aktuelt

Endringar i bokbransjen

Studentar kjøper færre bøker – bokhandlarar blir lagt ned

Etter berre halvtanna år er det slutt for bokhandlane Norli Akademiske i Halden og Fredrikstad. Studentsamskipnaden i Østfold forklarar nedlegginga med dårleg økonomi og peikar på at studentane kjøper færre og færre bøker.

Illustrasjonsfoto
Publisert Sist oppdatert

Norske studentar kjøpte i snitt 2,7 nye pensumbøker i 2016. No er det talet nede i 1,5 per student per år. På tre år har salet av pensumbøker gått ned med 36 prosent, viste den siste bransjestatistikken frå Den norske Forleggerforening, for 2024.

– Om få år kan heile fagområde i Noreg vere utan lærebøker og fagspråk på norsk, uttalte direktør i Forleggerforeningen Trine Skei Grande til NRK då tala blei presenterte i fjor haust.

Bokhandlar forsvinn frå campus

Konsekvensane byrjar no å visa seg i fleire delar av bransjen. I går fortalde Khrono om to nye studentbokhandlar som forsvinn. Studentsamskipnaden i Østfold (SiØ) legg ned begge butikkane sine i Halden og Fredrikstad etter berre halvanna år med drift.

Ifølge administrerande direktør Rita Hirsum Lystad har dei gått med underskot i fleire år.

«Endringer i bokmarkedet fra fysiske butikker til netthandel, studentenes kjøpevaner og endringer i utdanningsinstitusjonenes valg for pensumlitteratur er årsaker til krevende økonomisk drift av bokhandlervirksomheten», seier Lystad til Khrono.

Butikkane i Halden og Fredrikstad er ikkje dei første campusbokhandlene som har forsvunne dei siste åra, fortel Khrono. Høgskulen på Vestlandets campus Sogndal har mista bokhandelen Fjordbok, driven av studentsamskipnanden Sammen. Styreleiar Amalie Lunde grunngjev nedlegginga med «fallende salg på grunn av endret kundeadferd».

I oktober 2024 la Høgskulen på Vestlandet ned bokhandelen på campus Kronstad, og Norges Handelshøyskole i Bergen la ned sin bokhandel for litt over eit år sidan, rett nok grunngjeve med plassbehov, og ikkje økonomi.

YouTube og KI tek over

Studentar tek i større og større grad til seg pensum ved hjelp av YouTube, podkastar og kunstig intelligens.

Studenten Richard von Erpecom Mumford sa i fjort til NRK at han vurderte å ikkje kjøpe nye pensumbøker til studiet sitt i økonomi og administrasjon ved Universitetet i Stavanger.

– Eg føler mange gjer det same. At ein kjøper bøker første semester, men så sluttar ein fordi ein erfarer å ikkje bruke bøkene, seier han.

I staden for å lese pensum brukar han notat frå forelesingar eller kunstig intelligens, som ChatGPT.

– Då får ein med seg det viktigaste, seier von Erpecom Mumford.

Medstudenten Pernille Coward er einig.

– Veldig mange av dei eg kjenner gjer det veldig bra på skulen og har klart seg utan pensum, seier ho til NRK.

Powered by Labrador CMS