NBT-konkursen til Stortinget

Jaffery: – Kommunane har framleis ansvar

I svaret sitt til Remi Sølvberg fra Rødt viser kulturministeren til fjorårets behandlingen av representantforslaget om en helhetlig bibliotekpolitikk. Der ble ideen om at staten skulle overta ansvaret for bibliotektransporten stemt ned.  

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Publisert Sist oppdatert

Kulturministeren avviser statleg ansvar for ny nasjonal transportordning for biblioteka. Stortinget sa nei til dette ved fjorårets behandlingen av eit representantforslag om ein heiskapleg bibliotekpolitikk, skriv ho i svaret til Remi Sølvberg frå Raudt.

Sist veke sendte Raudt sin kulturpolitiske talsperson Remi Sølvberg eit skriftleg spørsmål til kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery etter NBT-konkursen. Spørsmålet han var klart: Vil statsråden ta initiativ til ei ny nasjonal ordning for bibliotektransport?

Svaret hennar, som kom i dag, er ei tydeleg nei.

Behandla i fjor

Jaffery minner om at Stortinget så seint som i fjor vår handsama eit representantforslag om mellom anna statleg finansiering av transportordning for biblioteka, og at dette då blei avvist.

«Bibliotekdrift er et kommunalt ansvar, og transportordninger for bibliotekene er en del av de kommunale og regionale driftsoppgavene», skriv ministeren i svaret sitt.

Bok & bibliotek dekte Stortinget si behandling av representantforslaget frå Kathy Lie i SV om ein heilskapleg bibliotekpolitikk 27. mai i fjor. «Eit stormande ambisiøst forslag til ny bibliotekpolitikk enda i flaue kjærleikserklæringar og eit vedtak om forhandlingar rundt e-bøker og lydbøker», skreiv vi då.

Kommunalt ansvar

Jaffery understrekar at sjølv om NBT er konkurs, tyder ikkje det at biblioteka sitt lånesamarbeid tek slutt. Ho er overtydd om at kommunane vil finna løysingar, og trekker fram folkebiblioteka i Haugesund-traktene som døme – dei fekk raskt på plass ein ny regional transportordning, noko vi skreiv om før i veka.

«Kommunene har fortsatt ansvar for å opprettholde lånesamarbeidet, og det er jeg overbevist om at de også vil gjøre», skriv ho.

Ministeren viser også til at situasjonen er under kontroll hjå dei statlege aktørane. Nasjonalbiblioteket landa raskt ein mellombels avtale med ny transportør etter konkursen, slik at fjernlån frå depotbiblioteket i Mo i Rana og utsending frå Det fleirspråklege biblioteket er oppe og går, om enn med noko lengre leveringstid. Biblioteksentralen har òg fått på plass ny transportør for eigne leveransar og for kulturfondbøker, poengterer Jaffery.

Glad for løysing

I svaret sitt viser Jaffery til at Bok & bibliotek 23. april fortalte om transportselskapet Nor-log sitt oppkjøp Norsk Bibliotektransport AS og at selskapet planlegg full drift frå onsdag 29. april.

«Jeg følger utviklingen tett, og er glad for at problemene knyttet til bibliotektransporten nå ser ut til å løse seg», skriv Jaffery.

Powered by Labrador CMS