Folkebiblioteka har mista ein tredel av kjøpekrafta på ti år
Innkjøpsbusjetta held på langt nær tritt med prisstiginga på bøker. Sidan 2015 har biblioteka fått 29 prosent mindre å rutta med.
Biblioteka har ei rekkje faste utgifter der det ikkje er rom for kutt, som husleige og løn. Medieinnkjøp er derimot ein post der det er enklare å redusera kostnadar, seier Helene Voldner til Klassekampen 23. januar.
Når kommunane skal spara pengar, står innkjøpsbudsjetta lagleg til for hogg, poengterer leiaren i Norsk bibliotekforening til avisa.
Dyre bøker og små budsjett
Prisen på bøker har auka mykje samanlikna med prisen på andre varer og tenester; dei siste ti åra har bøker blitt 51,6 prosent dyrare, medan konsumprisindeksen har stige med 33,6 prosent.
I 2015 låg biblioteka sitt samla innkjøpsbudsjett på nærare 133 millionar kroner. I 2024 var budsjettet auka til rundt 156 millionar. Justert for prisstigninga på bøker, skulle 2024-budsjettet ha vore på nær 202 millionar kroner. Resultatet er at folkebiblioteka i praksis har 46 millionar kroner mindre å bruka på bokinnkjøp i 2024 enn dei hadde i 2015.
Sagt på ein annan måte: Eit bibliotek som hadde råd til tre bøker i 2015, kunne bare kjøpa to i 2024.
Ventelistene veks
Konsekvensane av reduserte innkjøpsbudsjett, er mindre breidde i utvalet og lange ventelister på dei mest populære boktitlane, seier Voldner til Klassekampen. Dette fører til at biblioteka i mindre grad får eit tilbod som treff heile befolkninga. Ho dreg fram at enkelte bibliotek let vera å kjøpa inn ein del ungdomsbøker eller smalare titlar for å prioritera bøker med lange ventelister.
Samtidig er biblioteka meir populære enn nokon gong. I 2024 blei det lånt ut 13,4 millionar fysiske bøker – ein auke på 6,7 prosent samanlikna med året før.
Voldner peikar på at folkebiblioteka sine innkjøp spelar ei vesentleg rolle i det litterære økosystemet i landet. Utlån av bøker fører til auka lesing, som igjen fører til auke i sal av bøker. Styrkte innkjøpsbudsjett til biblioteka vil altså stimulera heile det norske bokfeltet.