Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2026

103 millionar KD-kroner til skulebiblioteka

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun startar opp lesemilliarden, og skulebiblioteka er nemnde på første side av nasjonalbudsjettet. Men kulturministeren ser ut til å ha gløymt sin eigen leselyststrategi, trass i at budsjettet hennar aukar med 1,2 milliardar. Bok & bibliotek oppsummerer tal frå og reaksjonar på regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2026.

Leseministeren: I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2026 er kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun den som har noko å gje til bibliotek og lesing.
Publisert Sist oppdatert

Truleg for første gong nokon sinne blir bibliotek og lesing nemnd på første side av Nasjonalbudsjettet:

«Leseløftet i skolen starter i 2026, og i budsjettet prioriteres blant annet flere bøker og styrking av skolebibliotekene», står det.

Statsbudsjettet viser staten sine inntekter og utgifter, medan nasjonalbudsjettet gir eit samla bilete av norsk økonomi og regjeringa sine forventingar.

Lesemilliarden over fire år som blei lova i juli blei òg følgt opp i trontalen under opninga av Stortinget laurdag 11. oktober: «Regjeringen vil gjennomføre et nasjonalt leseløft, finansiert med en milliard kroner. Alle barn og unge i Norge skal lese minst ett kvarter hver dag. Det skal bli mindre skjermbruk blant de minste. Det første læremiddelet barna får med hjem, skal være en bok – ikke en skjerm. Flere bøker skal inn i klasserommene. Elevene som strever med lesing, skal få tidlig og intensiv hjelp,» las kongen.

Men pressemeldinga frå kulturminister Lubna Jaffery, der ho skriv at regjeringa satsar på kultur, nemner verken litteratur eller bibliotek, og alle spor av fjorårets leselyststrategi er fjerna frå kulturbudsjettet.

51 friske millionar til skulebibliotek

I forslaget til statsbudsjett foreslår regjeringa å bruka dei første 206,3 millionane av den lova lesemilliarden. 120 millionar går til fysiske lærebøker, 51 millionar til styrking av skulebibliotek, 10 til bøker i barnehagane og 10 til barn med lesevanskar og dysleksi. Det er også satt av 15 millionar kroner til ein lesekommisjon som skal laga ein ny lesestrategi for Norge.

Om Kunnskapsdepartementet sitt budsjettforslag går gjennom, bli det samla statlege tilskotet til skulebiblioteka på 103,2 millionar kroner i 2026. Innkjøpsordninga til skulebibliotek sorterer under Kultur- og likestillingsdepartemetet og kjem på toppen av dette. I skuleåret 2025–2026 er det 540 skulebibliotek som mottek bøker Kulturrådet har kjøpt inn, betydeleg færre enn dei 700 som det blei sagt i fjor at pengane skulle rekka til. 

I Kunnskapsdepartementet sin proposisjon står dette: «Kunnskapsdepartementet vil [...] styrke skulebiblioteka gjennom eit tilskot som skal vere med på å gjere skulebiblioteka til ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag. For 2026 foreslår departementet å styrke tilskotet til skulebibliotek og bøker med 51,3 mill. kroner. Ordninga blir også utvida til å inkludere innkjøp av bøker. Departementet vil halde fram med å rette ein særleg innsats mot skulebibliotek i levekårsutsette område, og delar av auken er grunngitt med dette.»

Og litt lenger ute:

«Målet med tilskotsordninga er at skulebiblioteka gir elevane betre leseferdigheiter, auka leselyst og evne til kritisk tenking.»

Ingen auke til innkjøp av sakprosa

Forleggarane og bokhandlarane sine foreiningar peikar frå kvar si side på at regjeringa med 206 millionar til lesing allereie ligg nesten 50 millionar bak sin eigen plan om ein milliard på fire år.

Frå stolen til Jørgen Lorentzen i Norsk faglitterær forfattar og omsettarforeining er dette eit svakt litteraturbudsjett. Trass i lesesatsing er det ingen spor av auka midlar til innkjøpsordningane for sakprosa. Desse er underfinansierte, påpeikar foreininga, i sær innkjøpsordninga for ny, norsk sakprosa for vaksne. I 2024 blei 35 prosent av dei innmeldte sakprosabøkene kjøpt inn.

«Nå må det snart være nok politisk vilje til å prioritere denne ordningen og få sakprosa ut i bibliotekene», seier Lorentzen.

NBF foreslår 150 millionar til folkebiblioteka

Leiar Helene Voldner i Norsk bibliotekforening er glad for at lesinga har plass i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

«Skolebibliotekene er en av de viktigste arenaene vi har både for lesing, inkludering og kildebevissthet, og det er svært positivt at tilskuddsordning til skolebibliotek er foreslått nær doblet. Norsk bibliotekforening håper dette er et tegn på videre satsing på skolebibliotek og skolebibliotekaren", skriv biblitoekforeiningsleiaren.

Samstundes peikar ho på at biblioteka og resten av litteraturfeltet også treng ein auke for å kunne bidra inn i eit leseløft for alle, og foreslår ein folkebibliotekpott på 150 millionar årleg i fire år:

«Kommuneøkonomien er fremdeles stram, og det er nødvendig med et ordentlig løft. Vi inviterer staten til å være med på en dugnad for folkebibliotekene, og foreslår at det settes av 150 millioner kroner årlig i denne regjeringsperioden for å løfte bibliotekene. Det er nødvendig for at bibliotekene skal kunne gjøre jobben sin i lokalsamfunnet med både kunnskapsformidling, være møteplass, formidle litteratur og spre leseglede, bekjempe digital utenforskap og ensomhet», skriv Voldner.

Forbundsleiar Ola Eiksund i Bibliotekarforbundet meiner også at kommuneøkonomien må styrkast for å stoppa nedbygginga av biblioteka.

«Flere bøker hjelper lite hvis ingen har tid eller kompetanse til å formidle dem. Når kommunene sier opp bibliotekarer og kutter i skolebibliotekene fordi de ikke har råd til kompetansen, da undergraves hele leseløftet», seier han.

0,6 lærebøker

Direktør Trine Skei Grande i Den norske Forleggerforening kommenterer forslaget om 120 millionar til innkjøp av lærebøker i kommunane slik.

«Dette er en grei start, forslaget rekker til 0,6 lærebok per grunnskoleelev.»

Ho held fram med å minna om at tilskot til lærebøker dei siste åra ikkje har nådd fram til elevane. Ho forventar at kunnskapsministeren følger opp slik at norske skuleborn faktisk får fleire bøker i sekken til neste år.

Som Voldner i NBF og fleire andre etterlyser dagleg leiar Vibeke Røgler i Stiftelsen LESE ein meir heilskapleg lesepolitikk frå regjeringa. I sin kommentar til statsbudsjettet skriv ho at lesinga si viktige rolle går på tvers av departementa. Gode leseevner er nødvendig for å forstå personleg rettstryggleik og for å førebygga kriminalitet, område som høyrer inn under justis- og beredskapsdepartementet. For forsvarsdepartementet bør lesing vera del av vår nasjonale beredskap. Og kultur- og likestillingsdepartementet bør satsa breiare på lesing, meiner ho:

«Noe av det som ser ut til å ha blitt glemt i årets statsbudsjett, er at for å skape barn med økt leseglede og leseevne, må også de voksne ha god lesekompetanse og tilgang til en bredde av litteratur og litteraturopplevelser.»

Også Vibeke Koehler i Forfatterforbundet peikar mangelen på lesesatsingar for dei over 19 år i det ho kallar eit relativt flatt kulturbudsjett: «Den geopolitiske situasjonen tatt i betraktning er det ikke overraskende, men KI-kompensasjon til litterære opphavere burde vært tatt med. I statsbudsjettet ligger det ingen midler til kompensasjon for trening av kunstig intelligens med norske, litterære verk. Kun trening basert på norske aviser ligger inne med 45 millioner kroner.»

Regjeringa sitt litteratursyn

Forfattarforeininga sin leiar Bjørn Vatne peikar på litteratursynet som piplar fram mellom budsjettpostane:

«For det offentlige Norge er litteratur primært en kilde for fakta, læring og kunnskap for barn og unge i skolen, mer enn den er for språkarbeid, kunstnerisk aktivitet, iderikdom, kulturopplevelser og underholdning for hele befolkningen, uansett alder», skriv han.

Vatne anerkjenner jobben Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery må ha gjort for å enda med eit auka kulturbudsjett i 2026. Samstundes slår han fast at Kunnskapsdepartementet no har blitt heim for litteratursatsinga i Norge, medan Kultur- og likestillingsdepartementet står på staden kvil.

«... det er [...] bare ett og et halvt år siden leselyststrategien «Sammen om lesing» ble lagt fram av kultur- og kunnskapsminister i fellesskap. Kulturdepartementet viser til den åtte ganger i sin proposisjon, og likevel er det vanskelig å finne spor av den i budsjettet. Unntaket er en ytterligere styrking av innkjøpsordningen til skolebibliotekene, noe som overlapper Kunnskapsdepartementets allerede store satsing på området», skriv han.

Nytt senter for kjeldemedvit

Regjeringa foreslår også 20 millionar kroner til opprettinga av Tenk – senter for kjeldebevissthet. Senteret er eit initiativ frå Faktisk.no, men skal etter søknaden opprettast som ei uavhengig stifting som skal arbeida for å styrka kjeldemedvitet i befolkninga, melder journalisten.no. Dei som skal stifta det er NTNU, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar, Den norske Forleggerforening og Norsk Presseforbund. Senteret skal bygga vidare på arbeidet som allereie blir gjort av Faktisk si skuleavdeling Tenk, men skal utvidast til å omfatta fleire målgrupper.

Tidlegare i år fortalde vi om kjeldekritikkurset for bibliotektilsette som Rogaland fylkesbibliotek har utvikla samarbeid med Tenk.

Regjeringa foreslår totalt 37,5 millionar kroner til tiltak som skal bidra til å styrka motstandskrafta vår mot desinformasjon.

"Dette meiner eg er noko av det viktigaste vi driv med. Vi som regjering skal gjere det vi kan for å sørge for at ytringsfridomen framleis har gode kår i landet vårt. Vi ønskjer eit samfunn med ei sterk og uavhengig presse og eit folk som også i framtida har eit medvite forhold til kvar dei hentar kunnskapen sin frå", seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Regjeringa foreslår òg å løyva 45 millionar kroner til ein vederlagsavtale som gjer at Nasjonalbiblioteket kan bruka aviser i trening av norske og samiske språkmodellar.

Bok & bibliotek får tilskot over statsbudsjettet. Kultur- og likestillingsdepartementet foreslår også i år å auka løyvinga vår med 50 000, til 1,95 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS