Her er søkarlista

Desse søker ny direktørstilling ved Nasjonalbiblioteket

Det er endringar på gang ved Nasjonalbiblioteket. Snart kjem det kjem det ny nasjonalbibliotekar. Men uavhengig av det har NB gjennomført ei stor omorganisering. Her er lista over dei som har søkt om å leia den nyoppretta Avdeling for bibliotektenster.

Blir det ein av desse?: Cecilia Ekström, Olav Slettahjell, Hildegunn Amanda Soldal, Beathe Due, Siri Tidemann Naalsund og Endre Volden er seks av 19 søkarar til stillinga som direktør for Nasjonalbiblioteket si nye avdeling for bibliotektenester.

Den nye direktøren vil ha minst 72 tilsette under seg. Fire av dei er seksjonsleiarar med ansvar for desse underavdelingane:

  • Depotbiblioteket i Mo i Rana.
  • Tilrettelagt litteratur og det fleirspråklege bibliotek
  • Digitale tenester
  • Kommunikasjon og bibliotekpolitikk 

Lydbokforhandlingar og prosjektmidlar

Ein viktig del av oppdraget er å vidareføra dagens tenester, utvikla nye og få den nye eininga til å fungera, seier fungerande nasjonalbibliotekar Trond Haugen i podkasten til rekrutteringsbyrået MeyerHaugen.

Den nye direktøren vil også ha ansvar for utføringa av regjeringa sin bibliotekpolitikk. Ein av desse på søkarlista skal med andre ord føra dei nye forhandlingane om lydbøker i bibliotek.

«Hvis du motiveres av å styrke bibliotekenes rolle som demokratiarena, av å videreutvikle tjenester med stor vekt på det digitale og bidra til inkludering, så er dette rollen for deg. Hvis du i tillegg har erfaring fra media, forlagsbransjen, bibliotekbransjen eller digital tjenesteutvikling, så vil vi gjerne vurdere deg til rollen,» står det i utlysinga.

Vedkomande skal også forvalta midlande til prosjekt og infrastruktur i biblioteksektoren som Svein Arne Tinnesand har hatt ansvar for til no. Tinnesand går av med pensjon i løpet av våren.

Aktuelle namn

Namna på fire av dei 19 søkarane er unnateke frå offentleg innsyn. Basert på tvilsamt grunnlag og subjektive vurderingar har Bok & bibliotek laga ein alfabetisk presentasjon av seks av søkarane. Heile søkarlista finn de til slutt i saka.

Beathe Due (54) • Konsulent • Oslo

  • Hovudfag idéhistorie og doktorgrad i medier og kommunikasjon om Forventningers betydninger for IKT, lokalpolitisk deltakelse og engasjement.
  • Tidlegare dekan ved Avdeling for informasjonsteknologi ved Høgskolen i Østfold og dagleg leiar for oppstartsmiljøet Tøyen Startup Village. Frå 2018 pro-rektor ved Noroff School of Technology and Digital Media.
  • Profilert innan digitaliserings-, teknologi- og entreprenørskapfeltet; aktiv i initiativ som «Girl Geek Dinners» og «Lær Kidsa Koding».

Cecilia Ekström (52) • Underdirektør • Asker

  • Underdirektør ved Universitetsbiblioteket i Oslo, avdeling for humaniora og samfunnsvitskap.
  • Har tidlegare arbeidd ved Uppsala universitetsbibliotek og har erfaring med større renoverings- og omstillingsprosjekt i bibliotekdrift.
  • Engasjert i bibliotekfaglege tema som brukeroppleving (UX), læringsmiljø og undervisningstøtte.

Siri Tidemann Naalsund (47) • Avdelingsdirektør • Asker

  • Avdelingsdirektør for Deichman sine lokalbibliotek, med ansvar for 21 lokal- og spesialbibliotek med ca. 214 tilsette.
  • Tidlegare biblioteksjef i Asker kommune (2017–2022)
  • Har vore direktør for Det fleirspråklege biblioteket og seniorrådgjevar ved Nasjonalbiblioteket og i ABM-Utvikling.

Olav Slettahjell (51) • Leiar • Oslo

  • Etablerar av og rektor ved Oslo Nye Fagskole (frå 2024).
  • Lang erfaring i fagskulesektoren (programutvikling, nett-/fleksibel utdanning) med master i utdanningsleiing.

Hildegunn Amanda Soldal (46) • Medieleiar • Oslo

  • Tidlegare nettsjef i NRK, med ansvar for strategi og digital publisering; takka ja til sluttpakke februar 2025 etter ca. 8 år i stillinga.
  • Har bakgrunn frå britiske The Guardian og Dagbladet og har vore utviklingsdirektør/strategisk partnar i mediebransjen.

Endre Volden (43) • Dagleg leiar • Molde

  • Dagleg leiar i Moldejazz frå mars 2023. Kom då frå jobben som avdelingsleiar ved Ålesund vgs (kunst/design/drama/musikk).
  • Har fronta satsingar på unge kuratorar i festivalen (Programråd UNG).
  • Utdanning i regi, pedagogikk og i leiing.

Heile søkarlista

Beathe Due (54) • Konsulent • Oslo

Cecilia Ekström (52) • Underdirektør • Asker

Cecilie Rochstad (43) • Avdelingsleiar • Oslo

Danushka Jayawardana (35) • Jurist • Bærum

Eivind Croff (43) • Prosjektleiar • Oslo

Endre Volden (43) • Dagleg leiar • Molde

Erik Andres Fabian Fladeby (38) • Leiar • Askim

Evangeliia Mineeva (25) • Kjemiingeniør • Oslo

Unnateke frå offentleg innsyn (46) • Avdelingsdirektør • Oslo

Unnateke frå offentleg innsyn (55) • Seksjonssjef • Trondheim

Hildegunn Amanda Soldal (46) • Medialeiar • Oslo

Ilya Lebedev (35) • Prosjektkonsulent • Asker

Unnateke frå offentleg innsyn (52) • Avdelingsleiar • Oslo

Morten Evensen (55) • CTO • Drammen

Niloofar Jefroy (43) • Logistikk- og forsyningskjedespesialist • Bærum

Olav Slettahjell (51) • Leiar • Oslo

Siri Tidemann Naalsund (47) • Avdelingsdirektør • Asker

Unnateke frå offentleg innsyn (59) • Direktør • Oslo

Tatiana Prado Santos (42) • Gründer • Oslo

 

Powered by Labrador CMS