistikken bygger på tal frå 340 kommunar og omfattar utlån av fysiske medium gjennom folkebiblioteka. Digitale utlån og tal frå skulebibliotek og universitets- og høgskulebiblioteka er altså ikkje med. Men alt dette står på ønskelista, fortalde prosjektleiar Kevin Gulliksen Berghagen frå Bokbasen under lanseringa som gjekk føres seg i lokala deira 12. juni. Bok & bibliotek følgde strøyminga av arrangementet.
Personvernet
Statistikken er bygd på informasjon om kva for ISBN som er lånt – altså på tittelnivå, ikkje eksemplarnivå – lånetidspunktet og alder og kjønn på lånaren. Veke 23 2026 er «år null». Historiske data vil bygga seg opp etter kvart.
– Vi får ingen personinfo utover det. Vi klarar ikkje å kopla saman at ein lånar har lånt både den og den boka. Det kan vi heller ikkje gjera av omsyn til personvernet, forklarte Berghagen.
– Men vi får alder og kjønn og kan gruppera på det og seia noko om korleis for eksempel ungdom les. Om biblioteket får vi biblioteknummeret, så vi kan plassere dei geografisk i Norge.
Systemet vil automatisk utelata informasjon om alder på lånarar frå kommunar med under 2000 innbyggarar. Dette er for å forsikra seg som at det ikkje skal gå an å identifisera utlån gjort til enkeltpersonar i ein liten kommune.
– Det står att nokre få bibliotek før biletet er heilt komplett, sa seksjonsleiar i Agder fylke Nina Stenbro under lanseringa.
Grunnen er for det meste at systema hos nokre kombinasjonsbibliotek er sett opp slik at ein ikkje klarar å skilja mellom skulebibliotekutlån og folkebibliotekutlån.
– Men dette er vi helt sikre på at kjem i hamn i løpet av seinsommeren eller hausten, lova Stenbro.
Utvikling av samling og formidling
Kva er det biblioteka får att? Det første ein får, er kunnskap, sa Nina Stenbro. Det blir mindre rom for synsing, og meir fakta.
– Kvart bibliotek har tilgang til sine eigne data. Men no får vi det enklare; vi får ei heilskapleg framstilling av utlån. Det blir enklare å jobba kunnskapsbasert og datadrive ute i biblioteka, og vi får eit godt grunnlag for å analysera utlån over tid. Dette kan igjen vera eit verktøy for å skapa meir treffsikre bibliotektenester, sa ho og drog fram ei rekke moglege bruksområde for den nye innsikta: samlingsutvikling, eksponering og utstilling i biblioteket, kampanjar og arrangement.
– Ein kan også enklare testa ut effekten av ulike formidlingstiltak over tid i det einskilde biblioteket. Kva er det folk er interesserte i? Når på døgnet? Når i veka? Når på året? Kva er det dei låner? Kven er det som gjer det? Kva målgrupper er det vi treffer? Og korleis kan vi nå dei endå betre med tilboda våre?
Ein meir attraktiv og enklare måte å henta ut statistikk på, kan òg auka engasjementet rundt bibliotek, litteratur og lesing lokalt, sa Stenbro.
– Kva bok var mest populær i Åseral denne sommaren? Det får vi svaret på i august. Og korleis skil det seg ut frå til dømes kva folk i Drammen låner? For journalistar, politikarar og folk flest kan dette gje nye inngangar til å forstå betre kva bibliotek er, og synleggjera den jobben som blir gjord.
Ulikskap blir meir synleg og kan vera eit godt utgangspunkt for diskusjonar rundt prioriteringar og ressursbruk for biblioteka ute i kommunane når dei skal i gang med budsjett.
– Den store nyhendeverdien til statistikken tenkjer eg nettopp er denne moglegheita til enkelt å kunna samanlikna, konkluderte Stenbro.
– Heilt avhengige av biblioteka
Bak initiativet står Nasjonalbiblioteket, Norsk bibliotekforening, fylkesbiblioteka, Forleggerforeningen og Vigmostad & Bjørke i tillegg til Bokbasen. Det er sett saman ei referansegruppe beståande av bibliotek, forfattarorganisasjonar og forlag som har gjeve innspel på utforminga av statistikkvisninga.
– Det at vi gjer dette saman, det kan på sitt aller beste gje auka forståing for kvarandre sine oppdrag og for dei ulike rollene som vi har i økosystemet rundt lesing, litteratur, boksal og bibliotek, sa Stenbro.
Forlagssjef i Vigmostad & Bjørke Elizabeth Sellevold takka biblioteka.
– Det har vore veldig interessant for oss å jobba saman med bibliotek på dette prosjektet. Vi har fått ei større forståing for kvarandre og kor viktig den felles jobben vi gjer for litteraturen er.
Forlaga får heilt ny innsikt no, sa ho.
– Vi veit jo kva som blir kjøpt, og vi veit også mykje om kva som blir strøyma. Men no får vi vita meir detaljar om kva som blir lånt. Bibliotek er ein veldig viktig kanal både for forlaga og for forfattarane. Biblioteka gjer ein fantastisk jobb med å formidla bøker og jobba inn mot born og ungdom. På nokre utgjevingsområde er det slik at biblioteka er den største kanalen. Då tenkjer eg kanskje spesielt på born og ungdom. Der er vi heilt avhengige av biblioteka og den jobben de gjer, sa Sellevold
Forleggarforeininga sin samfunns- og myndigheitskontakt Bjørgulv Vinje Borgundvaag kalla dette ein stor dag for Bibliotek-Noreg, Forlags-Noreg, Bok-Noreg og Lese-Noreg.