ordskifte
NB svarar om formidling til distrikta
Eit Nasjonalbibliotek for heile landet
Heller enn å fylla Oslo med endå meir innhald, burde Nasjonalbiblioteket tilby utstillingar og forfattarturnear til biblioteka rundt i landet, hevda Bok & bibliotek-redaktøren i ein leiar nyleg. – Vi er usamde i at den beste måten å forvalte formidlingsoppdraget vårt på er å dra på turne, svarar nasjonalbibliotekar Åse Wetås.
I leiarteigen til Bok og bibliotek 3/2026 løftar ansvarleg redaktør Arne Olav Hageberg fram Nasjonalbibliotekets arbeid med formidling. Vi er glade for at Hageberg meiner formidlinga vår er god, og vi er langt på veg samde om kva som er målet med formidlingsaktiviteten vår. Nasjonalbiblioteket skal gje folk tilgang til kulturarven vår som er eit grunnlag for identitet og forståing av vår felles historie. Formidlinga vår skal auke kunnskapen om norsk historie, kultur og samfunn, og nå breitt ut til folk i heile landet. Nett det kan vi glede Hageberg med at vi gjer: Tala frå i fjor viser at formidlinga til Nasjonalbiblioteket nådde ut til meir enn 2 millionar, frå nord til sør, i aust og i vest.
Alle arrangementa Hageberg kunne tenke seg å gå på i løpet av hausten, kan han følgje direkte på strøyming på nb.no, eller få dei på øyret i podkastformat etterpå. Skuleformidlinga vår blir nytta i alle fylke, og ved nær 70 % av alle vidaregåande skular i Noreg. Podkastane Strid og Gamle greier når lyttarar der dei er, anten dei høyrer dei gjennom våre kanalar, eller i NRK radio. Kvar dag kan folk få oppleve og lære om norsk kulturhistorie i sosiale medium eller på nettsidene våre, gjennom videoar og artiklar.
Hageberg ønsker seg òg plakatar basert på utstillingane våre. Vi er samde i at det er ein god idé, og gjennom tjue år har alle norske folke- og universitetsbibliotek kvart år fått tilbod om gratis utstillingsplakatar frå Nasjonalbiblioteket, som regel basert på dei tematiske samlingsutstillingane våre. Nærmare 300 bibliotek nyttar dette tilbodet årleg og har laga eigne gode formidlingsopplegg rundt, eller strøyma arrangementa knytt til utstillingar i eige bibliotek. Kunnskapen som ligg til grunn i utstillingane blir òg formidla digitalt slik at folk kan lære og forstå meir om vår felles historie uansett kor langt unna Solli plass dei bur.
Vi er usamde i at den beste måten å forvalte formidlingsoppdraget vårt på er å dra på turne, slik Hageberg kan sjå ut til å ønske seg. Riksteateret er strålande og løyser oppdraget sitt på utmerkt vis. Men om Nasjonalbiblioteket skulle vald same framgangsmåten, ville resultatet vore eit mindre og meir avgrensa tilbod enn det vi har i dag. Kulturhistoria er stor og mangfaldig, og vi har valt flater og kanalar som gjer at vi kan formidle mest mogleg til flest mogleg. Det er det formidlingsoppdraget vårt er. Vi skal gje folk tilgang til kulturhistoria. Dette er kunnskap som legg grunnlaget for eit ope og opplyst ordskifte, for demokrati og for ei inkluderande kjensle av eit felles vi. Det meiner vi er viktigare enn nokon gong for alle som bur i Noreg.
Bidra til ordskiftet!
Har du meningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send dei til post@bokogbibliotek.no.