Biblioteket viktig både under og etter skuleskytinga

Folkebiblioteket var ein viktig samlingsstad då Örebro nyleg blei åstad for den mest omfattande skuleskytinga i Sverige nokon sinne.  

Merkte: Innbyggarar legg ned blomar utanfor Campus Risbergska i Örebro i Sverige onsdag, etter skuleskytinga som tok 11 liv tysdag i førre veke. Foto: Hans O. Torgersen / NTB
Publisert Sist oppdatert

Tysdag 4. februar gjekk Rickard Andersson (35) til åtak på den kommunale vaksenopplæringsskulen Campus Risbergska i Örebro i Sverige. Ti elevar blei drepne og seks skadde i skytinga. Gjerningsmannen blei også funnen død av politiet, truleg etter å ha teke sitt eige liv. 

Kriseleiing på biblioteket

Folkebiblioteket Haga bibliotek ligg 850 meter frå skulen der skytinga gjekk føre seg. Bibliotekaren Kristin Hamdan fortel til Biblioteksbladet korleis det var då dei første meldingane kom som tydde på at noko alvorleg utspelte seg nær ved.

– Det var forvirrande. Lærarar kom hit frå skulen før vi visste noko som helst, og dei skunda seg med å oppretta ein kriseleiingssentral. Det var den første indikasjonen på at noko hadde skjedd, men informasjonen var svært knapp. Vi visste ikkje kor alvorleg det var.

Då politiet tysdag ettermiddag meldte at det ikkje var nokon fare i området, forlét besøkande biblioteket. Først då blei omfanget klart for bibliotekpersonalet.

Mange stoppa i skranken

Biblioteklederen Fehime Bodur forteller at personalet var rysta og ikkje kjente seg klare for å takla ein slik situasjon. 

Onsdag morgon lagde biblioteket et kondolansebord og sørgde for kaffi til dei besøkande.

– Det blei sett stor pris på, mange stoppa i skranken. Det var merkbart at mange trengte å snakka med oss, seier Bodur til Biblioteksbladet. 

Viktig møteplass

Sjølv om fleire kyrkjelydar har halde ope for folk som treng støtte, meiner Fehime Bodur at biblioteket fyller ein viktig funksjon. Det er ein samlingsstad utan forventningar, ein stad du kan gå utan at nokon stiller spørsmål. Ein kan kjenna seg trygg og få høve til å snakka med kvarandre.

Det er også sett opp eigne arrangement for å hjelpa born og unge med å takla hendinga. Fleire har uttrykt at biblioteket har vore ein avgjerande ressurs i tida etter skytinga, skriv Biblioteksbladet.

Powered by Labrador CMS