ordskifte

Kronikk

Om korleis romanane har gjort livet mitt meir meiningsfylt igjen

For om lag eit år sidan heldt eg ein roman i hendene mine for første gong på det eg kunne hugse. Det har skapt ein skjønnlitterær renessanse i mitt liv og gjeve store gevinstar.

Publisert

Eg er i midten av tjueåra, og eg trur sist eg las ei skjønnlitterær bok, var ein gong i løpet av vidaregåande. Som barn og ungdom var eg ein ekte lesehest. Takk til Harry Potter for det. Faktisk var eg så investert i J.K. Rowling sitt univers at mamma på eit tidspunkt forbaud meg å lese Harry Potter eit heilt år. Ho var oppriktig bekymra for at eg trudde eg faktisk var Hermine Grang, ei bekymring som på ingen måte var overdramatisk.

Sjølv om eg vart tvinga på avstand frå favorittserien min, stoppa ikkje leselysta med det. Eg deltok på den årlege sommarles-konkurransen til det kommunale biblioteket, og utanom sommarmånadane laga eg og ei venninne konkurranse oss imellom om kven som las flest sider og flest bøker. I helgene var høgdepunktet å ha tid til å sitte i senga med ei bok i fanget og lese i eit par timar før eg stod opp, og eg lét aldri sjansen til å gå innom biblioteket på veg heim frå skulen gå frå meg. Det var jo trass alt ope berre to dagar i veka.

Så, på eit tidspunkt og av grunnar eg ikkje klarar å sette fingeren heilt på, slutta eg. Ikkje å lese, for som student grev du di eiga grav om du aldri opnar ei bok, men å lese skjønnlitteratur. Eg veit ikkje kvifor. Kanskje trudde eg at eg ikkje hadde tid, eller så kjende eg behov for å skaffe avstand til ho som først og fremst vart assosiert med lesing. Kva som var grunnen, er ikkje så viktig. For denne teksten skal handle om at eg og romanane har eittårsjubileum i desse dagar, og korleis det har påverka livet mitt.

I skrivande stund er overskriftene i alle norske aviser at PISA-undersøkinga viser at norske tiandeklassingar kjem rekorddårleg ut på målingar som mellom anna gjeld leseferdigheiter. Samtidig er det ikkje lenge sidan eg såg eit klipp frå podkasten Bokmerket der redaktør i Aftenposten Trine Eilertsen seier at ho er veldig skeptisk til menneske som ikkje les skjønnlitteratur, særleg om du er leiar eller journalist, fordi det er ein heilt sentral nøkkel for å forstå andre sine synspunkt. Eilertsen har med andre ord gode grunnar til å møte nettopp den oppveksande generasjonen og framtidas leiarar og journalistar med ein god dose skepsis. Det gjer forresten eg også, for den PISA-undersøkinga gjorde meg meir enn mørkredd.

Kvart år har Humanistisk fakultet på Universitetet i Bergen eit prosjekt som heiter «Humanistar les». Eg trur eigentleg prosjektet er mest retta mot førstesemesterstudentar og eit introduksjonsemne dei tek, men alle humaniorastudentar er likevel velkomne til å delta. Det blir delt ut ei bok, gratis, til alle som vil ha, og så blir det arrangert ulike happenings; bokklubb, panelsamtalar og intervju med forfattaren for å få studentane til å lese. I fjor var det Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo som var boka i prosjektet. Eg plukka med meg eit eksemplar, mest fordi det var gratis, uvitande om at det skulle føre til ein skjønnlitterær renessanse i mitt liv.

I om lag eit år no har eg lese på senga kvar kveld før eg legg meg, og også nokre stunder utanom. Det starta med Vi er brødrene Eikemo. Eg skal ikkje skryte på meg at eg har pløgd gjennom titals bøker det siste året, men det har blitt 9–10 stykke, og det er eg veldig fornøgd med. Dessutan er det ikkje romanane i seg sjølv som har vore det mest spennande med denne skjønnlitterære renessansen. Nei, det er verknadane av den som eg sit att med som den store gevinsten. Her har eg samla den til nokre punkt:

1. Betre søvn

For ei som gjerne brukar mellom ein halv og en heil time på å sovne om kvelden, har det vore så deilig å merke at eg både sovnar enklare og også søv betre etter at eg byrja å lese på senga. Eg les til eg merkar at augelokka blir tunge, og då er det berre å sløkke lyset og la søvnen hente meg inn – utan at eg treng å ligge og vri meg lenge først.

2. Mindre tankekøyr

Kanskje heng dette saman med førre punkt, sidan eg ikkje lenger har 45 minutt kvar kveld å bruke på å bekymre meg for stort og smått her i livet. Men eg synest også dette forplantar seg elles i dagen. Det er mindre tankekøyr og færre bekymringar i hjernen min etter at eg byrja å lese. Eg kan ikkje forklare det på nokon annan måte enn at det kjennest som romanane reinskar opp i noko der oppe.

3. Meir kreativ

Eg innser her eg skriv, at det eg skildrar i desse punkta, kanskje er ein kjedereaksjon. For at eg søv betre og har mindre tankekøyr, får nok også utslag i større kreativitet. Men så er det jo også noko med å så tydeleg bli innlemma i nokon andre sin kreativitet, som ein så til dei grader blir når ein les skjønnlitteratur. Eg trur det også har noko med saka å gjere.

4. Meir tolmodig

I Tiktok sin tidsalder er det jo ikkje til å stikke under ein stol at verken tolmodet eller konsentrasjonsevna har så veldig mykje å gå på. Men ei bok som fenger, er tusen gongar betre enn raske algoritmar. Og resultatet av det er at eg merkar at eg gjerne les fleire og fleire sider i strekk. Det går altså rett veg også på tolmodet grunna bøkene.

Så takk og lov for bøkene! Og for at dei framleis er der, sjølv etter årelange pausar i forholdet.

Powered by Labrador CMS