Bibliotekstatistikken 2025

Bibliotekbruken aukar mykje - det digitale aukar mest

Folkebiblioteka i Noreg sette nye rekordar også i 2025. Ferske tal frå Bibliotekstatistikken viser 27,9 millionar besøk i fjor, ein auke på 3,6 prosent frå året før, og det høgaste nivået som er registrert. Målt per innbyggar må ein tilbake til toppåra tidleg på 2000-talet for å finna tilsvarande.

Fleire former for bruk: Vi besøker biblioteka meir og låner stadig fleire fysiske bøker, men den digitale bruken aukar mest – ikkje minst når vi ser folkebiblioteka og fag- og forskingsbiblioteka under eitt.
Publisert

Det totale bokutlånet nådde 14,1 millionar i fjor, ein auke på 5 prosent frå 2024 og det høgaste sidan statistikken blei omgjort i 2008.

Utlånet av bøker for born og unge auka mest, med 8,3 millionar utlån (+7,2 prosent) – i snitt 9,25 bøker per born, det høgaste på 30 år, skriv Nasjonalbiblioteket på Bibliotekutvikling.no.

Fysiske dominans, digital vokster

Det fysiske utlånet er nesten ti gongar større enn det digitale: 14,1 millionar bokutlån mot om lag 1,5 millionar digitale nedlastingar. Men det digitale veks raskare. Nedlastinga av folkebiblioteka sine e-bøker auka med 4,4 prosent til 878 000, medan e-lydbøkene auka med heile 13 prosent til 660 000. Sterkast var veksten i e-lydbøker for born, opp 18 prosent. 

Etter nokre år med fall i det digitale utlånet, er dette eit tydeleg taktskifte, og det skjer tilsynelatande utan å gå ut over det fysiske utlånet.

Møteplassar for stadig fleire

Om nokon skulle vera i tvil: Biblioteka er viktige møteplassar. I 2025 deltok nær 1,93 millionar personar på rundt 76 500 arrangement i folkebiblioteka, frå lesestunder og forfattarmøte til debattar og språkkafear. Dette er ein auke i arrangementsbesøk på 2,7 prosent samanlikna med året før. 

Om lag 567 000 born og unge deltok på nær 22 000 arrangement for barnehagar og skular.

Også i fag- og forskingsbiblioteka er talet på fysiske arrangement på veg oppover, med ein auke frå 942 i 2024 til 1104 i 2025.

Mindre papir i fagbiblioteka

I fag- og forskingsbiblioteka går det fysiske utlånet ned. Direkte førstegongslån frå eiga samling fall frå 849 391 i 2024 til 800 306 i 2025, ein nedgang på 5,8 prosent. Også fjernlån mellom bibliotek gjekk ned med 4,5 prosent. Med fjernlån inkludert enda fag- og forskingsbiblioteka på 1 121 567 utlån av fysiske bøker i 2025, skriv NB på bibliotekutvikling.no.

Den samla digitale bruken veks derimot kraftig i UH-sektoren. I 2025 lasta brukarane i fag- og forskingsbiblioteka ned 3,4 millionar digitale bøker, 109 460 fleire enn året før, noko som gjev ein auke på 3,29 prosent, viser bibliotekstatistikktal frå SSB.

Nedlasting og strøyming gjekk totalt frå 28,1 millionar i 2024 til 36,7 millionar i 2025, opp nær 31 prosent. Men voksteren er ujamn mellom ulike kategoriar. Nedlasting av artiklar med open tilgang vaks med 13 prosent, frå 5 229 696 til 5 913 961, medan nedlasting av andre tidsskriftartiklar fall heile 16 prosent, frå 14,5 til 12,2 millionar. 

Søk i databasar gjekk ned 13 prosent. Voksteren i fag- og forskingsbiblioteka sine digitale tal, ligg i staden i strøyming og databasebruk som ikkje blir fordelt på dokumenttype og som skjer mest ved universitetsbiblioteka. 

 

Powered by Labrador CMS