Utgave: 2/2020

Historiske hovudretningar i det norske bibliotekfeltet

«Drøft tilhøvet mellom ein amerikansk og ein kontinental, hovudsakleg tysk bibliotektradisjon i utforminga av norsk bibliotekvesen i perioden 1900–1970. I kva mon kan ein tala om særnorske trekk ved systemet?» Slik lød tittelen til Johan Hendens prøveforelesing til doktorgraden# «Det er ikke alene et Universitets-, men ogsaa et Nationalbibliothek Axel Charlot Drolsum i Universitetsbiblioteket 1870-1922». Doktorgrad i historie ved NTNU 8. desember 2017. Førsteopponent var professor Kjell Jonsson, Umeå universitet, andreopponent var professor Ragnar Audunson, OsloMet. Avhandlingen i fulltekst: https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/handle/11250/2479160 i historie 8. desember 2017. Vi gjengir forelesinga her.

Johan Henden
Bibliotek

Innleiingsvis vil eg definera kva som ligg i desse omgrepa og tidsramma. Starten på perioden markerer eit klart brot/vendepunkt, medan slutten på perioden er meir ein glidande overgang til ei utviding av biblioteklandskapet med det multimediale og eit utvida utdanningssamfunn som gradvis byrja å få form kring 1970.

Amerikansk tradisjon i utforminga av norsk bibliotekvesen tolkast her som dei nye bibliotektekniske impulsane og vendingane som omforma det norske folkebibliotekfeltet frå århundreskiftet og framover og vidare korleis dette grunnlaget vart tilpassa og utvikla til å omfatta det samla bibliotekfeltet. Stikkord: Opne hyller, standardisering, publikum i sentrum. Publikumsbibliotek.

Universitetsbiblioteket i Oslo, Karl Johans gate, 1890–1900

Tysk/kontinental bibliotektradisjon var den tradisjonelle bibliotekstrukturen i norske fag- og forskingsbibliotek. Universitetsbiblioteket i Kristiania/Oslo, landets største fag- og forskingsbibliotek, har vore den fremste eksponenten for dette i Noreg. Dette biblioteksystemet var prega av ein museumstradisjon, at det var lukka og at det var kontrollert. Det var eigne heimesnikra katalogsystem og fagspesifikke klassifikasjonssystem. Denne perioden var universitetsbiblioteket også norsk nasjonalbibliotek med sin Norske avdeling med ansvar for pliktavlevering og nasjonalbibliografi. Stikkord: Lukka magasin, samlingane i sentrum. Lærdomsbibliotek.

Utforminga av norsk bibliotekvesen reflekterer norsk bibliotekpolitikk. Generelt for heile den norske biblioteksektoren er at sterke og synlege enkeltpersonar i nøkkelposisjonar har prega feltet. Politikken på bibliotekfeltet har i likskap med politikken på andre felt vorte til i eit samspel mellom enkeltindivid og dei strukturane dei har handla innafor.

Det norske bibliotekfeltet har tradisjonelt vore delt i to: På den eine sida folkebiblioteka og på den andre sida fag- og forskingsbiblioteka. Folkebiblioteka er bygde ut over heile landet, dei er i alle kommunar og har hatt ei allmenn samfunnsmessig kultur- og opplysingsoppgåve og vender seg til alle borgarar. Sjølv om det er lokale variasjonar kring i landet, finst det nasjonale lover og retningsliner for å sikra ein fagleg standard og dei er finansierte av lokale og sentrale styresmakter. Fag- og forskingsbiblioteka har vore integrerte i ein overordna eigarinstitusjon, t.d. universitet eller forskingsinstitusjon, har eit meir avgrensa publikum gjerne med spesifikke fagleg behov.

Amerikansk påverknad

Mellom 1830 og 1930 utvandra kring 800 000 nordmenn til Nord-Amerika (vesentleg USA). Kring ein fjerdedel av desse vende attende. Kontakten med Amerika førde med seg kunnskap, førebilete, inspirasjon og idear innan næringsliv, teknologi, politikk, vitskap og kultur. Også innan bibliotekfeltet har påverknaden vore stor og vedvarande. Den norske utvandringa til Amerika inngjekk i ei veldig utvandringsbølge frå Europa til Nord-Amerika, der folk med svært ulik og samansett bakgrunn søkte ei ny framtid. Det amerikanske samfunnet stod andsynes store utfordringar med å gi innvandrarane grunnleggande kunnskap om forholda og vilkåra i det nye landet. Her utførte dei amerikanske folkebiblioteka ei stor oppgåve. I det amerikanske samfunnet var suksess i stor grad basert på personleg innsats, men kvar og ein måtte sikrast høve til å hjelpa seg sjølv.

Andrew-Carnegie
Haakon Nyhus

Folkebiblioteka vart med dette stadig tydelegare kunnskaps– og utdanningsinstitusjonar, nærast som vaksenopplæringsinstitusjonar. Sjølvlærte millionærar, eller det var vel heller milliardærar – som Andrew Carnegie (1835-1919) – gav store beløp til biblioteksaka. Mellom 1883 og 1919 donerte Carnegie byggemidlar til 2509 bibliotek, hovudsakleg i den anglo-amerikanske verda, 1919 var der 3500 bibliotek i USA, mest halvdelen var bygde med midlar frå Carnegie.

Det blei utvikla effektive og publikumsorienterte bibliotekrutiner. Dette dreidde seg mellom anna om opne hyller der publikum sjølv fekk direkte tilgang til samlingane i biblioteket. 1876 vart eit bibliotekshistorisk merkeår; Charles Cutter (1837-1903) sine standardiserte katalogiseringsreglar var klare, den amerikanske bibliotekforeninga, American Library Association, vart skipa, første utgåve av Melvil Dewey Decimal Classification kom, tidsskriftet Library Journal vart planlagt (første utgåve 1878) og The Library Bureau, som m.a. leverte bibliografiske hjelpemiddel og biblioteksinventar, vart skipa. I 1887 vart den første amerikanske bibliotekskulen med eit-årig utdanning starta.

Den framveksande amerikanske folkebibliotekstypen hadde ein faktisk nytteverdi for publikum. Gjennom sjølvstudiar og eigeninnsats kunne ein tileigna seg yrkeslivet sine behov og krav, og dermed arbeida seg opp og fram. Biblioteket var eit hjelpemiddel for å oppfylla den amerikanske draumen om å skapa si eiga lukke. Det var nyttige kunnskapar, folk trong ikkje lærdom i seg sjølv. Her var det heller praktisk nytte enn danning og vitskap som var målet.

Hans Tambs Lyche

Ingeniøren Hans Tambs Lyche (1859-98) vart ein ivrig pådrivar for den amerikanske bibliotekideologien i Noreg. I 1893 kom han tilbake til Noreg etter å ha vore i USA sidan 1880. Tambs Lyche vart redaktør for tidsskriftet Kringsjaa. Sentralt her var den amerikanske bibliotekutviklinga som han stadig omtalte i tidsskriftet. I snitt var der ein artikkel om bibliotek i kvart einaste nytt nummer av Kringsjaa. Tambs Lyche var såleis heilt sentral i å presentera amerikanske bibliotek for eit lesande norsk publikum.

Deichman, Hammersborg.

Saman med Karl Fischer og I.B. Halvorsen frå Universitetsbiblioteket lanserte Tambs Lyche i 1896 eit amerikansk inspirert reformprogram for hovudstaden sitt slumrande kommunale Deichmanske bibliotek. Dette var eit frivillig utval som hadde oppnemnd seg sjølv. Sentralt i forslaget var at det skulle etablerast ein lesesal og filialar for å nå ut til publikum. Samlingane skulle byggast systematisk med planlagde innkjøp og på lengre sikt måtte biblioteket få eit nytt bygg. Nybygget, på Hammersborg, kom først i 1933, men planen fekk tilslag av dei kommunale styresmaktene i mai 1898. Tambs Lyche sjølv døydde nokre veker før planen gjekk gjennom, men då stod ein annan mann klar til å gjennomføra planen i praksis: Haakon Nyhuus (1866-1913).

Etter sju år i USA kom Haakon Nyhuus tilbake til Noreg. Tilfeldigheitar leidde Nyhuus til bibliotekarbeid i Chicago. Først arbeidde han to år ved det frittståande forskingsbiblioteket Newberry Library. Deretter var han i fem år katalogsjef ved Chicago Public Library. Nyhuus hadde ikkje noko formell bibliotekarutdanning, men han fekk førstehands røynsle i moderne amerikansk bibliotekvesen gjennom praktisk bibliotekarbeid. I 1898 vende han attende til heimlandet, og etter nokre månader som lesesalinspektør på UB, byrja han i august 1898 som sjef på Deichmanske. Det var nok å gripa tak i, men som følgje av at den ovannemnde planen var vedtatt, var der også nokså rikelege midlar til å reformera biblioteket.

Med sin amerikanske bakgrunn var Nyhuus også instruktør for eit uskulert personale i nye rutinar og praksisar. Dei slitne lokala biblioteket disponerte i Christian IVs gate vart pussa opp og utvida med lesesal og ungdomsavdeling. Opningstidene vart utvida, og hyllene vart opne slik at publikum fekk direkte tilgang til samlingane. I 1903 vart Deweys desimalsystem innført for nye bøker. Det var det første biblioteket i Europa som innførte dette klassifikasjonssystemet. I 1897 hadde Deichman eit personale på 2, i 1913 var det omlag 30, i same periode auka budsjettet frå kr. 6 400 til over kr. 100 000. Under Nyhuus vart Deichman eit mønsterbibliotek.

Ein korporativ kanal

Den amerikanske vendinga som Tambs-Lyche hadde introdusert og Nyhuus realisert, inngjekk i eit større bilete i norsk samfunnsutvikling. Med folkeskulelova av 1860 var heile folket lesekunnig, og med den generelle moderniseringa og politiske og sosiale utviklinga i samfunnet auka pågangen på eit sprikande og variabelt folkebiblioteksystem. Ved hundreårsskiftet var der om lag 650 boksamlingar i Noreg. Dei kunne søka staten om bidrag frå 10 til 200 kroner til bokkjøp og innbinding (1 kr i 1902 = 50kr i 2000, dvs. frå 500 til 10 000 i år 2000-kr). Vilkåret for statsbidrag var at tilsvarande sum vart stild til rådvelde på anna måte, oftast frå kommune (evt. legat, kyrkjer, øl- og brennevinssamlag eller basarar).

Det vaks fram ein tale- og skrivefør biblioteksoffentlegheit som bidrog til å synleggjera bibliotekfeltet, primært folkebiblioteka. Denne offentlegheita samarbeidde tett med Kyrkjedepartementet. Det blei dermed utvikla ein korporativ kanal der faglege organisasjonsinteresser fall saman med offentleg politikk. Eller kanskje vi heller kan seia at organisasjonsinteressene var drivne fram av sterke personar som sjølv forma den offentlege politikken?

I 1901 utnemnde Kyrkjedepartementet, etter innspel frå Nyhuus, ein komité for å greia ut folkebibliotek i Noreg. Dette var eit tidleg døme på at bibliotekoffentlegheita var med å setja dagsorden. Komitéen var sett saman av Nyhuus, Fischer og ein byråsjef i departementet.

I september 1901 leverte komitéen innstillinga: Folkebogsamlinger i Norge. Den munna ut i to konkrete forslag: For det første at departementet skulle etablera ei sakkunnig konsulentstilling for å samordna og kontrollera folkebibliotekfeltet, for det andre at det vart laga ein rettleiande samkatalog for innkjøp til folkebibliotek. Denne katalogen skulle visa tilrådd litteratur, og innkjøpa kunne samordnast slik at bøkene kom ferdig innbundne og var merka med Deweysignatur klare til å stillast på hylla. Katalogen skulle trykkast med settemaskin slik at innførslane også kunne nyttast som katalogkort. Dermed ville det bibliotekfaglege vera sentralisert og forenkla. Komitéen var opptatt av rasjonalitet, kontroll og samordning.

Bibliotekkomitéen fekk gjennomslag hjå styresmaktene, og i 1902 etablerte Kyrkjedepartementet ei delstilling som bibliotekkonsulent. Arbeidsoppgåver var m.a. rettleiing for bokkjøp og samlingsordning. Nyhuus vart den første konsulenten. Han byrja straks å arbeida med katalogen for folkebibliotek som vart sendt ut i 1903.

Departementet etablerte ein samarbeidsavtale med J. M. Stenersens bokbinderi om spesialinnbinding og ekspedisjon av folkeboksamlingane sine bøker. Dette munna ut i tiltaket Folkeboksamlingenes Ekspedisjon som kjøpte inn bøker til rabattpris frå forlaga, batt dei solid inn med Deweynummer på ryggen for å tola minst 100 utlån og monterte lomme og bokkort, seinare også katalogkort.

Bibliotekkonsulenten katalogiserte og klassifiserte bøkene. Såleis var bøkene klare til oppstilling i hylla på dei lokale folkebiblioteka og gjenfinning i boklista og etter kvart kortkatalogen. Dette var ei stor avlasting for dei uskulerte bibliotekarbeidarane kring i landet. Etablering av sentralbokbinderi og sentralekspedisjon skulle visa seg å bli ei av 1902-ordningens viktigaste reformer. Dette tiltaket med stordrift og masseinnbinding gav ein betydelig prisreduksjon og effektiviseringsgevinst. Ein annan stor og vedvarande konsekvens av reforma var at Deweys desimalklassifikasjon fekk ein dominerande posisjon i det norske bibliotekfeltet.

Haakon Nyhuus sat i konsulentstillinga til 1905, då var arbeidet kome i faste former. Karl Fischer (1861-1939) overtok og han sat i stillinga fram til 1933. I 1921 vart konsulentstillinga ei fulltidstilling.

I 1907 byrja Kyrkjedepartementet å gi ut tidsskriftet For Folke- og Barneboksamlinger. Fischer hadde tatt initiativ og var redaktør. Tidsskriftet vart eit talerøyr for biblioteksaka og folkeopplysing, for å fremja folkeboksamlingane som samfunnsinstitusjonar og lesing som ein veg til auka kunnskap og framgang. Fischer var redaktør i 27 år. I 1916 bytta tidsskriftet namn til For folkeopplysning og i 1934 vart det endring til Bok og bibliotek. Tidsskriftet kjem stadig ut, no med stiftinga ABM-media som utgivar.

Året etter kom eit anna tiltak frå Fischer: Det årlege norske bibliotekmøtet vart halde for første gong i 1908. Her samla biblioteksektoren seg til diskusjon og faglege møte. Både tidsskriftet og det årlege bibliotekmøtet var viktige steg fram mot å verkeleggjera Nyhuus sin store tanke om ein Norsk bibliotekforening. På bibliotekmøtet i 1913, vart NBF, Norsk Bibliotekforening, skipa. Nyhuus sjølv hadde skrantande helse og kort tid att. Han døydde 1. juledag 1913. Som ein heider vart han likevel vald til den første formann for foreninga. Den som i praksis stod for skipinga av foreninga var den nye biblioteksjefen i Bergen, Arne Kildal (1885-1972). Han var formann i foreninga 1913-16 (og 1929-33). Den amerikanske bibliotekorganisasjonen var førebilete for den norske organisasjonen. Gjennom Den norske bibliotekforening framsto biblioteksaken som ei samansmelting av profesjonsinteresser og ålmenne samfunnsmessige omsyn.

I løpet av dei to første tiåra av 1900-talet hadde den amerikanske vendinga stått for ein revolusjon i det norske bibliotekfeltet både organisasjonsmessig og bibliotekfagleg. I samspel med den norske folkeopplysingstradisjonen var det oppstått ei bibliotekoffentlegheit som i stor mon forma den offentlege folkebibliotekpolitikken, men finansieringa måtte koma frå det offentlege. Feltet vart institusjonalisert med departementskonsulent og bibliotekreform i 1902, eige tidsskrift 1907, nasjonale bibliotekmøte i 1908 og nasjonal bibliotekforening 1913.

I løpet av dei to første tiåra av 1900-talet hadde den amerikanske vendinga stått for ein revolusjon i det norske bibliotekfeltet

I denne perioden kom det tre nye bibliotekbygg i Noreg som tilsaman både illustrerte den nye bibliotekfaglege retninga og den eldre kontinentale leia. Deichmanske filial på Schous plass i hovudstaden vart opna i 1914 og var den første norske folkebibliotekbygning bygd for bibliotekformål og berre det. Det var ei norsk tydeleg utgåve av dei nyaste amerikanske bibliotekbygningar med opne hyller og publikum i sentrum, såkalla Carnegiebibliotek. I 1917 opna det større Bergens offentleige bibliotek som også var bygd etter same lest. Biblioteksjef Arne Kildal var utdanna bibliotekar ved New York State University og han skulle bli ein heilt sentral person i det norske folkeopplysings- og bibliotekfeltet i fleire tiår framover.

Det nye Universitetsbibliotek, Kristiania

Den tysk-kontinentale bibliotektradisjonen fekk samtidig sitt høgdepunkt i Noreg 1914 med opninga av det nye kombinerte nasjonal- og universitetsbiblioteket på Drammensvegen. På grunn av plassproblem vart dette monumentale nybygget sett opp utanfor universitetskomplekset på Karl Johansgate. Dermed var det fysisk avstand til primærbrukarane på universitetet, og denne avstanden auka etterkvart som universitetet ekspanderte på Blindern. I dei nye Carnegiebiblioteka gjekk bøkene til publikum, medan bøkene drog seg attende til magasina på UB.

Bøkene som brukarane på UB møtte var oppslagsverk, som ikkje var til utlån, og katalogar. Bokbestillingar og litteraturrettleiing gjekk via skranken. Avstanden mellom lesaren og boka auka dermed dramatisk på UB og vart ein kontrast til dei opnare folkebiblioteka. Men den tyske påverknaden var ikkje unik for dette biblioteket, det galdt også andre gamle vitskaplege bibliotek i landet som Bergens museum og vitskapsselskapet i Trondheim. Den kontinentale tradisjonen var også sterk og dominerande innan universitetskrinsar og vitskaplege og kulturelle miljø i alle dei nordiske landa til godt inn i mellomkrigstida.

Etter århundreskiftet kom ei rekke nye faglege og vitskaplege bibliotek i Noreg og her gjorde den amerikanske påverkinga seg gjeldande. Det er sjølvsagt lettare å starta med noko nytt enn å legga om eit stort og etablert system som UB. Ved NTH i Trondheim, som vart skipa i 1910, vart bibliotektenesta, som ikkje hadde eige bygg men heldt hus i hovudbygninga, bygd opp med opne samlingar og amerikanskinspirerte katalogar og klassifikasjonssystem. Slike løysingar vart også valde ved dei andre framveksande institusjonane.

Utdanning

Formell fagkunnskap bidrar til å gi eit fagfelt samfunnsmessig legitimitet. Nyhuus hadde tidleg ivra for ein norsk bibliotekskule etter amerikansk lest utan resultat. Den første organiserte biblioteksutdanninga i Noreg var Deichmanskes elevkurs i 1919. Dette var ein miks av teori og praksis. I 1940 vart Statens bibliotekskole skipa, men regulær undervising kom først i gang etter krigen. UB hadde eige intern opplæring, der universitetstudiar og kombinert aspirantopplegg med praksis og teori leidde fram til tilsetjing. Eit særtrekk med den amerikanske innflytinga på det norske bibliotekfeltet var at mange nordmenn tok bibliotekarutdanning ved amerikanske bibliotekskular. Frå 1895 og fram til andre verdskrig utdanna over 100 nordmenn seg til bibliotekarar ved amerikanske bibliotekskular. Dette var ikkje nokon billeg utdanningsveg, så det var ikkje for kven som helst. Ein vesentleg grunn til at biblioteket ved NTH ikkje vart etablert etter tradisjonell tysk/kontinentalt mønster var nok at bibliotekleiaren John Ansteinsson (1893-1961) var utdanna ved New York State Library School i Albany.

Bibliotekkomitéen av 1919

Etter påskuv frå bibliotekforeninga utnemnde kyrkjedepartementet i 1919 ein komité som skulle utgreia det samla norske bibliotekfeltet og laga ein felles plan. Komitéen hadde 5 medlemmer og 3 av desse var sentrale frå feltet, Kildal, Fischer og Arne Arnesen, som hadde overtatt etter Nyhuus på Deichmann. UB var representert med førstebibliotekar Hjalmar Pettersen. Femtemann var ein politikar frå Bergen, rektor Geelmuyden. Sjølv om bibliotekforeninga tok initiativ og hadde det reelle hovudansvaret, så var denne komitéen det første statlege initiativet for ei samla utgreiing og analyse av heile det norske bibliotekfeltet. Komitéen leverte si innstilling i 1921 med tittel Innstilling om bibliotekvesenetes ordning.

Innstillinga munna ut ei rekke forslag, men på grunn av den vanskeleg økonomiske situasjonen i mellomkrigstida tok det lang tid før forslaga vart realiserte. Sidan den statlege støtta til dei enkelte folkebibliotek enno var beskjeden, var dei fleste biblioteka avhengige av kommunale midlar. Den økonomiske depresjonen i mellomkrigstida ramma også kommuneøkonomien. Dette førte til tilbakeslag for bibliotekutviklinga. Staten var varsam med å stilla økonomiske krav til kommunane. Men sjølv om bibliotekutviklinga hadde mista fart, var det ikkje full stopp. Kulturpause har vore ei nemning for 20-talet. I 1923 og 1927 vart det reist forslag om å avvikla Kyrkjedepartementets bibliotekkontor, men departementet fekk hindra dette. Dette var også nokre år med politisk ustabilitet og stadig skiftande regjeringar, men utover 30-talet vart det eit nytt økonomisk og politisk klima i landet.

1935 kom den første norske biblioteklova. I denne omgang var det i stor grad ei rammelov utan klare økonomiske forpliktingar, men den lovfesta skuleboksamlingar og knesette gratisprinsippet. Denne lova peika fram mot ei revidert og meir omfattande i lov i 1947. I 1935 vart også departementets bibliotekkontor utvida til å bli eit kontor for folkeopplysing for å få eit nærare samspel mellom folkebibliotek, folkeakademi, studieringar og kringkastingas foredragsverksemd. I 1939 vart stillinga som bibliotekkonsulent, som var ei viktig følge av bibliotekreforma i 1902 oppgradert, til byråsjef i Kyrkjedepartementets kontor for folkeopplysingsarbeid. Denne breie folkeopplysingstilnærminga, var nok eit særnorsk trekk. Såleis gjekk folkebiblioteka inn i eit større krinslaup i offentleg regi.

Utvida pliktavlevering

Arbeidet i bibliotekkomitéen hadde også synleggjort faglege usemjer mellom folkebibliotek og vitskaplege bibliotek, som også kan vera døme på usemje mellom den amerikanske folkebibliotekvendinga og kontinentale tradisjonen. Fleirtalet i komitéen meinte at det burde etablerast ein bibliotekskule etter amerikansk mønster, og at denne utdanninga ville dekka behovet for kvalifisert arbeidskraft for heile bibliotekfeltet. UB sin representant dissenterte på dette og held på ein praktisk/akademisk aspirantvariant for det vitskaplege feltet.

Eit anna tema som komitéen tok opp og som synte dei ulike posisjonane mellom open tilgang til samlingane og ein terskel for tilgang var utviding av avleveringsplikta. Sidan 1883 hadde UB etter initiativ frå overbibliotekar Drolsum hatt ansvar for nasjonalbibliotektenester i Noreg med handtering av lovpålagt pliktavlevering av trykksaker og ansvar for nasjonalbibliografi. Indirekte var avleveringslova ei lov for UB, for den lovpålagte avleveringa betinga eit avleveringsbibliotek.

Axel Drolsum

Komitéen foreslo at pliktavleveringa også skulle utvidast til å gjelda avlevering til det nye folkebiblioteket i Bergen, som dermed kunne framstå som eit sentralbibliotek for vestlandsregionen. Biblioteksjef Kildal hadde også foreslått dette tidlegare før komiteen tok det opp. Om dette skreiv overbibliotekar Axel Drolsum (1846-1927) ved UB i ei betenking til departementet at han var samd i avleveringa no vart utvida til fleire eksemplar og fleire institusjonar, men han var svært usamd i at dette skulle tilfalla Bergens offentlige bibliotek. Ei eventuell avlevering dit ville ifølge Drolsum vera i strid med pliktavleveringsinstituttet sitt moralske og legitime grunnlag. Pliktavleveringa kvilde ifølge Drolsum på fire fundament:

- Det var ein særskild skatt på nasjonal bokproduksjon og kunne påleggast av samfunnsmessige omsyn.

- Dei samfunnsmessige omsyna var eit samspel mellom staten, vitskapen, forfattarane, bokhandverk og bokhandel som hadde interesse av at landet sin samla bokavl vart teken vare på for ettertida.

- Som vederlag registrerte staten det avleverte og stilde det til rådvelde i den grad det var foreineleg med bøkene si konservering

- Frieksemplara skal berre tena vitskapeleg studiar og litterære undersøkingar. Plikteksemplara var primært arkiveksemplar. Nasjonallitteratur som var svært etterspurt, måtte kjøpast i eigne utlåns- og lesesaleksemplar i tillegg til det pliktavleverte eksemplaret.

Korleis skulle utgifter, administrasjon og ansvar delast mellom stat og kommune?

Denne strenge handsaminga av det pliktavleverte materialet hadde ifølge Drolsum verka til at pliktavleveringa sidan innføringa i 1883 hadde vorte vurdert som rettferdig og aldri hadde vore utsett for alvorlege åtak. Med andre ord måtte også eit pliktex. nr 2 vera eit arkiveksemplar til begrensa vitskapelege studiar. Drolsum avviste definitivt at Bergen offentlige skulle få avleveringseksemplar. Ei slik avlevering ville vera full av konfliktar. Om eit kommunalt folkebibliotek også skulle vera nasjonalt bokarkiv, så ville det vera to motstridande oppgåver. Korleis skulle utgifter, administrasjon og ansvar delast mellom stat og kommune? Drolsum meinte at komitéen burde gjort merksam på at arkiveksemplar ikkje skulle stå i opne hyller (Amerikansk løysing), det skulle haldast i ei lukka avdeling (tysk/kontinental) og berre stillast til rådvelde for alvorlege studiar. Overbibliotekaren meinte at forslaget var umulig og eigentleg basert på ei misforståing av avleveringspliktas samfunnsmessige oppgåve.

Biblioteknevnden av 1935

Wilhelm Munthe

Drolsum, som gjekk av i 1922, kom ikkje lenger med utviding av avleveringsplikta, men forslaget om lovpålagt avlevering til eit folkebibliotek vart i alle høve stansa. Etterfølgaren hans i overbibliotekarembetet, Wilhelm Munthe (1883-1965), tok i 1935 initiativ andsynes departementet for å utnemna ei komité for å driva fram ei ny avleveringslov. Nemnda hadde 7 medlemer, Munthe sjølv, bibliotekarane ved Bergens museum (Anton Mohr Wiesener) og vitskapsselskapet i Trondheim (John Ansteinsson), Arne Kildal, frå Kyrkjedepartementets bibliotekkontor, representant frå Bibliotekforeninga (Henrik Hjartøy), samt forlags- og trykkerirepresentantar.

Nemnda arbeidde seg fram til ei innstilling om at biblioteka ved Bergens museum og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim skulle få rekvisisjonsrett til norsk materiale. Dermed ville dei unngå den totale avleveringa som gjekk til Norske avdeling, samstundes som dei kunne sikra verdifult norsk materiale etter eige skjønn. Denne utvidinga sikra fleire arkiveksemplar og gav samstundes dei rekvirerande biblioteka høve til ei breiare nasjonal samlingsoppbygging. For nemnda var det ikkje noko alternativ til desse vitskapelege biblioteka. Arbeidet til nemnda munna ut ei ny pliktavleveringslov som vart vedtatt av Stortinget i 1939.

Nasjonalbibliotek

Gjennom heile perioden hadde UBO også oppgåve som norsk nasjonalbibliotek. At dei to vitskapelege biblioteka i Bergen og Trondheim også kunne rekvirera pliktavlevert materiale gjorde dei ikkje til nasjonalbibliotek. Men Wilhelm Munthe hadde straks etter han vart utnemnd til overbibliotekar ved UB lansert eit forslag om å etablera eit frittståande norsk nasjonalbibliotek utanom UB. Etter forslaget skulle dette vera eit forskings- og vitskapsbibliotek, men denne saka skapte strid internt på UB, og den vann ikkje gehør i resten av bibliotekmiljøet og Stortinget parkerte den i 1930. Det ser ikkje ut til bibliotekoffentlegheita var særleg opptatt av eit institusjonelt nasjonalbibliotek.

1940-45

Krigsåra med okkupasjon var meir ein stagnasjon enn eit brot i utviklinga. I 1941 sa Kildal opp stillinga då Nasjonal samling overtok Kyrkjedepartementets bibliotekkontor. Okkupasjonsmakta og Quislingregimet beslagla og forbydde litteratur av det som vart definert som jødiske, kommunistiske og sosialistiske forfattarar. Samstundes var det stor pågang på biblioteka og med lite nye bøker og lite vedlikehald av biblioteka var det store gjenreisingsoppgåver då krigen var over. Den nordlege delen av landet var ramma mykje hardare enn resten av landet. 50 folkeboksamlingar og 180 skuleboksamlingar var heilt utsletta.

Gunnar Stenersen

Krigen betydde eit vendepunkt for Bibliotekenes ekspedisjonssentral. Leiaren Gunnar Stenersen melde seg inn i Nasjonal Samling og samarbeidde aktivt med okkupasjonsmakta. I 1941 etablerte han Gunnar Stenersens Forlag hvori opptatt Folkeboksamlingenes ekspedisjon. Gjennom ekspedisjonen hadde Stenersen tilgang til eit etablert nett av folke- og skuleboksamlingar. Det vart sendt ut fleire tusen bind med nazi-litteratur. Dette vart sendt som gåver som mottakaren måtte kvitera for. Infrastrukturen som hadde vorte etablert etter amerikansk inspirasjon for å sikra standardisert samlingsbygging til folkebiblioteka kring i landet vart no brukt til å spreia propaganda for okkupasjonsmakta.

Etterkrigstid

Etterkrigstida var prega av gjenreising med ein aktiv stat og ein offensiv kulturpolitikk. Kulturgodene skulle vera tilgjengelege for alle, styresmaktene såg folkebiblioteka i ein større samanheng med nye tiltak som Riksteateret, Norsk bygdekino og Riksgalleriet. I 1947 kom ei ny biblioteklov som var meir konkret enn 1935-lova. Her vart m.a. kommunane pålagde å ha folkebibliotek. Kommunalt minstetilskot til bøker, bibliotekarløn og skuleboksamling blir fastslått, og alle folkeboksamlingar skal vera under departementalt tilsyn. Stortinget avgjer storleiken på statstilskotet, og 5 % av statstilskotet blir sett av til eit avgiftsfond for norske forfattarar. Ein vidare følge av lova og den politiske stemninga var etableringa av Statens bibliotektilsyn. Det som i 1902 hadde starta som departementets bibliotekkonsulent hadde no vorte eit statleg direktorat med Kildal som direktør.

Etter krigen overtok det statlege eigedomsdirektoratet drifta av Bibliotekenes ekspedisjonssentral. Stenersen vart sikta for landssvik. Dette var ei mellombels ordning, og i 1952 framsto Biblioteksentralen som ein nyskapnad, som både førte arbeidet til ekspedisjonssentralen vidare og også famna breiare. Medan ekspedisjonssentralen hadde vore eit offentleg-privat tiltak, var Biblioteksentralen eit meir offentleg tiltak der norske kommunar, fylkeskommunane, kommunenes sentralforbund og Norsk bibliotekforening var eigarar.

Stortinget gav Biblioteksentralen tre hovudoppgåver: 1. Å skaffa biblioteka billeg og solid nok innbinding for bibliotekbruk 2. Å formidla innkjøp av dei bøkene biblioteka bestilte 3. Bibliografisk teneste til biblioteka. Dette likna på det amerikanske Library Bureau.

Tekniske og praktiske løysingar i norsk folkebibliotekvesen var i stor mon henta frå den amerikanske bibliotektradisjonen. Men i Noreg var bibliotekutviklinga driven fram av offentleg politikk og offentlege rammer. Det var kanskje også ei meir kollektiv haldning til biblioteka sitt samfunnsoppdrag. Bibliotekutviklinga vart heller ikkje driven fram av private mesenar som Carnegie.

Katalogisering og klassifikasjon

På katalogfeltet var det ei gradvis samkøyring mellom dei to bibliotektradisjonane, den amerikanske og tyske. Bibliotekforeninga var ei drivkraft her. Dei første norske katalogiseringsreglane kom i 1925, i denne utgåva er UB sine særreglar nedteikna parallelt med folkebiblioteka sine. Ei andre utgåve kom i 1938 og i 1952 ei tredje utgåve. I 1966 gjekk UBO bort frå alle variantar av det gamle regelverket og Noreg var no eit samla katalogiseringsrike. Vidare gjekk det mot ei internasjonal standardisering med katalogisering etter AACR (Anglo-American Catalouguing Rules) og ISBD (International Standard Book Description) standardar. I 1939 etablerte UB ein nasjonal samkatalog over utanlandske tidsskrift og bøker i norske bibliotek.

Tekniske og praktiske løysingar i norsk folkebibliotekvesen var i stor mon henta frå den amerikanske bibliotektradisjonen

Deweys desimalklassifikasjon vann tidleg fotfeste i Noreg. Arne Arnesen som tok over som sjef på Deichmann omsette og tilpassa Dewey til norske forhold. I 1914 kom Bøgernes opstilling og nummerering med et uttog av Dewey’s decimalklassifikation og i 1920 kom Klassifikasjon. Efter Melvil Deweys system, denne siste kom i nye og reviderte utgåver i 1955 og 1969. Arnesen sjølv døydde i 1943. Først i 1952 tok UBO i bruk Dewey i Norske avdeling. Sakte var den tysk/kontinentale tradisjonen på hell i si høgborg, UBO. Men då Universitetsbiblioteket i Bergen opna sitt nye hovudbygg i 1961 var det konstruert etter same lest som biblioteket på Drammensvegen med lukka hyller, bortsett frå eit ope studiemagasin for forskarar. Dette var eit unntak for det gjekk meir og meir mot open tilgang til samlingane i fagbiblioteka. Universitetet i Oslo ekspanderte på Blindern og medan hovudbiblioteket på Drammensvegen med sin etterkvart utdaterte kontinentale modell vart meir perifert, vaks det fram nye opne fakultetsbibliotek med amerikanske løysingar som var nær fagmiljøa på Blindern.

Ved tampen av perioden for denne framstillinga var ekspansjonen av høgare utdanning frå eit elitefenomen til eit breiare massefenomen i gang. I kjømda for dette var nye utdanningsinstitusjonar som distriktshøgskular og Universitetet i Tromsø. Denne utviklinga innebar også vekst av fagbibliotek og i det breie utdanningssamfunnet som var på gang låg ein overgang for denne sektoren frå meir passive lærdomsbibliotek etter kontinental tradisjon til aktive formidlingsinstansar etter amerikansk tradisjon.

Riksbibliotektjenesten

For folkebiblioteka var Statens bibliotektilsyn ein instans med røter tilbake til statens bibliotekkonsulent i 1902. Det var også ei lov for dette feltet. Folkebiblioteka inngjekk i eit nasjonalt nettverk, det gjorde for så vidt også fagbiblioteka, men her mangla det både lov og sentral instans. Den svære ekspansjonen innan fag- og forskingsbiblioteksektoren førte til at staten i 1969 etablerte i Riksbibliotektjenesten som eit planleggings, utgreiings- og koordineringsorgan for landets vitskaplege og faglege bibliotekvesen og dokumentasjonsverksemd.

Avrunding

Den amerikanske vendinga med ny bibliotekteknikk og aktivt publikumsretta og inkluderande formidling vann tidleg fotfeste i Noreg. På den eine sida var dette ei bibliotekteknisk og reint praktisk vending, men det var også ei kulturpolitisk vending som bidrog til offentleg samordning på folkebibliotekfeltet.

Den kontinentale tradisjonen var meir eksklusiv og sikte mot eit elitepublikum. Den første var i oppgang, den andre i nedgang som følge av samfunnsutviklinga. Eit særtrekk ved det norske systemet er vekt på aktiv folkeopplysing og offentleg finansiering.

Powered by Labrador CMS