SV-forslag om landsomfattande bibliotekløft

Slik gjekk det då Stortinget diskuterte bibliotek

Eit stormande ambisiøst forslag til ny bibliotekpolitikk enda i flaue kjærleikserklæringar og eit vedtak om forhandlingar rundt e-bøker og lydbøker. Ola Eiksund, Helene Voldner og Jannicke Røgler meiner likevel at stortingsbehandlinga i mai har hatt positive ringverknadar. Men ifølge Nasjonalbiblioteket er ny bibliotekstrategi ikkje ein av dei. 

Ambisiøst: Vi treng ein bibliotekplan med ambisjonar. Vi treng ei satsing på bemanning både i skule- og folkebibliotek, for det er ikkje sånn at bøkene hoppar ut av hyllene og inn i dei riktige hendene av seg sjølve, sa forslagsstillar Kathy Lie frå SV frå Stortinget sin talarstol 27. mai i år.
Publisert Sist oppdatert

Det er ekstremt uvanleg at Stortinget snakkar om bibliotek. Sist dette var ei halvheit potet på Løvebakken, var rundt boklova. Dette var i april 2023. Jau, bibliotek blir nemnt no og då, som i samband med behandlinga av opplæringslova og kunstnarmeldinga. Og påverkarane i feltet leverer jamleg høyringsinnspel med «bibliotek» i både tittel, ingress og brødtekst. Men eit representantforslag som det SV-politikarane Kathy Lie, Grete Wold, Marian Hussein, Ingrid Frisaa og Birgit Oline Kjerstad la fram 6. mars i år, er sjeldnare enn ein barnlaus middelaldra mann med BI-diplom på folkebiblioteket.

27. mai var det tid for debatt og vedtak i Stortinget knytt til «Representantforslag om en helhetlig bibliotekpolitikk og et bibliotekløft for hele landet».

Semje om lydokforhandlingar

Dokumentet inneheldt forslag om felles innkjøp av redaktørstyrte medium, felles bibliotektransport over heile landet, krav til lesefremjande tiltak, krav til bemanna skulebibliotek og sikring av nasjonal statistikk for skulebibliotekfeltet, for å nemna noko. Men då klubba small i presidenttalarstolen, var dette alt dei hadde fått til å einast om: «Stortinget ber regjeringen gi Nasjonalbiblioteket i oppdrag å igangsette samtaler med Den norske Forleggerforening for å komme fram til oppdaterte utlånsmodeller.»

Full punktering … eller?

Biblioteksjefen i Trondheim Jannicke Røgler var ei av dei som sat benka framom monitoren for å få meg seg den direktesende behandlinga. Som tidlegare leiar i Bibliotekarforbundet (BF) har ho røynsle nok til ikkje å gje forventingane frie taumar. Men då det for ein gongs skuld var bibliotekdebatt på Stortinget, hadde ho likevel eit visst håp.

– Det nærmar seg tjue år sidan førre stortingsmelding om bibliotek, og den nasjonale strategien gjeld berre ut året. Då er det naturleg at politikarane set seg nye mål for bibliotekpolitikken, seier ho.

Det er nok rett og slett ein realistisk gjeng vi har teke kontakt med i samband med denne saka, for også dagens BF-leiar Ola Eiksund og leiar i Norsk bibliotekforening (NBF) Helene Voldner er avmålt positive når vi spør dei om forventingar.

Uvanleg godt formulert

Eiksund kallar forslaget til SV-damene eit uvanleg godt formulert dokument som tek opp i seg heile breidda av problematikk knytt til biblioteka sine utfordringar og moglegheiter, men forventingane hans var likevel nøkterne.

– Eg såg dette meir som viktig for å løfta bibliotek opp på agendaen – vi er definitivt ikkje bortskjemde med det! seier han.

Norsk bibliotekforening hadde liknande tankar.

– Vi har jobba over lengre tid med dette representantforslaget etter at det kom frå SV, fortel Voldner. 

– For oss som interesseorganisasjon har forslaget hatt fleire positive ringverknadar. I løpet av saksbehandlinga har vi snakka med samarbeidspartnarar, og òg etablert nye. Vi har hatt dialog med partia som sit i familie- og kulturkomiteen som handsama saka. Det er ein viktig del av det langsiktige arbeidet vi gjer for å løfta bibliotek inn i den politiske debatten.

– Fragmentert: Debatten tok i svært liten grad opp det store hovudpoenget i forslaget, nemleg behov for ein heilskapleg bibliotekpolitikk, meiner Ola Eiksund i Bibliotekarforbundet.

NBF skulle sjølvsagt ønskt at fleire av forslaga gjekk gjennom, seier ho. Men det som òg har kome ut av dette, er at bibliotek blei debattert i stortingssalen, der seks ulike parti uttala seg om bibliotek.

Blant dei seks var Silje Hjemdal i Fremskrittspartiet, som òg var saksordførar under behandlinga av forslaget i familie- og kulturkomiteen. Ho nytta innlegget sitt til å kalla biblioteka veldig viktige, ikkje minst for integrering. Ho drog fram dei «svært kompetente tilsette» og sette søkelys på SSB-tala som viser 5,4 prosent auke i besøket til folkebiblioteka frå 2023 til 2024.

Torstein Tvedt Solberg i Arbeidarpartiet erklærte sin kjærleik til biblioteka og delte opplevinga av å kjenna seg som ein storkar kvar gong han sjølv kan opna det meiropne lokalbiblioteket sitt på kveldstid. Men, summa summarum, så sa han vel at biblioteka er bra nok som dei er: «[Eg vil] påstå og meine at vi har ein heilskapleg, omfattande nasjonal politikk for biblioteka, vi har boklova, innkjøpsordningar, leselyststrategi med meir. Det er ikkje behov for å endra det som fungerer.»

Elska i hel

– Vi hadde sjølvsagt håpa på fleire forpliktande merknadar eller fleirtalsmerknadar, seier Helene Voldner og sender eit lite stikk til partia som smykkar seg som bibliotekforkjemparar utan å veksla blingen inn i gangbar mynt.

– Eg er nok ikkje aleine om å få ein liten allergisk reaksjon av politikarar som uttalar at dei «elskar bibliotek». Det er noko av det som gjer det utfordrande, å driva ei teneste som manglar fiendar eller synlege motstandarar. Det er derfor jobben vår er så viktig. Og vi skal halda fram med å bruka politikarane sine utsegner om biblioteka som møteplassar, demokratibyggjande og kjeldekritiske for det dei er verde.

– Mange og fine ord, men lite som endar opp i faktisk handling, istemmer Ola Eiksund.

Han er oppteken av at debatten i svært liten grad tok opp det store hovudpoenget i forslaget, nemleg behov for ein heilskapleg bibliotekpolitikk.

– Det blir fragmentert – og det som blir vedteke, er langt frå tilstrekkeleg til å adressera den faktiske situasjonen. På den andre sida: Det er positivt at det blei sett fokus på viktige tema som statistikk og fleire sider ved skulebibliotek, at det blei sagt at lesesatsingane må gjerast permanente, og at komiteen seier eksplisitt at det er behov for «eit bibliotekløft på grunn av manglande økonomisk støtte og nasjonal politikk».

Kalkulert risiko

Som den oppvakte lesaren allereie har forstått, valde forslagsstillarane å legga fram ei svært brei vifte av vedtaksforslag i eitt og same dokument. Overskrifta var, som Eiksund påpeikar, å peika mot ein meir heilskapleg bibliotekpolitikk.

Krevjande: Jannicke Røgler fryktar oppdraget med og forhandla fram oppdaterte utlånsmodellar kan bli krevjande for Nasjonalbiblioteket

For Jannicke Røgler framstår dette som ein kalkulert risiko.

– Om det hadde vore ein betre strategi å prioritera eit par ting, kan ein jo spørja seg om. Bemanning av skulebibliotek og nasjonal statistikk for skulebibliotek er uansett saker som høyrer inn under Kunnskapsdepartementet. Forslaga om felles nasjonale tenester er viktige for å sikra mest mogleg likeverdige tenester for alle, uansett kor dei bur. Det at vi no får ei nasjonal digital formidlingsløysing og ein metadatabrønn, er eit stort steg i riktig retning for sektoren, påpeikar ho.

Voldner peikar også på korleis breidda i forslaget gav Familie- og kulturkomiteen innsikt i biblioteka sitt samansette samfunnsoppdrag.

– I behandlinga av saka har komiteen òg fått innspel frå kulturministeren. Ved å trekka inn skulebibliotek i dette forslaget blei Lubna Jaffery nøydd til å involvera kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun for å svara ut problemstillingane som gjaldt hennar departement. For oss som interesseorganisasjon er dette eit ledd i det langsiktige arbeidet med å halda oppe trykket på problemstillingane som ligg i heile bibliotekfeltet. 

Nytt håp for lydbokutlån

Vi spør dei tre kva forventingar dei har til vedtaket som blei gjort: «Stortinget ber regjeringen gi Nasjonalbiblioteket i oppdrag å igangsette samtaler med Den norske Forleggerforening for å komme fram til oppdaterte utlånsmodeller.»

– No forventar eg at det endeleg kjem nye tilrådingar for utlån på plass, svarar Voldner i NBF.

– Bakgrunnen for at dette vedtaket faktisk vil føra til endringar, har ei lengre og ganske teknisk forhistorie. Det viktigaste no er at kulturministeren har fått detaljert beskjed om å gje NB dette mandatet. Det har eigentleg lege som ei tydeleg forventing sidan behandlinga av boklova. Det blei òg vist til av fleire av partia, så det er ein tydeleg politisk vilje til dette i Stortinget.

– Det var viktig å få fart på akkurat denne saka no, fordi dette er komiteen som kjenner forhistoria og var med på behandlinga av boklova, der dette var ei utfordring som ikkje blei løyst i sjølve behandlinga. Det blei liggande utan at Kulturdepartementet løfta det sjølv. No har dei fått tydeleg beskjed om at dei må ta tak i dette vidare, og vi har forventingar om at dette blir enklare og betre for både bibliotek, forlag og lånarar – basert på dei politiske utspela og den juridiske vurderinga som blei gjord tidlegare.

Aslak Sira Myhre har permisjon, så det er assisterande nasjonalbibliotekar Trond Myklebust som tek tastaturet då vi spør Nasjonalbiblioteket om kor snart vi kan venta oss nye lydbokforhandlingar.

Startskot: – Vi skal halda fram med å bruka politikarane sine utsegner om biblioteka som møteplassar, demokratibyggjande og kjeldekritiske for det dei er verde.

– Vedtaket i Stortinget gjev eit tydeleg signal om å ha dialog om dette temaet. Frå Nasjonalbiblioteket si side er vi klare til samtalar raskt.

– Er det ting som tilseier at samtalane vil bli enklare eller føra fram til betre løysingar enn sist NB forhandla med DnF om det same?

– Sidan førre forhandlingsrunde har vi hausta mykje erfaring med dagens lisensmodell for utlån av lydbøker i folkebibliotek, og vi oppfattar at det er semje om at den modellen ikkje er tilfredsstillande. Frå Nasjonalbiblioteket si side vil vi gjerne bidra til å få etablert ein eksemplarmodell for utlån av lydbøker, og vi trur det vil vera mogleg å innretta ein modell slik at den blir bra for publikum og for aktørane i bokbransjen. Samstundes erkjenner vi at det er mange omsyn å ta på dette området, så vi vil vera avhengige av eit godt samarbeid for å finna fram til dei gode løysingane.

Jannicke Røgler fryktar oppdraget blir krevjande for Nasjonalbiblioteket, men set si lit til at dei mange utgreiingane, brukarstatistikken og erfaringa med ulike modellar frå både Norge og andre land kan hjelpa i forhandlingane.

Det kjem ikkje ny bibliotekstrategi

De hugsar kanskje at Røgler tidlegare i denne saka nemnde behovet for ein ny bibliotekstrategi? Den gjeldande går som kjent ut ved nyttår. Fleire av representantane som tok ordet under behandlinga av representantforslaget 27. mai, peika på det same og gav inntrykk av at ein slik strategi var under arbeid. Dei føregående strategiane har vore til stor nytte for biblioteka si utvikling dei siste åra. Det er nok å nemna stikkord som nasjonal digital formidlingsløysing, metadatabrønn, formidling og leselyst.

Men det kjem ingen ny bibliotekstrategi frå 2026. Det stadfestar den fungerande nasjonalbibliotekaren når vi spør han.

– Fleire av representantane peika under behandlinga på den nye bibliotekstrategien som regjeringa har lova, som skal gjelda frå 2026. Er Nasjonalbiblioteket involvert i arbeidet med denne på noko vis per i dag?

– Statsråden har avklart at regjeringa ikkje arbeider med ein ny bibliotekstrategi, svarar Trond Myklebust. 

Så då veit vi det.

Helene Voldner responderer kontant:

– Dette kjem vi ikkje til å gje oss på, det er heilt sikkert. Vi er nøydde til å halda fram med å visa fram breidda i arbeidsoppgåvene og det vanvitige samfunnsoppdraget alle biblioteka har – og tek – kvar einaste dag. Skal vi halda fram med å gjera det godt framover, må det koma på plass ein heilskapleg og overordna politikk. Den treng ikkje nødvendigvis ha same form som dei tidlegare, men den må peika retning og ha ein ambisjon på vegner av biblioteka – dersom politikarane meiner det dei seier. Framover kjem vi òg til å ta opp tråden for å jobba for ei ny stortingsmelding om bibliotek. Den førre kom for 17 år sidan, og sidan då har landskapet endra seg betrakteleg.

Powered by Labrador CMS