Faste stemmer

Om å kose seg på taparlaget

Bibliotekarar er vane med å bli valde sist, både i kroppsøvinga og når pengar skal delast ut. Likevel kjennest bibliotekargjerninga som ein siger kvar dag. Her er sju grunnar til at eg elskar å vere bibliotekar.

Kjensla av å vere bibliotekar.
Publisert Sist oppdatert

Fire fagfolk skriv fritt om bibliotek

Johanne Raade, Marie Alming, David Kvamme Høvik og Oddmund Kårevik kommenterer bibliotekfeltet frå kvar sin stad i sektoren.

Denne måneden: David Kvamme Høvik

Utdanna lærar og jobbar som litteraturformidlar ved skulebiblioteket på Årstad vidaregåande. Interessefelt: Bibliotekpolitikk, litteraturformidling og det sosiale rundt lesing.

Finst det ei meir universell oppleving enn smerta i å få ein skitten, misfarga kanonball måka i trynet? Ufrivillig tårespreng, mild hjerneristing og naseblod er ein unik kombinasjon. Sleng på kjensla av svik (det var gymlærar Martin, 27, som kasta ballen), og smerta er total.

Eg får litt same kjensla av å sjå dei føreslegne kutta på Haugesund folkebibliotek. For folk som er glade i bibliotek, er dette ikkje noko nytt. Det går knapt ein månad utan at ein ny kommune skal spare pengar. Då blir som regel biblioteket skadelidande.

Eg kunne ha skrive ein rasande kronikk om kutt i biblioteka. Poenga skriv seg sjølve. Men det er sommar, og politikarane skal få sleppe billig unna. Eg vil heller skrive om kvifor eg elskar å vere bibliotekar.

Grunn #1: Bollar og kos

Eg må gå tilbake på at politikarane skal sleppe billig unna. Finst det ein meir politikarting å seie enn «Då eg var liten, elska eg å vere med bestemor på biblioteket. Det var ein magisk fristad, og Svein og Rotta er kosteleg lesing». Slike anekdotar blir gjerne følgde opp av a) ingen konkrete tilskot eller b) vedtak om at folkebiblioteket og kulturhuset i kommunen skal slåast saman til biblurhuset «Trivsel».

Uansett: På grunn av slike utsegner har eg vore oppteken av at bibliotek er mykje meir enn bollar og kos. Som bibliotekarar veit vi at biblioteket er viktig. Det er ope for alle, gjev folk tilgang til informasjon og kostar ikkje ei krone for brukarane. Det er direkte samfunnsnyttig, og biblioteka burde finansierast deretter.

Men eg elskar bollar og kos på biblioteket. Og det er viktig, det òg.

Grunn #2: Bøker er best

«Bøker er best og viktig», skreiv kulturminister Lubna Jaffery då vi utfordra henne til å fylla ut ein plakat for nokre år sidan. Kan betydninga av bøker formulerast betre?

Ja, det kan den. Heilt openbart.

Men bøker er jo faktisk best og viktig. Den dagen eg sluttar å tru det, lyt eg finne meg noko anna å gjere.

Grunn #3: Uavgrensa makt innanfor eit avgrensa areal

Som bibliotekar er ein på ingen måte given all makt i himmel og på jord. Lokal makt, derimot. Snakkar du høgt? Hysj. Snakkar du høgt på nytt? HYSJ. Snakkar du høgt ein tredje gong? Eg låner ut ei dritdyr bok på namnet ditt og sender rekning. Det er ein klassisk stor-fisk-i-liten-dam-situasjon.

Eg trur all kasseringa har gått til hovudet på folk i bransjen. Eg følte meg i alle fall som Joaquin Phoenix i filmen Gladiator (2000) då eg gav tommel ned til hundre slitne romanar førre veke.

Grunn #4: Folk vert veldig komfortable veldig fort på biblioteket

Lese-, skrive- og reknekompetansen stuper blant norske ungdommar, men frimodigheita vere på stigande kurve. Eg kan ikkje tru noko anna.

For nokre veker sidan spurde ein elev om eg hadde klipt meg. Då eg sa ja, såg ho på meg som ei skuffa mor og gjekk utan å seie noko.

Ein annan elev spurde meg korleis ein blir bibliotekar. Ho ville ha jobben min fordi den – direkte sitat – «verker så chill. Du gjer jo ingen-ting». Jo, det gjer eg, tenkte eg då. Dritdyr bok + rekning. Boom.

Grunn #5: Eg har ikkje direkte ansvar for om nokon overlever eller ikkje

NRK-serien LIS.

Grunn #6: Plass for alle

Når folk spør meg kvifor eg blei bibliotekar, er svaret alltid menneska eg treffer på. Eg elskar å jobbe på ein plass der folk kan vere så lenge dei vil utan at dei føler at dei må bruke pengar. I ei optimal verd er difor biblioteket eit rom der alle kan føle seg heime.

Kvar dag kjem glade, triste, forvirra og/eller sinte ungdommar med vidt forskjellige bakgrunnar innom biblioteket vårt. For somme er skulen berre skule. For andre er skulen ein fristad frå vanskelege forhold på heimebane eller på fritida.

Det er fint å kunne tilby eit rom utan krav til alle desse elevane.

Grunn #7: Yrkesstoltheita

Under arbeidet med denne teksten har eg tenkt mykje på kvifor eg jobbar som bibliotekar. Ein tanke som har kome til meg fleire gongar, er at eg kan vere stolt av yrket utan atterhald. Eg er heldig med ei leiing som satsar økonomisk på skulebiblioteket.

Avslutninga her er difor fyrst og fremst ei hyllest til biblioteka som blir hardast råka av kommunale kanonballar:

  • Folkebiblioteka lånte ut over 14 millionar bøker i 2025, opp 5 % frå året før. Talet har auka kvart år sidan 2020.

  • Folkebiblioteka vart besøkt over 27,7 millionar gongar i 2025, opp 3,6 % frå året før. Talet har auka kvart år sidan 2020.

Dette er tal til ettertanke. For berre tenk kva dei norske bibliotekarane kunne levert om dei spelte på eit økonomisk satselag.

For å parafrasere kulturministeren: Bibliotek er best og viktig.

Bidra til ordskiftet!

Har du meiningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send dei til post@bokogbibliotek.no.

 

Powered by Labrador CMS