Statsbudsjettet 2027

Så kom den, sekkeposten mange har frykta

I utkastet til statsbudsjett foreslår regjeringa å slå saman tilskotet til fysiske lærebøker, tilskot til skulebibliotek og bøker og tilskot til innkjøp av bøker i barnehage.

LOVNAD: Tonje Brenna, statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun under Arbeiderpartiregjeringa sin pressekonferanse på Deichman Tøyen då dei lanserte lesemilliarden i fjord sommar. I forslaget til statsbudsjett for 2027 foreslår dei no grep som gjer fleire urolege for utviklinga av skulebiblioteka framover.
Publisert Sist oppdatert

Regjeringa foreslår ei ramme på 339,5 millionar til den nye samla ordninga. Dette er ein auke på rundt 94 millionar, skriv Kunnskapsdepartementet i budsjettforslaget.

– Erfaringa er at bibliotek tapar

Samanslåinga blei varsla allereie 12. mai, i kommuneproposisjonen. Då reagerte Norsk bibliotekforening slik:

«Med dette forslaget fjerner regjeringen og staten seg stadig lengre vekk fra ansvaret som de i utgangspunktet tok da leseløftet ble lansert. Nå skyves ansvaret over på pressede kommuner. Norsk bibliotekforening mener dette er synd, i en tid der vi trenger flere tiltak for lesing, og ikke færre», skreiv leiar Helene Voldner i ei pressemelding 13. mai.

Ola Eiksund frå Bibliotekarforbundet ordla seg slik: «Når midler slås sammen og kommunene gis stor handlefrihet, er erfaringen at bibliotek og skolebibliotek taper i konkurransen om knappe budsjetter.» 

Ingen minstesum til skulebibliotek

Då årets reviderte nasjonalbudsjett blei lansert 12. juni, skrytte kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun av det rekordhøge øyremerkte tilskotet til skulebibliotek:

– Regjeringa meiner skulebibliotek er så viktig at vi øyremerkar pengar til kommunane. Så har vi tillit til at kommunane også bidreg med eigne midlar slik at elevar i heile landet får tilgang til eit skulebibliotek med eit breitt utval bøker og vaksne som kan rettleie dei. Då legg vi betre til rette for læring, kritisk tenking og leseglede.

I dagens pressemelding om budsjettforslaget nemner ho at tilskota til skulebibliotek har gått frå 14,5 millionar i 2021 til 103,2 millionar i 2026, men seier ingenting om kor mykje som skal gå til skulebibliotek i 2027. Ingen stad er det heller omtala nokon eventuell minstesum som skal gå til skulebiblioteka frå den nye sekkeposten.

Eit svar til Kommunekommisjonen

I sin første delrapport, som blei publisert tidlegare i år, foreslo Kommunekommisjonen at dei øyremerkte skulebibliotekmidlane bør flyttast over i rammetilskotet til kommunane. Den nye sekkeposten for lesetilskotsmidlar til kommunane kan sjåast som ei mellomløysing.

I utgåve 2/26 av Bok & bibliotek uttalte avdelingsdirektør for oppvekst, kultur og utdanning i Kommunesektoren sin organisasjon (KS) Kristin Holm Jensen at den statlege styringa av kommunane «er for detaljert og undergraver muligheten for et sterkt lokalt selvstyre».

Bibliotekarforbundet og Norsk bibliotekforening var igjen tydelege på at skulebiblioteka ville tapa utan eigne midlar.

Ifølge seniorforskar Bård Kleppe i Telemarksforsking gjev forskinga ikkje klare svar. Men også han peika på risikoen. «Det er åpenbart at skolebibliotek kan bli nedprioritert i konkurranse med alt annet», sa Kleppe.

Statssekretær Emil Raaen (Ap) i Kommunal- og distriktsdepartementet uttalte i saka at regjeringa ville finna ein god balanse mellom rammestyring og øyremerking.

Dagens forslag kan lesast som eit forsøk på det. Midlane er på eit vis framleis øyremerkte. Men blir forslaget vedteke, må skulebiblioteka bitast med skulane og barnehagane om kven som skal få pengar til leseløftande tiltak som fysiske bøker, bemanning og formidling.

Powered by Labrador CMS