Emirat-frieri til arkiv, bibliotek og museum

Dei sameinte arabiske emirata freista å bli vertsnasion for dei største internasjonale konferansane innan arkiv, bibliotek og museum i 2023-2025. Er dette kulturvasking av eit land som ynskjer fokus vekk fra menneskerettsbrot?

Dette gjekk vi glipp av: Hausten 2023 arrangerte den internasjonale arkivorganisasjonen ICA verdskongress i Emirata sin hovudstad Abu Dhabi. Bibliotekverda sin tilsvarande kongress skulle vore halden i Dubai no til sommaren, men vertsnasjonen trekte attende invitasjonen etter at fleire land vedtok å boikotta kongressen.
Publisert Sist oppdatert
Frank Conde Tangberg

– Ein må vurdere risikoen for at desse arrangementa kan forårsake menneskerettsbrot, seier Amnesty om ABM-sektoren sine tre internasjonale kongressar. Som alle vel seg Dei sameinte arabiske emirata (UAE).

Halvtanna år etter at fotball-VM i Qatar skapte stor debatt om boikott, menneskerettsbrot og fotballverda sitt ansvar for kvar dei legg gigaarrangementa sine, gjekk den internasjonale arkivorganisasjonen ICA sin største kongress av stabelen i Abu Dhabi hausten 2023. I 2025 skal den treårlege museumskonferansen til ICOM haldast i Dubai, etter at emiratet vart valt over søknadane til Stockholm og russiske Kazan. 

Samproduksjon

    Saka er laga i samarbeid med  tidsskrifta Aksess og Museum. 

    Først publisert i Bok & bibliotek 1-24.

I 2024 skulle Dubai også ha teke imot bibliotekfolk frå heile verda under IFLA-konferansen, men etter protestar og høglydt debatt, og dessutan boikott frå fleire medlemsorganisasjonar, bestemte verten seg for å trekke invitasjonen.

Årsaka til at Emirata er eit kontroversielt val, er oljemonarkia si haldning til menneskerettar, kvinnerettar, LHBTQ-rettar, arbeidarrettar og ytringsfridomen. For å nemne nokre. Det er ulovleg å vere homofil og lite rettsvern for kvinner. Under utbygginga av store område i landet er det meldt om menneskerettsbrot mot utanlandske arbeidarar på same måten som under bygginga av VM-stadionar i Qatar. Dette inkluderer bygginga av fleire store museum og konferanseanlegg. I tillegg har landet svært dårlege tilhøve for ytringsfridomen og eit sterkt sensursystem. 

Tre på rad 

– Landet har eit velfortent dårleg rykte på grunn av myndigheitene sine utbreidde og alvorlege brot på menneskerettane. Samstundes har dei over mange år styrkt seg som internasjonal aktør og vore vertskap for ei rekke store arrangement, seier politisk rådgjevar i Amnesty Frank Conde Tangberg om Emirata si storstilte friarferd mot internasjonale arrangement. 

 Emirata har, i likheit med andre land i Golfen, eit behov for å verte assosierte med andre ting enn menneskerettsbrot og fossile energikjelder. 

Emirata har ein uttalt strategi om å auke det «globale omdømet» sitt, mellom anna gjennom å gjere landet til ein global hovudstad for kultur, kunst og turisme.

– Det er vanskeleg å gje ei presis skildring av effekten av å trekke til seg slike arrangement, men Emirata har, i likheit med andre land i Golfen, eit behov for å verte assosiert med andre ting enn menneskerettsbrot og fossile energikjelder. Internasjonale arrangement kan bidra til å styrke omdømet til landet og myndigheitene. Det kan også bidra til å trekke til seg turisme, noko særskilt Dubai har lukkast med. Det kan ein sjå at andre land og byar etterliknar, seier Tangberg.

Kulturmilliardar: Den nasjonale strategien i UAE set kultur høgt. Målet er at fem prosent av BNP skal brukast på kultur og kreativ næring innan 2031. Mohammed Bin Rashid-biblioteket (biletet) opna i 2022 og kallar seg det største i den arabiske verda. Bygget er forma som ein tradisjonell lesepult for koranen. Eit kjapt søk i katalogen gir mellom anna treff på Sataniske vers, noko LGBT-teori, Jon Fosse og Henrik Ibsen.

ICA, IFLA og ICOM har alle valt landet som arena for sine største kongressar. Emirata har fridd med stipendordningar, luksushotell, visumfridom og blenkjande nye fasilitetar.

Medan resten av verda slit med dyrtid og søkarane til å halde kongressar for tusenvis av menneske vert få eller ingen, står dei arabiske oljestatane klare med opne armar og gigantiske konferansesenter. Då kan det vere freistande å sjå vekk frå rapportar om menneskerettsbrot og sensur på vegen.

Organisasjonane har eit ansvar 

Me tek heile namna her: International Federation of Library Associations and Institutions (IFLA), International Council on Archives (ICA) og International Council of Museums (ICOM), dei tre internasjonale organisasjonane for høvesvis biblioteksektoren, arkivsektoren og museumssektoren, har alle internasjonale kongressar og konferansar som trekker til seg tusenvis av menneske og gjev vertsnasjonane høve til å vise seg fram.

Tangberg seier dei som vel å halde store arrangement der, må gjere viktige vurderingar når det kjem til kva det inneber.

– Ansvaret internasjonale organisasjonar har, er altså at dei vurderer risikoen for at dei sjølve kan bidra til menneskerettsbrot, og at dei tek grep for å hindre at så skjer. Dei bør til dømes vurdere kven som bygger og betener eventuelle lokale og tenester i samband med arrangementet. Vil alle kvinner og menn kunne delta på same vilkår? Kva skjer dersom det skjer protestar i samband med arrangementet?

Amnesty tek ikkje til orde for å boikotte Emirata, men ber arrangørar vurdere den menneskerettslege risikoen for at arrangementet kan bidra til eller forårsake menneskerettsbrot.

– I Emirata er det utstrekt misbruk og utnytting av migrantarbeidarar, kvinner vert diskriminerte både i lov og i praksis, medan menneskerettsforkjemparar og andre som er kritiske til myndigheitene, vert overvaka, trakassert og fengsla. Antiterrorlover vert brukte for å halde menneskerettsforkjemparar i landet fengsla på ubestemt tid, seier Tangberg.

Kulturvasking 

Men det er dyrt å halde arrangement, i tillegg må ein ha infrastruktur til å samle fleire tusen deltakarar.

«Sportsvasking» blei kåra til årets ord i 2021 og er definert som å vere vert for store idrettsarrangement for å ta fokus vekk frå kritikkverdige forhold som menneskerettsbrot. I kulturverda har det dei siste åra vorte fleire saker om sponsing og internasjonale selskap sin trong til å setje seg i samband med organisasjonar med langt betre rykte enn dei sjølve. I Emirata er det ein heilt tydeleg strategi frå myndigheitene å gjere det.

Vener høgt på strå: Førstedame Kim Keon Hee i gult saman med Sheikha Latifa bint Mohammed Al Maktoum, som er leiar for ICOM UAE og Dubai sitt departement for kunst og kultur. Al Maktoum er dotter av emiren i Dubai som også er statsminister i emiratet, og dessutan justisminister og visepresident i UAE.

– Internasjonale organisasjonar bør vurdere om dei ynskjer å la sine arrangement verte brukte til å styrke omdømet til myndigheitene i eit land som undertrykker menneska som bur der, seier Tangberg i Amnesty.

– Kva veit ein om effekten av dette, og er det kulturvasking?

– Myndigheitene i Emirata lanserte i 2017 ein mjuk maktstrategi med målsetjinga å «auke Emirata sitt globale omdøme i utlandet» med å mellom anna gjere landet til ein «global hovudstad for kultur, kunst og turisme». Strategien viser at myndigheitene i landet verdset kulturdiplomatiet høgt.

Det er eigne departement for store arrangement i UAE, og på toppen av kulturstyresmaktene (inkludert ICOM UAE) i Dubai sit dottera til emiren. Det er ikkje noko skilje mellom stat og arrangør her. Dette er også med på å gjere det enkelt å ordne visum for deltakarane eller å by på stipend til mange av deltakarane.

Bråk i biblioteka 

Då IFLA lanserte Dubai som konferansearena, vart det bråk. Bibliotekforeiningane verda over truga med boikott, den eine etter den andre, mellom anna i Noreg.

IFLA sentralt snudde ikkje, men bad om ei avrøysting blant medlemene om Dubai som kongressland. 69 prosent stemte mot å ha kongressen der, men IFLA stod på sitt og beheldt planane for kongressen. Dei peika mellom anna på behovet for ein kongress i regionen, og at dei kritiske stemmene i hovudsak kom frå Vesten og Latin-Amerika, medan dei var meir positive i Asia, Midtausten og Afrika. Samstundes innrømte IFLA at dei ikkje kunne setje opp LGBTQ+-spørsmål på programmet for konferansen.

Det enda med at IFLA UAE trekte tilbake invitasjonen til Dubai.

– Naivt

Mariann Schjeide, biblioteksjef ved Høgskulen i Volda og medlem i IFLA-seksjonen for ytringsfridom og informasjonsfridom, FAIFE.

Biblioteksjef ved Høgskulen i Volda Mariann Schjeide sit i IFLA-seksjonen for ytringsfridom og informasjonsfridom, FAIFE. Ho er nøgd med at kongressen i Dubai vart avlyst, men hadde helst sett at IFLA stod for avlysinga sjølv. 

– Dei stiller jo ikkje for å vere greie. Det er ei kvitvasking og eit utstillingsvindauga for å få merksemd. Og så kan dei by på luksus, seier ho.

– Kan ein ikkje påverke landet ved å vere der og vise kva ein står for?

– Ja, særleg. Det er naivt å tenke at ein kan påverke dei med å gå på ein konferanse.

Samstundes ser ho at det er eit problem for veldig mange å få visum når dei skal på konferansar, og at det avgrensar kven som møtest.

– Det byrjar å verte eit problem at IFLA er veldig angloamerikansk og europeisk. Det vert forsterka av at folk ikkje har moglegheit til å komme om dei er innvalde frå andre stader.

Og det er både dyrt og logistisk krevjande å halde konferansar for mange tusen menneske, det er det få som har moglegheit til å gjere. Då kongressen i Dubai vart avlyst, stod det ingen andre klar til å ta over arrangementet.

– Eg skulle ynskje fleire kunne søke om å halde det, men det er få som har dei musklane som Emirata har, seier Schjeide.

Todelt for arkiva

Flotte rammer: Generalsekretær i Arkivforbundet Knut Landrog , arkivar ved Norsk folkemuseum Lars Fivelstad Smaaberg og styremedlem i Arkivforbundet Knut Kjosås under ICA kongressen i Abu Dhabi hausten 2023.

I haust drog generalsekretær i Arkivforbundet Kjetil Landrog til ICA-kongressen i Abu Dhabi. 

Og trass i at ICA-konferansen har vore halden over heile verda, fortel Landrog at det er fyrste gong det har vore diskusjon rundt om ein skal delta på bakgrunn av kva land den vart halden i.

– Hadde me stått i same situasjon som IFLA, der programpostar vart sensurerte, så hadde me ikkje reist. Men det var ei avveging me ikkje trong ta.

Han peiker på at ein må forvente diskusjon når ein vel å ha ein konferanse i eit land som ikkje deler eit vestleg syn på demokrati og menneskerettar.

– Eg kjenner ikkje til kva diskusjon som har vore i ICA, men dei har vore opptekne av å fordele konferansane verda over. Dei arabiske landa er sterke på arkivfeltet, har store institusjonar og satsar på å halde slike arrangement. Emirata har bygd opp nasjonalarkivet og brukt mykje pengar på det, det er nok ein strategi bak å halde denne typen konferansar.

Landrog ser at det kan vere ein strategi som også inneber å reinvaske eit litt frynsete rykte, og at det er både fordelar og ulemper ved at konferansen vart halden der.

– Ved å delta på konferansar i den typen regime, kan ein seie at ein til ei viss grad legitimerer dei. Men det er også vanskeleg med internasjonalt samarbeid om me berre skal dra til land med vår type demokrati, veldig mange plassar har ikkje det.

For det er samstundes ein del fordelar med å ha konferansen i Emirata. Som at det er langt lettare å få visum for fleire deltakarar.

– Me såg ei større breidd i kven som kom, og større deltaking frå det globale sør. Mange av desse ville aldri fått visum i til dømes Noreg. I Emirata var det lite visumrestriksjonar, og dei hadde fleire stipend for reiser dit.

Ein annan ting som har vore løfta blant kritikarane til å ha arrangement i Emirata, er at deltakarar kan kjenne seg truga, det kjente ikkje Landrog på.

– Me hadde nokre skeive deltakarar – meg sjølv inkludert. Eg tenkte ikkje over det. Så vidt eg veit, er det ein meir sovande paragraf [som gjer det ulovleg å vere homofil. Red.mrk.] i Emirata, seier Landrog.

Det han derimot kan sjå at kan vere ein konsekvens, er sjølvsensur.

– Ein kan jo få ein programkomité som sjølvsensurerer, og folk som vel å ikkje reise.

Har ikkje konkludert

Atle Ove Martinussen, styreleiar i Norsk ICOM

For museumsfeltet er debatten rundt generalkonferansen til ICOM, eller International Council of Museums, akkurat starta.

Då ICOM Dubai offisielt tok på seg ansvaret for den neste kongressen under ein seremoni på den førre konferansen, var det Sheikha Latifa bint Mohammed som tok imot flagget. Ho er leiar for ICOM UAE og leiar for Dubai sitt departement for kunst og kultur. Ho er dotter av emiren i Dubai, som også er statsminister i emiratet. Og dessutan justisminister og visepresident i UAE.

Personleg synest eg verken ICOM eller andre bør leggje arrangementa sine til Emirata og dermed støtte opp om eit totalitært styre

Styreleiar i Norsk ICOM Atle Ove Martinussen

Den nyetablerte nordiske alliansen ICOM Nord, der Norsk ICOM også er med, har bestemt seg for å drøfte seg fram til eit felles standpunkt i saka.

– Eg håpar dette også vert ein debatt under årsmøtet til Norsk ICOM og Museumsforbundet i april. Uansett om det vert snakk om ein boikott eller ikkje, må me vite kvifor, og eg har teke til orde for ein brei diskusjon om eventuell deltaking, seier styreleiar i Norsk ICOM Atle Ove Martinussen.

Han vil ikkje ta stilling til deltaking på konferansen før debatten er teken. Men er tydeleg på at det må takast eit standpunkt uansett om ein vil reise eller ikkje.

Martinussen meiner det er gode grunnar til ikkje å leggje arrangement til Dei sameinte arabiske emirata, sidan styresettet er totalitært og internasjonale konvensjonar for menneskerettane ikkje vert følgde.

– Personleg synest eg verken ICOM eller andre bør leggje arrangementa sine til Emirata og dermed støtte opp om eit totalitært styre. Men så vert spørsmålet kva rolle og påverknad ein kan få ved å reise, og ved å eventuelt boikotte arrangementet.

Fotball-VM endra lite

Charlotte Lysa, Midtaustenforskar ved Universitetet i Oslo

Medan me no diskuterer kulturkonferansar i Emirata, var debatten ganske lik før og under fotball-VM i Qatar i fjor. Og det er noko midtaustenforskar Charlotte Lysa ved Universitetet i Oslo har sett på.

Ho peiker på at Qatar og Emirata har til felles at dei dei siste 10–20 åra har søkt og trekt til seg store internasjonale arrangement, også innan kultur. Men ho vil ikkje kalle det kulturvasking.

– Vaskeomgrepet impliserer at ein har eit image ein må vaske, men mykje av dette handlar jo om å trekke til seg merksemd. Merksemda mot dei dårlege arbeids- og menneskerettssituasjonane kjem når ein søker om desse arrangementa i utgangspunktet, seier Lysa.

ABM-tidsskrifta hadde med andre ord ikkje skrive om UAE sine menneskerettsbrot om det ikkje var for desse konferansane, og det er jo også ein del av argumentet om at å reise til landa fører til fokus på situasjonen. Men dei får også positiv merksemd av dette.

– Motivasjonen bak å trekke til seg desse arrangementa er mellom anna eit ynske om positiv merksemd. Dei vil vere ein internasjonal hub og trekke til seg investeringar og turisme, seier Lysa.

Ho understrekar at motivasjonen er samansett og til dels ulik for dei ulike landa. Men det er oftast eit ynske om mjuk makt og innflytelse ut over eigne landegrenser og om å verte oppfatta som ein legitim aktør internasjonalt.

– Er det verdt det?

– Det kjem an på kva ein måler. Landa får merksemd. Og ser ein til Dubai – sjølv om det har vore noko merksemd rundt menneskerettar der, så ser dei fleste nordmenn på det som ein glamorøs feriestad.

Men kva har skjedd etter VM i Qatar? Fotball-VM i golflandet er det desidert største med tanke på både storleik og merksemd.

– Overordna har det ikkje skjedd noka utvikling i situasjonen for migrantar, kvinner eller skeive. Sjølv om golflanda har endra seg svært mykje dei siste åra, er det lite endring knytt til desse debattane.

Forholda for migrantarbeidarane ser ho heller ikkje stor endring i.

– Så det ein kan lære frå Qatar, er at det skjer lite eller ingenting?

– Det er viktig å hugse at desse debattane sjeldan er like store i andre land som hos oss. Alle sakene om arbeidsforholda, kvinnerettar og rettar for skeive før og under VM i Qatar har ikkje ført til nemneverdig tilbakeslag for landet. Investeringar og avtalar har fortsett som før, seier Lysa.

Og i 2034 skal fotball-VM haldast i Saudi-Arabia.

– Om argumentet for å reise til golfstatane er å kunne bidra til endring, ser eg ingenting som understøttar det, seier Lysa.

Powered by Labrador CMS