Utgave: 4/2023

Fellespusling i Meløy

Då biblioteket i Meløy bestemte seg for å pusla med puslespel, skjedde noko pussig: Plutseleg fekk både pensjonistar og pur unge kvilepuls og puff til fellesskap, fortel biblioteksjef Kerstin Gierlich.

Kerstin Gierlich, biblioteksjef i Meløy.

Gjennom internettet får Kerstin Gierlich nær sagt dagleg gode idear til kreativ bibliotekdrift. Men fellespuslinga dei har hatt suksess med i Meløy, kan ho ikkje hugsa sikkert å ha sett andre stadar.

– Kanskje har eg det frå eit anna bibliotek? undrar ho på klingande München-nordlandsk.

Konseptet er uansett så hildrande enkelt at det nesten ikkje fortener å bli kalla eit konsept: Finn eit bord. Sett fram eit puslespel. Sjå kva som skjer.

Effekten, derimot, er betre enn i mangt eit NB-støtta samskapingsløft.

Som løver og antiloper

Tildrivet kom då dei fann seg sittande att med nokre overskytande øske etter ein puslespelbytedag, fortel Gierlich (for dei har jo puslespelbytedag, kan vita. Har ikkje alle det?). Så kom ideen om å tilby fellespusling, fortel biblioteksjefen, som ikkje nektar seg ei heller høgstemt samanlikning mellom puslebordet på biblioteket i kommunesenteret Ørnes i Nordland med vasshola på ein afrikanske savanne. Vasshola er kjende for å tiltrekka seg ulike slags dyr som møtest fredeleg for å drikka. «På Meløy bibliotek kan man ved det nylig etablerte området for fellespusling fort observere visse likhetstrekk», skreiv ho i i ein e-post til redaksjonen. Vil ho utdjupa?

– Området er i skjeringspunktet mellom alle avdelingane og ein stad som ein ser straks ein kjem inn. Og i byrjinga, då nokre få hadde lagt nokre brikker, hende det at born og unge kom og øydela. Men då puslespelet klarte å veksa, såg vi også at respekten vaks. Plutseleg blei det samarbeid om det i staden for øydelegging. Vi fekk inntrykk av at alle begynte å føla eit eigarskap til puslespelet. Det var veldig artig. Utruleg fint, seier ho

Ikkje spesielt fint

Berre eit stussleg puslespel i hovudsakleg rosa tonar.

– Det var ikkje eingong eit spesielt fint motiv. Det var ingen spesiell grunn til at vi valde nett dette puslespelet.

Kor mange brikker var det?

– 1000. Det tenkjer eg var akkurat perfekt overkomeleg. Dei sat no ei stund. Det var ikkje for lett, men ikkje for vanskeleg og tok ikkje alt for mykje plass.

Kva skjer rundt puslespelet i løpet av ein vanleg dag i biblioteket?

Gierlich svarar med å skildra desse faste bibliotekbrukarane vi alle er så glade i, dei som kjem kvar dag eller veke, les litt i avisa, tek seg ein kopp kaffi og kanskje låner ei bok.

– Til slutt enda fleire av desse opp ved puslespelet, fortel ho.

– Om føremiddagen var det gjerne pensjonistar, og først og fremst damer, i starten. Om ettermiddagen kom også borna, som til vanleg går til sin stad og spelar Playstation og sånt. Men no byrja dei å sjå etter kor langt det var kome på puslespelet, og kanskje fann dei ei brikke eller to. Fleire ungar gjorde det ofte saman, medan vaksne sat der meir åleine. I løpet av dagen var det stadig nokon som sto eller sat ved puslespelet for kortare eller lengre tid.

Opplever du at det skapar kontakt mellom lånarane?

– Ja, absolutt! Og det var det som var så spanande å sjå, at forskjellige alders- og lånargrupper byrja å snakka med kvarandre om puslespelet.

Lite rydding, mykje kontakt

Ei av dei eldre damene som kom ofte og tok eit tak i pusledugnaden, fortalde at det var så avslappande å ikkje måtta rydda vekk puslespelet. Kven kjenner seg ikkje att i dette?

– Du kan ikkje ha det liggande der i ein månad heime. Før eller seinare treng du det bordet til noko ... katta spring over bordet og øydelegg ... eitt eller anna ... Så ho kom veldig ofte. Så begynte kanskje ti år gamle gutar å koma frå ungdomsavdelinga og setta seg litt med henne, studera puslespelet, snakka litt og sjå om dei kunne hjelpa til.

Gierlich veit sjølvsagt ikkje kva dei snakka om, men ho observerte mellom anna at borna spurte pusledama til råds når det blei litt krangel i barneavdelinga.

– Det var veldig spanande å sjå forskjellige brukargrupper som begynte å samlast der og snakka saman, som kanskje elles ikkje hadde hatt så mange fellesnemnarar for å starta ein samtale på biblioteket.

Dei såg òg småbarnsmødrer som fekk nokre minuttar med seg sjølv ved puslebordet medan ungane koste seg på synleg avstand i barneavdelinga.

Det lange, store bordet

Mange har fått augo opp for gleda ved eit stort bord i fellesområdet på folkebiblioteket. Og om det finst ein nøkkel som har låst opp puslegleda i Meløy, så er det kanskje dette.

– Fellesområdet er eit veldig langt, stort bord. Det brukar vi når vi skal ha makerspace og felles verkstadar, hobbyaktivitetar, brettspel – alt sånt der du har lyst til å sitta rundt eit bord i lag.

Der var det puslespelet låg, på ein kortende så andre ting kunne skje parallelt.

«Klarer du å legga dette puslespelet saman med oss?» skreiv dei på Facebook. Ut over det vart ikkje tiltaket annonsert. Fellespuslinga er altså ikkje eit arrangement eller noko folk melde seg på.

Felles sak

Då vi snakkar med Kerstin Gierlich, er siste brikke lagt. Men dei har eit nytt spel – på lur, enn så lenge. For det store fellesbordet trongst til ein annan aktivitet ein periode. Pusleinnspurten gav forresten også overraskingar.

– Det blei litt hastverk, og vi tilsette blei personleg engasjerte, ler Gierlich.

Det blei også lånarane. Plutseleg sat det nokre større ungdomsgutar rundt bordet, iherdig opptekne med å fullføra puslespelet.

– Utan at vi gjorde noko for det, vart det eit felles ansvar og ei felles sak at «no må vi fullføra det, for dei skal jo ta det vekk!».

No spør folk etter neste puslespel, og bibliotekarbeidarane ser korleis folk gler seg når dei kan fortelja at det blir lagt fram i neste veke.

– Det er sånn ei lita sak, men likevel så fint.

Bygger laget

Servicemedarbeidar Pipa Edvindsen legg siste brikke på det rosa pusleverket ved Meløy folkebibliotek.

Ifølgje Kerstin Gierlich fostra og fasiliterte puslespelet, som ein bieffekt, også samskaping blant dei tilsette. Då eit internmøte blei lagt til det lange, store bordet, begynte dei å pusla medan dei prata. Dette var ei idémyldring for historias første MeløyCon (teikneserie-convention). Brått flaut tankane betre, og ideane vart både sprekare og lausare enn når dei tre kommunearbeidarane sat på vanleg vis, stramme i ryggen med bok og papir.

– Antakeleg var det også teambyggande på ein måte, sjølv om vi er eit veldig lite team.

Biblioteket har 2,04 årsverk, og altså eit stort bord og nokre puslespel til overs. Av og til skal det ikkje meir til.

Powered by Labrador CMS