Det komplekse er ofte det beste

KORG-dagane er nok for dei som jobbar med kunnskapsorganisering omtrent det Oslo Business Forum er for Petter Stordalen og Kristin Skogen Lund.

Publisert Sist oppdatert

I bygg P35 på OsloMet torsdag 1. og fredag 2. juni hadde nok mange av dei «beste hodene» fort falle av lasset. Det er ingen vindauge, men led-lampane i taket er plassert akkurat sånn at PowerPoint-ane sildrar kontrastlaust mot oss frå lerretet. Inn i det grå auditoriet når berre lågfrekvent rumling frå trikkane som passerer i sommarsola på Holbergs plass. Likevel, trass i mangelen på glasruter, lys og estetikk blir vindauge etter vindauge opna mot phenomenon-based classification, bibliometri, prompts og tagwrangling.

Over forventing

Kunnskapsorganisasjonsdagane er ein årleg konferanse for bibliotekarar, arkivarar og andre som organiserer kunnskap. Ei av dei er Gro Fauchald. Ho er seniorrådgjevar ved Departementas fellesbibliotek, som bistår departementa og Statsministerens kontor.

Gro Fauchald. Foto: Arne Olav Hageberg

Det var programmet som trekte, fortel ho, ikkje minst den aktuelle tematikken om kunstig intelligens.

­– Er du nøgd?

– Ja! Konferansen overgår forventingane.

Ho dreg fram den fine oppbygginga av dag to, med meir overordna kunnskap først, i form av generell innføring i AI frå NRK Beta sin Eirik Solheim, og deretter meir og meir konkrete innspel til korleis kunstig intelligens kan ha praktisk nytte i bibliotek.

Det komplekse

Professor Olof Sundin frå Lunds universitet i Sverige utdjupar kva som skjer med kjeldekritikk ved AI-basert informasjonssøking. Han understrekar at ChatGPT ikkje er ein søkemotor, og legg vekt på at bibliotekarar treng å setta seg inn i teorien bak AI og maskinlæring for å kunna forstå og visa det komplekse i det som verkar enkelt.

– Synleggjer den usynlege infrastrukturen! lyder oppfordringa.

Nasjonalbiblioteket sin AI-labb blir leia av Svein Arne Brygfjeld. No gjev han ei innføring i arbeidet til dei fem tilsette der, og avslører mellom anna at NB jobbar med ein sanntids tale-til-tekst-app som skal gjerast fritt tilgjengeleg for alle i Noreg, med integrert omsetting til mange språk. Også han ønsker at fleire frå bibliotekfeltet vil engasjera seg i feltet, og fortel om Ai4lam.org. – eit internasjonalt nettverk som jobbar for å fremja bruk av kunstig intelligens i, for og av bibliotek, arkiv og museum. Der kan kven som helst bli med og engasjera seg.

Bjørn Kjetil Fredriksen frå Rogaland fylkesbibliotek har ei liste så lang som trikkelinja til Ullevaal hageby med område der han ser for seg at AI ville gjera inntog i bibliotekfeltet: formidling, katalogisering og klassifisering, marknadsføring, samlingsstyring, statistikk, økonomi, tekstproduksjon og meir til. Og ikkje minst lydbøker – ein kvar tekst lesen opp med den stemma du sjølv måtte ønska! Teknologien er truleg like rundt hjørnet.

Ai, ai! Kat. og klass

I ein kaffipause møter vi Heidi Pedersen frå Nord universitet i Bodø. Ho legg vekt på at KORG-dagene er eit sjeldan forum for fleire bibliotektypar, med problemstillingar som alle deler.

Heidi Pedersen. Foto: Arne Olav Hageberg

– Dag ein med «kat. og klass» var ei nyttig påminning om at dette er viktig kunnskap å ha med også inn i det nye, seier ho. Men som Fauchald held også Pedersen ein knapp på dag to, med ny innsikt i AI-teknologien.

Vi møter også seniorkonsulent William Jensen Mangerøy ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han var her i fjor og kom tilbake i år for meir fagleg påfyll.

­– Det er ikkje så mange metadatakonferansar i Noreg, seier han og har mykje godt å seia om programmet.

William Jensen Mangerøy. Foto: Arne Olav Hageberg

Og det beste? Det var innhaldet om kunstig intelligens i bibliotek.

­– Det er på tide at vi snakkar om dette!

Plass til fleire

Folkebibliotek og fylkesbibliotek var også representerte i salen. Og universitetslektor David Massey fortel om tidlegare år med mange deltakarar frå skulebibliotek, då dei hadde program som var ekstra relevante for desse. Saman med kollega og førsteamanuensis Marit Kristine Ådland er Massey ansvarleg for konferansen, noko han har vore dei fire siste åra.

David Massey og Marit Kristine Ådland. Foto: Arne Olav Hageberg

Konferansen hadde ca. 120 deltakarar i auditoriet på dag ein og 140 på dag to. Sjølv om det var ledige seter i salen, er Massey nøgd.

– Eg synest det er ganske mange. Det har vore på dette nivået sidan konferansen starta på 1990-talet.

Men strøyming over internett gjer at dei når mykje lenger ut i dag enn dei gjorde då. Første dag av årets konferanse hadde 190 digitale deltakarar, fortel Massey, medan fredagen hadde heile 250 som såg på over nettet.

I auditoriet ser Massey mange av dei same deltakarane år etter år.

Øyvind Steensen fortalde om kva gode metadata har å seia for AR-appen Hidden. Foto: Arne Olav Hageberg

– Det er ein bra møteplass for dei som er interesserte i temaet kunnskapsorganisasjon. Og så legg vi inn romsleg med tid til lunsj og kaffipausar, slik at folk kan møtast og diskutera og snakka med føredragshaldarar.

Ein observasjon om språk

Bok & bibliotek gjer ein interessant observasjon under konferansen: Jo yngre føredragshaldarane er, desto færre norske fagtermar har dei i det aktive ordtilfanget. Engelsk-norsk har gjort sitt inntog også i bibliotekfaget. Det er kan henda ikkje til å unngå ved Oslo Metropolitan University. Og innhaldet var det altså ingenting å seia på, så konklusjonen får bli: Well blåst! •

Powered by Labrador CMS