Desse 15 skal rådgje Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har oppretta eit nytt fagråd. Blant dei 15 medlemane finn vi leiarar frå fylkesbibliotek, folkebibliotek, fagbibliotek og interesseorganisasjonar.

Arkivbilde av Nasjonalbiblioteket sine lokale i Drammensveien i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

Ifølgje forskrifta for Fagrådet, er det meint å supplera kompetansen i Nasjonalbiblioteket med perspektiv frå brukarar og bibliotek. Målet er å gje NB-leiinga eit breitt og godt grunnlag for avgjerdene sine og bidra til dialog med biblioteka og kontakt mellom brukarorganisasjonane og Nasjonalbiblioteket.

Det offisielle namnet er Fagråd for Nasjonalbiblioteket – bibliotektenester, og det er avdelingsdirektør bibliotektenester Grethe Stuevold Madsbakken som har ansvaret med å legga til rette for det faglege og praktiske knytt til dette rådgjevande organet, skriv bibliotekutvikling.no

I tillegg til Madsbakken, vil nasjonalbibliotekar Åse Wetås og seksjonsleiarar frå avdeling bibliotektenester vera til stades i rådet sine to årlege møter.  

Dei neste fire åra vil rådet bestå av tolv kvinner og tre menn med arbeidsstadar Srundt i heile landet:

Veronicha Angell Bergli – Vadsø bibliotek 

Biblioteksjef ved Vadsø bibliotek og tidlegare forbundsleiar i Bibliotekarforbundet (2020–2023), med stort engasjement for bibliotekarprofesjonen og kommunar sitt ansvar for å skapa gode rammer for bibliotekdrift.

Reidun Brinchmann – Froland bibliotek 

Biblioteksjef ved Froland bibliotek, med interesse for teknologi og KI. Ho har markert seg for å bygga opp eit aktivt og utviklingsorientert folkebibliotek i ein liten kommune, og fyller også rolla som beredskapskoordinator i heimkommunen.

Simon Govasli – Kulturbadet bibliotek 

Yngstemann i utvalet og bibliotek- og gallerisjef ved Kulturbadet i Sandnessjøen. Han er bibliotekar og har jobba fleire år ved biblioteket i Tromsø. Tjueniåringen leier òg Norsk bibliotekforening sitt fagutval for søk.

Turid Bogetvedt Hitland – Høgskulen på Vestlandet 

Bibliotekleiar ved Høgskulen på Vestlandet. Ho representerer HVL i UHR-Bibliotek og arbeider særleg med utvikling av bibliotektenester for forsking, utdanning og studentar.

UHR-Bibliotek er ei fellesstrategisk eining under Universitets- og høgskolerådet (UHR), som består av representantar på øvste leiarnivå frå alle biblioteka ved universitet og høgskular som er medlem av UHR.

Randi Halveg Iversby – Universitetsbiblioteket i Oslo 

Bibliotekdirektøren ved Universitetsbiblioteket i Oslo er ein tydeleg forkjempar for biblioteket si rolle i demokrati, forsking og kunnskapsformidling. Ho har tidlegare vore både hovudstyremedlem og nestleiar i Forskerforbundet og er i dag nestleiar i arbeidsutvalet til UHR-Bibliotek.

Merete Lie – Deichman 

Biblioteksjef og etatsdirektør ved Deichman i Oslo, Norges største folkebibliotek. Ho har leia utviklinga av Deichman sidan 2024 og markert seg i arbeidet med å sikre biblioteket si rolle som ein uavhengig arena for kunnskap, litteratur og demokrati. Før ho blei etatsdirektør for heile Deichman i 2024, var Lie avdelingsdirektør for hovudbiblioteket i Bjørvika. Før det leia ho oppbygginga av Litteaturhuset i Fredrikstad.  

Sven Lilleheier – Halden bibliotek 

Biblioteksjef ved Halden bibliotek sidan 2022, blant anna gjennom flytting til nye lokale i Skofabrikken. Han er oppteken av biblioteket som ein uavhengig møteplass for offentleg debatt, og har markert seg med innlegg om bibliotek og folkehelse.

Mona Magnussen – Troms fylkesbibliotek 

Fylkesbiblioteksjef i Troms med engasjement for bibliotekutvikling, samarbeid og kompetansebygging i biblioteka i regionen. Ho har òg bakgrunn som biblioteksjef i Tromsø.

Guro Nesse – Lærdal bibliotek 

Har vore biblioteksjef ved Lærdal folkebibliotek dei siste seks åra. Ho er også rådgjevar for kultur i kommunen og leier nybygde Lærdal kulturhus.

Tone Nyseter – Innlandet fylkesbibliotek 

Fylkesbiblioteksjef i Innlandet sidan 2014. Leier for tida fylkesbibliotekleiarane sitt nettverket. Ho arbeider særleg med bibliotekutvikling, lesefremjande arbeid og samarbeid mellom biblioteka i fylket.

Terje Andre Olsen – Norges Blindeforbund 

Forbundsleiar i Norges Blindeforbund, der han arbeider for betre tilgang til utdanning, arbeid og rehabilitering for blinde og svaksynte. Han blei første gong vald til forbundsleiar i 2019.

Jannicke Røgler – Trondheim folkebibliotek 

Biblioteksjef ved Trondheim folkebibliotek med erfaring frå folke-, fylkes- og fagbibliotek. Ho har lenge vore ei tydeleg stemme i den nasjonale bibliotekdebatten.

Caroline Solem – Dysleksi Norge 

Generalsekretær i Dysleksi Norge med ansvar for organisasjonen si daglege drift, økonomi, personal og interessepolitisk arbeid. Ho leier arbeidet med å styrkje rettane og tilrettelegginga for personar med lese-, skrive-, matematikk- og språkvanskar.

Siri Vikse – Haugesund bibliotek 

Biblioteksjef ved Haugesund bibliotek. Ho arbeider for å utvikle biblioteket som møteplass og kulturarena, med særleg vekt på litteraturformidling og publikumsretta tilbod. Dei siste åra har også stått bak fleire initiativ som har fått nasjonal merksemd, som utrekninga av folkebiblioteket sin samfunnseffekt målt i kronar og øre og initiativ for utvikling av berekraft.

Sølvi Ørstenvik – Norges Blindeforbund 

Varamedlem til sentralstyret i Norges Blindeforbund og leiar for forbundet sitt førerhundutval. Ho har òg mellom anna site i juryen for Lydbokinnlesarprisen.

Powered by Labrador CMS