Nytt år, same krav: Nina Bigum Udnesseter i Skoleibliotekarforeningen i Norge har lenge etteryst ein nasjonal standard for skulebiblioteka.

Forslaget til statsbudsjett

– Vi har gått frå å få ingenting til å få litt meir

Politikarane ser ut til å byrja å forstå kor viktig skulebiblioteka er, seier leiar Nina Bigum Udnesseter i Skolebibliotekarforeningen i Norge. Men utan ein nasjonal standard og øyremerkte midlar til bemanning er og blir skulebiblioteka like sårbare som dei alltid har vore.

Publisert Sist oppdatert

– Du og eg hadde om lag det same intervjuet i fjor på denne tida. Då sa du at det byrjar å skje ting for skulebiblioteka.

– Det har det gjort. Og vi merkar at skulebibliotek er blitt noko som blir snakka om. Det blir nemnt, og mange har forstått kor viktige skulebiblioteka er, for eksempel når det gjeld sosial utjamning.

Men det store poenget, som mange endå ikkje har fått med seg, er kor viktig bemanninga er, seier Nina Bigum Undesseter.

Prosjektmidlar som forduftar

I regjeringa sitt statsbudsjettforslag er ordninga for prosjektstøtte til skulebibliotek foreslått nær dobla. Med eit påslag på 51 millionar er potten no 103 millionar kroner.

– Eg er ikkje tilhengar av prosjektpengar. Skulebiblioteka manglar heilt øyremerkte midlar til bemanning. Det skjer så mykje negativt i den dårlege kommuneøkonomien, og skulebiblioteka er veldig sårbare med tanke på nedskjeringar. Så vi er nøydde til å få ein nasjonal standard som seier korleis skulebiblioteka skal vera, slik at det må brukast midlar lokalt.

Det er sjølvsagt supert med lærarar i skulebibliotek, men vi treng utdanna skulebibliotekarar og ei norm for skulebiblioteka.

Nina Bigum Udneseter

Ifølge Nina Bigum Udnesseter veit vi altfor lite om korleis desse tilskota blir brukte. Ho viser til dømet frå Gullhaug skole i Bærum som vi omtalte sist veke. Etter å ha fjerna skulebibliotekarstillinga gjekk rektor der ut og søkte etter frivillige pensjonistar til å halda biblioteket ope. Bærum fekk 2,2 av dei 52 skulebibliotekmillionane som kom frå Kunnskapsdepartementet i fjor. Men pengane var ikkje øyremerkte og har gått til andre ting i kommunen (som er ein av 32 som har prioritert å fjerna eigedomsskatten heilt).

– Vi treng fagutdanna personar

I årets budsjettforslag løyver regjeringa 120 millionar av det første avdraget på lesemilliarden til fysiske lærebøker i skulen. Også skulebibliotekmidlane kan brukast til innkjøp.

– Regjeringa skjønar ein treng bøker. Men eit skulebibliotek driv seg ikkje sjølv .Vi treng fagutdanna personar som kan bemanna dei, understrekar Udnesseter igjen.

Og verken lovrammene eller måten midlane blir tildelte på, er til hjelp for skular der skulebiblioteket manglar heilt eller er på eit eksistensminimum, seier ho.

– Det er ganske omfattande å søka etter desse tilskotsmidlane. Der dei ikkje har skulebibliotekar eller andre til å søka, blir det ståande stand by. Og eg har sett mange døme på prosjekt for satsing på skulebibliotek som døyr ut når pengane forsvinn.

Dette gjeld også prosjektfinansierte skulebibliotekarstillingar.

I fjor søkte 98 kommunar på tilskotsmidlane for 2025–2026. Søknadsbeløpet var på over 100 millionar, og 52 kommunar fekk tilskot, fortel Nina Bigum Udnesseter.

– No er potten større, men det vil også bli ein auke i søknadane, spår ho.

Utdanninga i Agder

Ein av «leselyststratiegivinnarane» var Nasjonalt lesesenter i Stavanger. I fjor fekk dei 23 millionar kroner ekstra for å arbeida vidare med satsinga Tid for lesing.

Men ein annan aktør, som ifølge Nina Bigum Udnesseter er vel så viktig for skulebiblioteka, er Universitetet i Agder. Dei tilbyr både bachelorutdanning i skulebibliotekkunnskap og eit deltidsstudium der lærarar og andre som skal jobba i skulebibliotek, kan tileigna seg 30 studiepoeng med kompetanse i løpet av eitt år.

– UiA står ikkje nemnt i forslaget til statsbudsjett. Det verkar som regjeringa tenker det er lærarane sjølve som skal ta seg av skulebiblioteka. Det er sjølvsagt supert med lærarar i skulebibliotek, men vi treng utdanna skulebibliotekarar og ei norm for skulebiblioteka.

Ho kjem attende til Bærum sine 2,2 skulebibliotekmillionar som gjekk til andre ting.

– Eg hadde forstått det om dei hadde brukt pengane til å melda ein masse lærarar på til påbyggingsstudiet i skulebibliotekkunnskap ved UiA.

Spent på kommisjon

Regjeringa foreslår også 15 millionar til ein lesekommisjon. Dette var punkt fem på lista over hovudtiltak for det nye leseløftet då lesemilliarden blei lansert av statsministeren, kunnskapsministeren og arbeids- og inkluderingsministeren (men ikkje kultur- og likestillingsministeren) på Deichman Tøyen 26. juli.

Lesekommisjonen skal foreslå tiltak for å styrka leseferdigheitene og leselysta til born og unge og koma med tilrådingar om kva som gir den beste leseopplæringa

Udnesseter seier ho er veldig spent på dette arbeidet.

– Der håpar eg verkeleg det kjem med nokon frå våre foreiningar som veit korleis det er å driva skulebibliotek, kva ein kan gjera, og korleis det er å jobba.

44 mill. på etterskot

Om målet er ein milliard på fire år, ligg regjeringa med årets løyving på 206 millionar allereie 44 millionar etter.

– Då må det bli år der dei kan løyva mykje meir, poengterer skulebibliotekarleiaren.

– Dei lovar pengar over fleire år her, men sånn som norsk politikk er, så er det ikkje alltid det kjem. Her er det viktig med ein langsiktig plan, understrekar ho.

120 av dei 206 millionane er foreslått brukte på innkjøp av fysiske lærebøker – noko som ifølge Trine Skei Grande i Forleggjarforeininga utgjer 0,6 lærebøker per elev.

– Vi er einige i at det er bruk for trykte læremidlar. Likevel – det er ikkje skulebibliotek, kommenterer Udnesseter. – Så vi treng meir pengar inn til skulebibliotek. Men samanlikna med tidlegare byrjar det jo å skje noko, ein byrjar å forstå. Vi har gått frå å få ingenting til å få litt meir. Det er eg glad for. Men vi må vera på framover, koma med innspel og svara på høyringar.

Les meir om skulebibliotek

skolebibliotek

Powered by Labrador CMS