Podkasten Bok & bibliotek #54

Bibliotekpanelet med Knut Olav Åmås, Reidun Brinchmann og Mariann Schjeide

Denne gongen må Bibliotekpanelet ta stilling til ja/nei-spørsmål om biblioteka sin rolle i møte med PISA-tal og lesekrise, norske bibliotek si forvalting av dataspel, papirtidsskrifta si framtid og kva vi skal kalla det når bøker blir utfordra.

Knut Olav Åmås, Reidun Brinchmann og Mariann Schjeide.
Publisert

«Så dumt at det nesten ikke er til å tro!»

Det skreiv Nina Bigum Udnesseter frå Skolebibliotekarforeningen i Norge og Anne Brit Ingholm frå Norsk bibliotekforening Skole i eit innlegg på bokogbibliotek.no. Dei peikar på at det midt i lesekrise, pisa-sjokk og leseløft blir færre skulebibliotekarar. 37 prosent av skulebiblioteka i barneskulane står heilt utan bemanning. På skular der det finns skulebibliotekar, har denne i snitt fire timar i veka til å gjera jobben. «Kunne de løyst arbeidsoppgåvene på fire timer?» spør dei to retorisk i innlegget som er adressert kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Fylkesbiblioteksjef i Troms og tidlegare biblioteksjef i Tromsø Mona Magnussen har òg skrive eit innlegg i kjølvatnet av dei dårlege PISA-resultata. Ho peikar på folkebiblioteka som den viktigaste ressursen vi har for å møta desse utfordringane.

Er panelet einige med Mona Magnussen i at biblioteka er den viktigaste ressursen samfunnet allereie har for å kunna løysa lesekrisa?

Gaming

I den siste utgåva av Bok & bibliotek blir ei ny undersøking om dataspel i bibliotek presentert. Der svarar nær 8 av 10 bibliotektilsette at dei meiner spel har kunstnerisk/kulturell verdi på linje med litteratur, film og musikk.

Så då stiller programleiar Arne Olav Hageberg same spørsmål til bibliotekpanelet. Meiner dei dataspel kunstnerisk og kultruell verdi på lik linje med litteratur, film og musikk? Og kva tenker dei om at over 90 % av folkebiblioteka manglar ein eigen budsjettpost for spel?

Nisjetidsskrift

I den siste utgåva har vi òg vore på reportasjetur til tidsskrift- og småforlagsentralen Tekstallmenningen i Bergen.

For å hjelpa folkebibliotek rundt i landet med å setta søkelys på dei mange tidsskrifta dei formidlar har dei utvikla eit formidlingsopplegg kalla Tidsskriftbonanza. I nettbutikken til Tekstallmenningen er det 106 titlar, om filosofi og mote, politikk, arkitektur, satireteikningar, arkiv, bibliotek og masse anna. Men mange av tidsskrifta blir laga mykje på dugnad, har få utgåver, få fungerande laussalskanalar og svært pressa økonomi. Den store fienden (som òg gjer at Narvesen no legg ned 70 kioskar) er sjølvsagt alt det digitale.

Så då blir spørsmålet panelet må ta stilling til: Har trykte nisjetidsskrift ei framtid? Og korleis bør biblioteka forhalda seg til nisjetidsskrifta?

Sensur?

På måndag byrjar Forbodne bøker-veka, og ein av dei hundrevis av tinga som skjer rundt i landet er ein panelsamtale på Sentralen i Oslo med tittelen «Hva er sensur?».

Bendik Løve har skrive ei masteroppgåve der han har kartlagt førekomsten av sensur i norske bibliotek.

Ytringsrommet i norske bibliotek kjem nok til å blir grundig diskutert over heile landet neste veke. Men her og no vil eg vi skal nerda litt på begrepsbruken. Bibliotekpanelet sin samtale om dette tek utgangspunkt i skulebibliotekaren Bendik Løve si ferske masteroppgåve om litteratur som blir utfordra i bibliotek (noko vi kjem til å skriva om snart – intervjuet med Løve er gjort). Her brukar han mange ord om fenomenet: forbod, press, påverknad, mikrosensur, sjølvsensur, sensur og restriktive haldningar til kontroversiell litteratur. Så då blir ja/nei-spørsmålet dette:

– Er «sensur» eit dekkande samleomgrep for det som skjer når bøker blir utfordra?

Episoden blei spelt inn 1. oktober 2026.

Panelet

Knut Olav Åmås er direktør i Stiftinga Fritt Ord, nokon han vore sidan 2014. Før det var han ein kultur- og debattredaktør i Aftenposten, redaktør i Samtiden og ei kort tid statssekretær i Kulturdepartementet. Han er dr.philos. med ei avhandling om Olav H. Hauge og sit mellom anna som styreleiar i Store norske leksikon.

Mariann Schjeide er bibliotekar med lang erfaring som biblioteksjef i folkebibliotek, først i to små, Giske og Skodje, så i eit ganske stort i Ålesund. Etter dette leia ho Norsk bibliotekforening i seks år frå 2014 til 2020. Ho har òg studert nordisk språk og litteratur og leiing. I dag er ho biblioteksjef ved Høgskulen i Volda og sit i den internasjonale bibliotekføderasjonen IFLA sin ytringsfridomskomite FAIFE. Ho er òg ein veteran i Bibliotekpanelet (ho var også med i den første episoden i vår).

Reidun Brinchmann leier folkebiblioteket som er der for dei 6299 innbyggarane i Froland kommune i Agder. Der har ho vore sidan ho begynte som sommarvikar i år 2000. Ho er bibliotekar, har ein bachelor i utviklingsstudium og ein master i offentleg politikk og leiing. Ho har interesse for teknologi og KI og er ein av 15 representantar til Åse Wetås sin nye tenketank – betre kjend som Nasjonalbiblioteket sitt Fagråd. 

Powered by Labrador CMS