aktuelt

Podkasten Bok & bibliotek #53

TUNG SITUASJON: – Det har vore vondt, seier administrerande direktør Terje Eid-Hviding om situasjonen dei tilsette i Biblioteksentralen har stått i den siste tida.

Biblioteksentralen sel Bibliotekenes hus og seier opp rundt ein av fem

Det fortel administrerande direktør i Biblioteksentralen AS Terje Eid-Hviding i den nyaste episoden av podkasten Bok & bibliotek.

Då Norsk bibliotektransport gjekk konkurs tidlegare i år, sat morselskapet Biblioteksentralen att med rekninga. For å betala denne, må dei no selja Bibliotekenes hus på Alna i Oslo og seia opp rundt 20 prosent av dei tilsette. 

– I lys av NBT kom det veldig mykje anna, og då handla det fort om å stoppa blødningane og skaffa seg oversikt, seier Eid-Hviding i episoden.

Blir i huset

Når Bibliotekenes hus er seld, vil Biblioteksentralen leiga seg inn igjen hos dei nye eigarane. Lager- og distribusjonsavdelinga i første etasje vil bestå som i dag, medan alle kontor for tilsette vil bli samla i tredje etasje i bygget. Noko av det som snart høyrer soga til, er toppetasjen med eit eige bibliotek som har vore visingsrom for bibliotekmøblar og arena for bokmøter.

– No er vi i drøftingsmøter, vi er komne halvvegs. Men i løpet av september, ut i oktober kjem vi til å mista kanskje 9–10 personar. Det er mykje for ei så liten organisasjon, seier Eid-Hviding.

– Har vore vondt

– På toppen av at dei skal stå i det at verksemder forsvinn og huset forsvinn, så forsvinn jobben for nokon, kollegar for andre. Dei er bekymra for korleis dei skal klara å halda leveransenivået oppe. Det har vore vondt. Men vi har ein veldig god dialog med fagforeiningane og prøver å finna løysingane vi kan, fortel Eid-Hviding, som håpar han som leiar har lagt til rette for at folk kan vera både sinte, forbanna og frustrerte.

I intervjuet fortel Terje Eid-Hviding også om at dei allereie har mista tre tilsette som sjølv har valt å gå frå jobben i Biblioteksentralen.

Konkursen i Norsk bibliotektransport i april gjorde at fleire problem i forretningsdrifta blei synlege, ikkje minst garantiane på opp mot 700 millionar kroner som morselskapet Biblioteksentralen gjennom åra har gjeve til dotterselskapa sine. 

Bok & bibliotek har følgt utviklinga i konsernet tett dei siste ni månadane og du finn mange saker om dette på bokogbibliotek.no.

Powered by Labrador CMS