Biblioteksjef Knut Skansen ved Deichman.
Biblioteksjef Knut Skansen ved Deichman.

– Ei av dei vanskelegaste avgjerdene eg har teke

Det seier Knut Skansen i Oslo om det å stenga Legatum Publishing ute frå Deichman Bjørvika. For første gong kommenterer han også dei siste dagars skuldingar om feigskap og ettergjeving for politisk press.

Publisert Sist oppdatert

– Lars Helle i Dagbladet skriv på leiarplass at «Avslaget kan lett framstå som en nødløsning for å unngå bråk». Er det det?

– Nei, dette er ikkje noko naudløysing, men ei avveging av interessene til ulike brukarar av biblioteket, seier Knut Skansen.

LES OGSÅ

Anine Kierulf om Deichman-situasjonen: – Helt uakseptabelt

I eit stort bibliotek som Deichman Bjørvika vil det vera anslagsvis 1000 til 1100 menneske på den tida lanseringa av Renaud Camus si bok Dere skal ikke erstatte oss! var planlagt, forklarar han.

– Legatum sitt lukka arrangement ville hatt plass til 24 menneske, og sikkerheitsoppbodet for arrangementet ville blitt så omfattande at fleirtalet av brukarane ikkje ville fått brukt biblioteket etter hensikta, seier Skansen.

– Magne Lerø i Samtiden går langt i å antyda at du har gjeve etter for politisk press frå kulturbyråd Omar Samy Gamal (SV). Kva har du å seia til det?

– Dette er biblioteksjefen si eiga vurdering, og eg har ikkje teke denne avgjera på basis av meiningsinnhaldet som Legatum og Renaud Camus står for. Eg har teke den kun på bakgrunn av interesseavveginga for brukarane denne dagen. At byråden meiner noko politisk er openbart hans rolle og noko han kan og pliktar å gjera. Men det er ikkje noko som kan eller bør påverka ein biblioteksjef si avgjer.

– Har det på noko som helst tidspunkt vore kontakt mellom deg og Gamal om denne saka?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentera.

Vil ha betre rutinar i bransjen

– Kva synest du sjølv om måten de i leiinga i Deichman har administrert saka?

– Det er ei av dei vanskelegaste avgjerdene eg har teke som biblioteksjef i Deichman, først og fremst fordi kombinasjonen av sikkerheitsvurderingar og interesseavvegingar er veldig vanskeleg.

– Korleis er prosessen, blir slike avgjerder tekne av ei gruppe eller av deg åleine?  

– Det er til sjuande og sist meg som tek avgjerda. Men i denne saka har vi hatt tre møter med politiet om tryggingssituasjonen og med alle relevante medarbeidarar med ansvar for sikkerheit og publikumstenestene i Deichman. Eg har lytta til alle dei ulike instansane i biblioteket som vil ha synspunkt rundt det å ivareta normal bibliotekdrift.

– Meiner du framleis at det var ei riktig avgjerd?

– Denne saka viser at biblioteksektoren bør etablera betre prosedyrar og rutinar og ta ein diskusjon rundt korleis vi vurderer møter i biblioteket der interessemotsetnadane mellom ulike grupper blir så sterke at det utgjer ein sikkerheitsrisiko, og i kva grad biblioteka si rolle i forhold til paragraf 100 i Grunnlova skal ivaretakast i ein kvar samanheng. Eg syns Anine Kierulf belyser dette på ein veldig god måte i podkasten Takk og lov. Ho er tydeleg på at biblioteket ikkje har dette ansvaret åleine, men at ein i større grad bør etablera ein beredskap for korleis ein løyser denne typen situasjonar.

Ikkje same situasjon som i Kristiansand

– Biblioteksjefen i Ålesund Nesteren Hasani fortalte på Facebook i dag om ei ny arrangementsrekke dei skal lansera der 23. mai med tittelen Kjønn, identitet og barn. Bakgrunnen var ein initiativ frå to innbyggarar som ønskte å laga eit arrangement om ei side av denne problematikken. Men sidan den er kompleks og omstridt, har biblioteket gått aktivt inn og kuratert ei rekke med arrangement som belyser fleire sider av sakskomplekset. Kva tenkjer du om denne måten å løysa det på? Kunne det vore aktuelt å gjera i saka med Legatum og Camus?

– Eg kjenner ikkje til initiativet i Ålesund bortsett frå det du har fortalt meg no, men det sivilombodsmannen har uttalt i samband med situasjonen då SIAN blei nekta å ha møte i Kristiansand folkebibliotek i 2014, er at biblioteket i den saka kunne ha laga ein redaksjonelt styrt debatt, og det var det det enda med også.

Kristiansand arrangerte eit debattarrangement i 2016 der SIAN og motstemmer møttest med ein uavhengig møteleiar.

– Men eg har ikkje vurdert det i denne saga med Camus og Legatum, fordi det her var snakk om reint utlån av eit rom. SIAN-møtet i Kristiansand skulle gå føre seg i eit ope lokale.

Ingen ytringsrett

Her er vi inne noko av kjernen i problemstillinga, seier Knut Skansen.

– I det store opne bibliotekrommet er det ingen som i utgangspunktet har rett til å ytra seg. Der har alle lik rett til informasjon, bøker og dei andre tenestene som biblioteket leverer. Men om dei låner eit rom eller eit lokale er det ikkje lenger biblioteket som står ansvarleg for opplevinga til dei som er i rommet.

– Den veldig vanskelege avgjerda, som vi som jobbar med dette tidvis må ta, er å vega omsynet til dei som vil ytra seg i det opne rommet opp mot interessene til dei som er til stades. Prinsippet er at når du låner eit rom på Deichman kan du ytra kva du vil så lenge det er lovleg. Om eg blir merksam på at nokon går over grensa for lovlege ytringar, vil det bli meldt til politiet. Men det å ikkje låna ut eit rom har veldig høg terskel. I dette tilfellet har eg valt å avslå fordi eg meiner at biblioteket ville bli så forstyrra av demonstrasjonar, politi og anna at resten av brukarane ikkje fekk brukt biblioteket etter føremålet.

Interessekonfliktar

– Ein kan tenka at nett dette eine utlånet av rom hadde så stor prinsipiell karakter at ein likevel skulle teke den kampen, og ofra dei andre bibliotekbrukarane si bibliotekoppleving to timar ein torsdag på ytringsfridomen sin altar.

– Eg forstår det synspunktet.

­– Vurderte de i forkant om de skulle ta den støyten?

– Ja, det var ein del av vurderinga i forkant. Dette er kjernen. Kva for interesser skal vega tyngst?

Bibliotek er bibliotek

– Anine Kierulf tek i podkasten Takk og lov til orde for at biblioteka kan ha eksterne lokalar på handa for utleige til arrangement der det er venta aksjonar og bråk. Kva synest du om ein slik ide?

– Eg skjønar argumentet, men anten er det et bibliotek, eller så er det ikkje eit bibliotek. Dette må etter mitt skjøn løysast innanfor bibliotekrommet.

– Ein kunne sjå for seg at biblioteket hadde eit konsensusorientert og trygt program i biblioteket og viste potensielt konfliktfylte arrangement til eit eksternt lokale. I kva grad tenkjer du arrangementsporteføljen i biblioteket spegla breidda av meiningar som finst i bøkene på hylla, også dei ytterleggåande?

– Eg meiner at arrangementsporteføljen som ligg i biblioteket si eiga redaksjonelle linje skal vera brei. Den skal romma mangfald. Og den skal også tåla stemmene som er ubehagelege for fleirtalet. Men då er det biblioteksjefen som redaksjonelt ansvarleg som sørger for motstemmer og debatt. Eg meiner at vi i biblioteka bør gå lenger i å utfordra offentlegheita med stemmer som også mange vil oppleva som ubehagelege. Men det er i ramma av vårt redaksjonelle program. Det tilfellet vi snakkar om no er ikkje i ramma av Deichman sitt program. Det er eit lukka møte der eit forlag har lånt eit rom.

Knut Skansen fortel at Deichman totalt husar 7000–8000 arrangement årleg. Fleirtalet er redaksjonelt styrte, men 30–40 prosent blir arrangert av frivillige lag og foreiningar, organisasjonar, politiske parti, og – i dette tilfellet – eit forlag. I tillegg skjer mykje som ikkje blir registrert i meirope-tida

SIAN på Majorstua i 2020

– Dette er ikkje første gong du som biblioteksjef har teke avgjerder om å gje ytringsrom til personar og organisasjonar som Fagforbundet og andre har meint ikkje burde få det. Det er mykje med situasjonen vi opplever no som minner om det som skjedde då du gav SIAN lov til å halda foredrag på Deichman Majorstua i mars 2020. Også det arrangementet blei til slutt avlyst, med ein svært lik argumentasjon som de har gått ut med om Legatum-arrangementet no: «Av hensyn til lånernes trygghet og generell sikkerhet.»

– Det er ein vesentleg forskjel. I mars 2020 rakk ikkje Majorstua politistasjon å gje ein sikkerheitsgaranti.

– Men det gjorde politiet denne gongen, og difor går argumentasjonen no på ro og den generelle og bruken.

– Ja, men det kunne blitt den same avgjerda til slutt også i 2020 om politiet hadde gjeve garantiar då. Utsikten denne gongen var å ha eit bibliotek med med 1000­–1100 menneske,  der vi ikkje har noko som helst kontroll med kven som er der i samband med dette møtet, og kombinasjonen av politi og uro. Politiet har sagt at dei vil garantera for tryggleiken. Men då er vi tilbake til det eg meiner er ei interesseavveging.

– Mange tunge stemmer, forskarar, politikarar og hovudtillitsvalde, var ute og kritiserte den opphavlege avgjerda om å gje Legatum og Renaud Camus rom til å ytra seg i Deichman Bjørvika. Opplever du å ha ei meir liberal haldning enn andre til korleis biblioteka skal forvalta ytringsromma sine?

– Når det gjeld kven som skal komme til orde? Ja. Mitt utgangspunkt er at alle skal koma til orde. Eg held meg til biblioteklova og Grunnlova. Underforstått: så lenge ytringane er innanfor norsk lov. Men det er eit veldig viktig poeng som mange ikkje skjøner, og det er at førehandssensur er forbode i Noreg.

Forankring og ytterpunkt

– Korleis jobbar de for å forankra slike avgjerder blant dei tilsette?

– Når det gjeld fagforeiningar og hovudtillitsvalde så har vi dialog når vi kjem i desse situasjonane, og det har også Oslo bystyre vedteke etter SIAN-saka i mars 2020; at det er viktig å ha tett dialog med dei tillitsvalde. Det støttar eg sjølvsagt. Det handlar om å orientera og gje informasjon om sider ved ei slik vanskeleg sak. Men det handlar ikkje om avgjerda, for etter norsk lov ligg den hos biblioteksjefen åleine. Fagforeiningane er i kraft av si rolle politiske aktørar og skal og må meina det dei vil, og det syns eg er bra. Det var difor eg også delte kronikken til dei hovudtilligsvalde i Fagforbundet frå Dagsavisen. Men eg er ikkje einig i alt dei seier – som biblioteksjef.

– Er det biblioteka si oppgåve å ivareta ytringsfridomen sine ytterpunkt?

– Redaksjonelt, nei. Eg meiner at biblioteka i sitt programmerte innhald skal bidra til ein opplyst samtale som rommar befolkninga sine meningar. Men det er ikkje biblioteket si oppgåve å stilla dei offentlege areala til rådigheit for alle stemmer. Ingen har rett til å bruka dei opne romma til å ytra seg utan at det er vurdert redaksjonelt og med høve for motstemmer. Men det er ikkje det vi snakkar om i denne aktuelle saka. Biblioteket er også ein viktig arena for forsamlingsfriheit. Veldig mange lag og organisasjonar bruker bibliotek over heile Noreg til å møtast, og det må dei få lov til.

Vurderer innkjøp av Renaud Camus

– I etterpåklokskapens lys: Burde du gjort noko annleis?

– Denne situasjonen viser at vi som sektor må etablera nokre rutinar og prosedyrar og måtar å handtera dette på som gjer at vi er meire rusta til å handtera det. Men eg meiner framleis at avgjerda eg tok er riktig. Eg står fast på den.

– Begge avgjerdene, både den å tillata arrangementet først, og så å avlysa det?

– Begge avgjerdene meiner eg var riktige.

– Om Renaud Camus si bok Dere skal ikke erstatte oss! ikkje blir innkjøpt av kulturrådet si ordning for omsett litteratur – kjem Deichman likevel til å tilby boka på sine bibliotek?

– Eg starta den diskusjonen i går med leiaren for innkjøpsavdelinga vår. Vi har ikkje konkludert endå. Eg har bedt om å få boka, og skal lesa den. Deretter vil vi ta stilling til om vi kjøper den inn. Prinsipielt meiner eg at vi bør kjøpa den inn. Fordi offentlegheita bør få tilgang til boka og ta stilling til den sjølv. Men vi skal gjera ei redaksjonell vurdering først.

– Kor vanleg er det at biblioteksjefen er inne i dei avgjerdene.

– Det er ikkje veldig vanleg. •

Powered by Labrador CMS