Utgave: 3/2023

Biblioteksjefen dømd til 18 månadar i fengsel

Den tidlegare biblioteksjefen i Kviteseid monterte minikamera på bibliotektoalettet og filma gjestene. No er han dømd til eitt og eit halvt år i fengsel.

Faksimile frå Bok & bibliotek 1-23.

Heile 25 av dei 28 fornærma som politiet har identifisert, var born. Det skjulte kameraet vart oppdaga i september i fjor. Biblioteksjefen, som med det same blei fjerna frå stillinga, innrømde å ha montert kameraet, for deretter å ta vare på bileta.

Bok & bibliotek besøkte bygda i Vest-Telemark og fortalde om saka i utgåve 1-23.

Kan ha pågått i år

I siktinga kjem det fram at filminga kan ha gått føre seg i meir enn tre og eit halvt år, frå januar 2019 til 27. september 2022. Filene frå det vesle kameraet skal ha blitt direkteoverført til mannen sin mobiltelefon. Etterforskinga har teke tid, mellom anna fordi han hadde over 90 digitale lagringseiningar som måtte undersøkast, siterer lokalavisa VTB politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark Politidistrikt Sigrid Dahl.

På dei digitale einingane skal det òg ha blitt funne 2806 bilete og 314 filmar av overgrep mot born lasta ned frå internett.

Deprimert

Rettssaka gjekk i Kviteseid tysdag 8. august og vart avgjort ved ein sokalla vedkjenningsdom fordi mannen har erkjent tilhøva han er sikta for.

Ifølge NRK Vestfold og Telemark fortalde mannen under rettssaka at han var deprimert og at det var ei form for spaning.

Domen på eitt år og seks månader fengsel var i samsvar med det aktor Camilla Granstrøm bad om.

– Enormt tillitsbrot

Mannen sa i retten at han har innsett at han har behov for terapi når saka er over.

Under rettssaka spurde bistandsadvokat Wenche Merethe Kåsa om korleis den sikta tenkjer at jentene har hatt det, skriv NRK.

Mannen svarte at han då syntest det var spanande, fordi dei ikkje visste noko.

– No har eg det forferdeleg med det. Eg håpar i høg grad at dei kan koma vidare, for det er eit enormt tillitsbrot.

Vil ta tilbake biblioteket

NRK skriv vidare at både kommunen og den lokale skulen engasjerte seg sterkt for å trygga born og unge etter dei alvorlege hendingane. Foreldre til nokre av dei fornærma sa til NRK etter at rettssaka var over, at det er viktig at jentene ikkje skal føla skam. No er dei opptekne av å ta biblioteket tilbake som ein positiv fristad.

Kommunedirektør Laila Thorsen seier biblioteket har fått nye tilsette, som jobbar med å gjera bygget til ein stad der folk kan trivast.

– Vi tek gjerne imot gode forslag til korleis vi kan få tilbake kjensla av at det er vårt igjen, seier ho til NRK.

Powered by Labrador CMS