ordskifte
Leiar
«Bibliotekenes»?
Eg trur det er fleire enn eg som kjenner på at Biblioteksentralen har mista mykje av bibliotekkredibiliteten sin. Men eg har eit forslag til korleis dei kan få den tilbake, og dei kan få det heilt gratis. For det er jo sånn vi gjer det i bibliotekverda; vi deler.
I dag har vi publisert ei sak om at Biblioteksentralen hausten 2024 sjølv tok initiativ til å kvitta seg med skattefritaket dei hadde hatt sidan 1958. Fritaket var nedfelt i skattelova, og tanken då det blei lovfesta, var vel at eit andelslag, med føremål å bidra til best mogleg bibliotektenester over heile landet, ikkje skulle behøva å senda delar av eit eventuelt overskot tilbake til statskassa. Dei kunne heller få bruka alle pengane til å oppfylla oppdraget dei hadde fått.
Men til forskjell frå Norsk Medisinaldepot, Medisinsk Innovasjon Rikshospitalet, Norsk Tipping AS og dei andre som er nemnde i denne unnatakslista i skattelova, fann Biblioteksentralen ut at dei ville prøva seg som leverandørar av logistikktenester i ein konkurranseutsett marknad.
I skrivande stund har det resultert i milliontap i konsernet Biblioteksentralen, fleire millionar i etterløn til toppsjefar som har gått av, arbeidsløyse for 80 tidlegare tilsette i NBT, tusenvis av ekstra og unødvendige arbeidstimar hjå Nasjonalbiblioteket, hjå fylkesbiblioteka og rundt i norske fagbibliotek, skulebibliotek og folkebibliotek då transporttenestene forsvann frå den eine timen til den neste. Det har òg resultert i ein klage til EFTA sitt overvakingsorgan ESA som, slik eg har forstått det, kan resultera i at Biblioteksentralen må betala tilbake pengar dei har fått frå staten for å driva med ting som gagnar biblioteka, men som dei heller har brukt til å subsidiera dotterselskapet NBT.
Som saka vi publiserer i dag viser, har Biblioteksentralen sitt vesle transporteventyr også ført til over ein halv millionar kroner i advokatutgifter, store delar av det brukt på å hindra innsyn frå ein konkurrent. Dette er nok berre ein liten del av dei faktiske utgiftene. Men det er så mykje vi kan dokumentera at er brukt.
Ved eit ESA-søksmål blir også ei rekke byråkratar bundne opp i totalt unødvendig byråkrati i månadsvis. Og dei igjen nyttar nok også advokatar, kan henda like skamlaust griske som dei frå advokatfirmaet Thommesen som Biblioteksentralen har hyra på, med timeprisar på over 8000 kroner.
Ser ein bort frå den endå uavklarte ESA-saka, er det ingenting som tydar på at Biblioteksentralen har gjort noko lovstridig. Det er lov å gå konkurs. Det er lov å be om å få betala skatt av overskotet sitt i staden for å behalda skattefritaket slik at mest mogleg av pengane kan koma biblioteka til gode. Det er lov å bruka fellesskapet sine pengar på skyhøge advokathonorar og etterløningar.
Men eg trur det er fleire enn meg som kjenner på at Biblioteksentralen har mista mykje av bibliotekkredibiliteten sin. Det held ikkje å eiga domenenamnet bibliotekenes.no.
Men eg har eit tips om dei vil begynna å bygga den opp att. Dei kan gå til finanskomiteen og be tynnt om å få skattefritaket tilbake, tilpassa verksemda si etter det og gje alle som ønskjer det fullt innsyn.
For det er slik vi gjer det i offentlege tenester eigd av kommunane og fylkeskommunane, som til dømes bibliotek. Vi deler.
Bidra til ordskiftet!
Har du meiningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send eit innlegg til post@bokogbibliotek.no.