Sensur

USA: Lov senkar terskelen for å fengsla bibliotekarar og bokhandlarar

Ei lov i den amerikanske delstaten Arkansas, som gjer det straffbart for bibliotekarar og bokhandlarar å gjera «skadeleg» materiale tilgjengeleg for mindreårige, kan no bli sett i verk.

Utsett: Bibliotekarar og bokhandlarar i Arkansas risikerer opp til eitt år i fengsel om born kikkar i ei bok nokon meiner dei ikkje burde sjå (illusrtasjonsfoto).
Publisert Sist oppdatert

Ikkje før var lova, kjend som Act 372, signert i mars 2023, så blei den møtt med søksmål frå ei rekke bibliotek, bokhandlar og privatpersonar. Men etter meir enn tre år i rettssystemet, kom det sist veke ein dom som gjer at lova no etter alt å døma vil tre i kraft.

Kva lova inneber

Act 372 gjer det til ei kriminell handling å distribuera materiale som blir rekna som skadeleg for mindreårige. Det held at boka står i ei hylle, blir vist fram i ei utstilling eller anbefalt av tilsette.

Lova definerer ikkje kva som er å rekna som uanstendig eller upassande. Men kven som helst, også utanfor Arkansas, kan klaga på innhald dei meiner er omfatta av lova. Innklaga bøker skal då opp til offentleg høyring for å avgjera om dei får bli i hyllene.

Bryt bibliotekarar eller bokhandlarar lova, kan dei straffast med inntil eitt års fengsel.

Kelly Jensen skriv på bookriot.com (eit slags amerikansk svar på Bok365) at lover som denne avslører dei hole orda til boksensurerarar som dei siste seks åra har snakka om berre å villa «kuratera trygge skulebibliotek».

«Dette er eit omfattande oppgjer med all litteratur som ikkje passar inn i eit bestemt, smalt verdissyn – og med alle som gjer denne litteraturen tilgjengeleg. Lova i Arkansas er ein mal for andre sensurivrige lovgjevarar landet over. Trass i fleire år med forsøk på å hindra framlegg om å kriminalisera bibliotekarar i ulike delstatar, vil denne avgjerda føra til fleire slike framlegg – no med eit rettsleg fripass i handa.»

Lenge i rettssystemet

Ein dommar stansa lova mellombels alt i juli 2023. I januar 2025 gjekk den føderale distriktsdomstolen for Vest-Arkansas eit steg vidare: Dommar Timothy Brooks slo fast at sentrale delar av lova var grunnlovsstridige og gjorde forbodet mot handheving permanent. Han argumenterte med at lova i praksis gjer bibliotekarar og bokhandlarar til sensurorgan. Av frykt for fengselsstraff ville dei truleg berre ha bøker eigna for dei minste borna på hyllene.

Torsdag førre veke blei denne avgjerda altså oppheva i ein ankedomstol. Dommar L. Steven Grasz, oppnemnd av Donald Trump, meinte lova ikkje var grunnlovsstridig vag og sa at det opphavlege forbodet mot handheving bygde på hypotetisk grunngjeving.

Sterke reaksjonar

Arkansas sin justisminister (attorney general) Tim Griffin har lenge forsvart lova og var raskt ute med å rose avgjerda.

I ei pressemelding uttalte han at Arkansas no kan gå vidare med å handheva ei lov som vernar born mot uanstendig materiale, samstundes som ho stiller folkebiblioteka meir til ansvar for samlingsutviklinga si.

I eit innlegg på Facebook der attorney general Tim Griffin applauderer den nye "biblioteklova" i Arkansas, er kommentarfeltet fullt av kritikk imot avgjerda og støtte til biblioteka:

Den amerikanske borgarrettsorganisasjonen ACLU sitt Arkansas-kontor ser det annleis:

– Dagens avgjerd truar retten alle innbyggjarar i Arkansas har til å lesa og læra. Styresmaktene skal aldri få avgjera kva idear folk får tilgang til. Bibliotek og bokhandlar skal vera stadar for utforsking og oppdaging — ikkje sensur, skreiv ACLU Arkansas.

Advokat John Adams, som representerer saksøkarane, seier dei vurderer vidare rettslege steg:

– Bibliotek og bokhandlar bør vera stadar der folk fritt kan utforska idear, ikkje der tilsette risikerer straff for å selja, låna ut eller berre stilla ut grunnlovsverna bøker. Vi vurderer no domsavgjerda og alle tilgjengelege rettslege alternativ nøye, inkludert vidare handsaming i rettssystemet, seier han til Arkansas Times.

Eit større mønster

Arkansas er ikkje åleine om denne typen lovgjeving. Amerikanske delstatar med konservativt fleirtal i lovgjevande forsamling har dei siste åra fremja fleire lover som gjer det lettare å straffeforfølga bibliotektilsette og bokhandlarar for bøkene dei tilbyr. Tidlegare i år gav ein ankedomstol i Iowa ei tilsvarande lov grønt lys, og i mai 2025 fekk sensurtilhengarar i Texsas medhald i saka Little v. Llano. Då høgsteretten avviste ein anke i saka i desember 2025, sa president Sam Helmic i den amerikanske bibliotekforeninga ALA mellom annan dette:

– Ved å avstå frå å prøva avgjerda, har Høgsterett gjeve delstats- og lokalstyresmakter fullmakt til å avgrensa kva materiale folk får tilgang til i biblioteka sine. Som følge av dette får no millionar av bibliotekbrukarar innskrenka retten til å lesa og utforska informasjon utan statleg innblanding. Avgjerda trugar med å gjera offentlege bibliotek til senter for indoktrinering, i staden for å verna dei som knutepunkt for open utforsking.

Organisasjonar som Arkansas Right to Read Project, Arkansas Library Association og lokalavdelinga av Authors Against Book Bans følger situasjonen i Arkansas vidare og oppmodar til engasjement mot lova.

Kjelder: Book Riot, Arkansas Times, arkansasradio.com og ala.com

 

Powered by Labrador CMS