Leiar frå Bok & bibliotek 2-24

Moderator Siri Lindstad, biblioteksjef Anne Torill Stensberg frå Sølvberget, forfattar Tore Renberg, førsteamanuensis Monica Gundersen Mitchell frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under scenesamtalen på Bibliotekmøtet fredag 19. april 2024.

Vegen til makta er kort. Gå den!

"Det som rørte meg mest, var ein liten nonverbal passiar mellom to i panelet; førsteamanuensus Mitchell og statsråd Jaffery."

Eg er på Bibliotekmøtet 2024 i Haugesund. På scena sit biblioteksjef Anne Torill Stensberg frå Sølvberget, forfattar Tore Renberg, førsteamanuensis Monica Gundersen Mitchell frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Under Siri Lindstad si trygge leiing snakkar dei varmt om kor viktig litteraturen er, og korleis den bør formidlast, og dei deler leseopplevingar så eit festivalrangla redaktørhjarta blir stort og mjukt.

Samtalen dei hadde, kan høyrast i episode 31 av podkasten Bok & bibliotek. Det er mykje fint der. Men det som rørte meg mest, var ein liten nonverbal passiar mellom to i panelet; førsteamanuensus Mitchell og statsråd Jaffery.

Statsråden er tørst og tek eit glas og ei av vassflaskene som er sette fram til panelantane. Og så skjer det at førsteamanuensisen, som sit til høgre for ministeren, tek så vidt i eitt av dei andre glasa og nikkar mot flaska i handa til landets øvste og mektigaste leiar for kultur og likestilling.

«Heller du til meg òg, Lubna?» liksom.

Og så gjer ho det. Sjølvsagt gjer ho det. Men eg spør meg: I kva andre land ville det vore kutyme å spørja ein statsråd om å hella i vatn til seg? Og i kva land ville ho gjort det?

Vegen til makta er ekstremt kort her til lands. Og politikarane er stort sett skikkelege, dyktige, ærlege folk med beina på bakken (unnataka er så få at dei ikkje er verde å nemna her). Dei er som oss. Dei uroar seg for at ungane deira ser altfor mykje på skjerm. Nokre av dei har juksa på eksamen, men dei fleste har det ikkje – også det som oss. Dei er ikkje berre som oss, dei er oss. Kan henda er du eller kollegaen din politikar, for dei finst på alle nivå, frå Noregs minste kommune til regjeringa. Mange av dei har òg lese bøker og forstått kor rikt og viktig det er.

Poenget mitt er: No kjem leselyststrategien før sommaren – det har Lubna sagt til meg medan ho såg meg inn i augo. (Ho la rett nok til «det er planen». Sikkert klokt. Det kan alltid skje ting. Men ho valde å seia før sommaren.) Og no startar jobben med å påverka prioriteringane i statsbudsjettet for 2025.

Mange håpte på store ting i statsbudsjettet for i år, som frampeik mot eit skikkeleg skulebibliotekløft. Det kom ikkje då. Men neste års budsjett er der kampen verkeleg står. Det er der regjeringa kan og bør gjera prioriteringar som gir Leselyststrategien bein å gå på.

Så om du snakkar med naboen din som sit i kommunestyret, og ho snakkar med gruppeleiaren sin som sit i fylkesstyret for partiet, som sit i eit museumsstyre saman med den og den på Stortinget, eller berre brukar å møta vedkomande for ein kopp kaffi iblant, så kan ting skje.

Powered by Labrador CMS