Faksimile av brevet Viken fylkeskommune sendte Nasjonalbiblioteket den 13. februar i år.

Viken boikottar bibliotekstatistikken

Viken har 1,25 millionar innbyggarar. No har mange av biblioteka i megafylket unnlate å levera tal til den nasjonale bibliotekstatistikken innan fristen 17. februar. Med Quria som biblioteksystem blir jobben for stor, hevdar dei.

Publisert Sist oppdatert

Den 13. februar i år sendte fylkesbiblioteksjef i Viken Heidi Hovemoen brev til Nasjonalbiblioteket (NB) med kopi til Axiell på vegne av rundt tjue av biblioteka i fylket, der ho varsla at dei ikkje kom til å levera statistikk for 2022 for indikatorane som må hentast frå Quria. «Vi forventer at Axiell snarest kommer med en løsning som bedre ivaretar norske kunders behov når det gjelder pålagt statistikk-rapportering,»

LES OGSÅ: Axiell lovar automatisk innlevering av statistikkdata til neste år

– Det er problematisk at ein etter kvart stor leverandør på den norske marknaden ikkje er i stant til å levera tala vi treng. Det må NB kjenna til, seier ho til Bok & bibliotek.

Brotne løfter

Ei av dei som har ansvar for bibliotekstatistikk frå eit Quria-bibliotek er Linda Rasten. I dag er ho biblioteksjef i Nordre Follo. I 2022 hadde ho same posisjon i Vestby kommune, og enda då med å at initiativ til eit opprop frå Quria-brukande bibliotek til Axiell.

Biblioteksjef i Nordre Follo Linda Rasten. Foto: Jan Walbeck / Nordre Follo kommune

– Vi gjorde ein felles førespurnad med ønske om ei betre løysing, fortel ho.

Den 12. januar 2022 sendte Vestby og ni andre norske Quria-kundar brev Axiell om det dei oppfatta som ei for dårleg løysing for å henta ut statistikk til Nasjonalbiblioteket. Svaret kom dagen etter: «Axiell har konkrete planer for utvikling av automatisert uttak og leveranse av statistikkdata til Nasjonalbiblioteket og øvrige myndigheter (skolene skal rapportere til fylket, ikke til NB). Dette vil være ferdig så rapportering kan skje automatisk for 2022.»

– Men det ser heilt likt ut no som i fjor, og like mykje jobb må til for å prosessera tala og få dei inn i den nasjonale statistikken. Å ta ut statistikk i Quria opplevest som eit steg tilbake frå andre system, seier Rasten, som veit om fleire som kjenner seg provoserte når ingenting no er forbetra.

Rasten innrømer at mange som er med i aksjonen syns dette er vanskeleg.

– Det går ut over den nasjonale statistikken, og vi er bibliotekarar; vi likar system og ønskjer å levera. Folk er oppgitt, sinte og slitne. Det er mitt inntrykk. Så det å ikkje levera er det einaste verkemiddelet vi har.

– Kven tenkjer de råkar med ikkje å levera?

– Det er ikkje einigheit om kven ein legg press på. Det vil kunna gå ut over omdømet til Axiell. Elles så er det jo kommunane som bryt ei forskrift. Og ein kan enda opp med å mangla tal frå potensielt mange store kommunar.

– Kjem de til å levera om de får ein seinare frist?

– Om Axiell kjem med ei løysing i løpet av eit par veker, så er det berre kjempefint det.

Forventar betre løysing

Fylkesbiblioteksjef i viken Heidi Hovemoen. Foto: Viken fylkeskommune

Om lite har endra seg inni statistikkmodulen til Quria sidan i fjor, er det store endringar i storleiken på systemet sin marknadsdel. Dei er no oppe i rett under 50 brukarar, mot 10 i fjor, mykje på grunn av at Axiell vann det felles anbodet på nytt biblioteksystem for folkebiblioteka i Viken.

Fylkesbiblioteksjef i Viken Heidi Hovemoen var hovudansvarleg for anbodsprosessen.

– Har Axiell brote krav i anskaffinga?

– Nei, det har dei ikkje, og det er viktig å presisera. Men vi hadde forventa langt meir enn det vi har fått levert. Det er alltid eit spørsmål kor detaljert ein skal vera i slike anbod. Vi har skrive kva som skal kunna hentast ut. Og så er det ikkje sånn det fungerer i dag, det trengs framleis ein stor manuell jobb, og tala blir usikre når ein må ta dei ut manuelt og summera opp for eiga hand. Slikt inneber alltid ein risiko, seier Hovemoen.

– Korleis opplever du dialogen med Axiell?

– Vi har ein pågåande dialog og vi får svar. Utfordringa er at vi ikkje får dei svara vi ønskjer oss. Det er oppsiktsvekkande at ein leverandør prioriterer som Axiell har gjort her. Det vitnar om ei manglande forståing for kor viktig statistikk er som arbeidsverktøy i det daglege arbeidet i biblioteka.

Innrømmer lovnad

Dagleg leiar i Axiell Norge Geirr Karlsen kjenner til brevet frå Rasten og co. i januar i fjor, og innrømmer at dei då lova å retta det opp innan statistikkøyringa i år skulle gjennomførast.

Dagleg leiar i Axiell Norge Geirr Karlsen. Foto: Axiell

– Quria leverer den statistikken som trengs for å kunna svara opp oppgåva, men den leverer den ikkje på ein arbeidssparande måte. Det sa vi vi skulle gjera noko med. Men det har ikkje nådd opp blant prioriteringane. Det har vore ein del jobb som måtte gjerast med ting ein brukar hyppigare, som for eksempel tilgjengelegheitserklæring og nytt regelverk rundt det. Det fekk prioritet før statistikken. Vi gjorde ei vurdering av kor vi skulle bruka resursane, og prioriterte det som er stadig tilbakevendande, svarar Karlsen, som seier seg einig i at statistikkøyringa er ein for stor jobb i dag.

– Linda Rasten seier at om de kjem med ei løysing i løpet av eit par veker, så ser dei fram til å kunna levera statistikken, om enn litt for seinka. Er dette realistisk å håpa på?

– Vi får ikkje til noko i løpet av nokre verker, ikkje ut over dei timane vi har brukt på å setta opp søka for enkeltkundar som har teke kontakt i det siste. Dei får jo levert statistikk. Vi kjem til å konsentrera oss om å gjera det ordentleg i løpet av 2023.

– De har gått frå rundt ti bibliotek for eitt år sidan til i underkant av 50 i dag. Var de klare for den store ekspansjonen?

– Ja, vi hadde ikkje valt å legga inn tilbod om vi ikkje var det. Men med eit så stort prosjekt som Viken er det alltid ting som dukkar opp. Vi skal ikkje underslå at det var ein stor jobb og at vi ikkje er i mål. Men vi meiner det var riktig å gi tilbodet og at vi har levert på ein ok måte, seier Geirr Karlsen.

Enklare med Mikromarc

I januar 2019 kjøpte Axiell Bibliotekenes it-senter som eigde biblioteksystemet Mikromarc. Dei fleste av dagens Quria-brukarar kom frå dette systemet. Bok & bibliotek har vore i kontakt med Quria-brukarar både i Trøndelag og Vestland. Alle fortel at statistikkuthentinga var mykje enklare i Mikromarc. Geirr Karlsen er ikkje ueinig i dette.

– I Mikromarc trykker du ein gong og får ut alle tala. I Quria må du trykka ein gong per spørsmål. Det blir cirka 30 trykk.

– Du gir litt inntrykk av at dette ikkje er så vanskeleg i Quria heller.

– Nei, det er ikkje vanskeleg. Men det er tidkrevjande.

Som Bok & bibliotek har også Heidi Hovemoen fått svar frå Axiell om at dei har valt å ikkje prioritera utviklinga av funksjonar som er sjeldan i bruk.

– Dei snakkar om statistikk som funksjonar som er i bruk berre ein gang i året. Det er oppsiktsvekkande og hårreisande! Vi treng det faktisk kvar veke og kvar månad for å ha eit fornuftig styringsverktøy i botn.

Styringsverktøy for nasjonen

Medan Viken og Quria diskuterer leveransar og behov, sit direktør Svein Arne Tinnesand i bibliotekutviklingsavdelinga i Nasjonalbiblioteket og ventar på tal.

– Om svære kommunar som Lillestrøm, Lørenskog og Drammen ikkje leverer, får vi ein forferdeleg dårleg bibliotekstatistikk for 2022, seier han.

Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket. FOTO: NB

– Desse er tunge òg i den nasjonale statistikken. Eg er bekymra for at vi ikkje får god statistikk. Det bør bekymra alle, også biblioteka i Viken. Desse tala er del av den norske staten sin offisielle statistikk. Kulturstatistikken og KOSTRA-tala bygger på desse, poengterer Tinnesand.

KOSTRA er ei forkorting for kommune-stat-rapportering. Gjennom KOSTRA sender alle norske kommunar og fylkeskommunar inn tall frå tenesteområdene sine til Statistisk sentralbyrå.

– Det er dette kommunane bruker som grunnlag for budsjettplanlegginga. Når kommunedirektørane skal samanlikna bibliotekbudsjett med andre kommunar, er det desse tala dei bruker. Så her er det forferdeleg mykje som forsvinn i mange ledd, seier Tinnesand.

Bevisst lovbrot

NB-direktøren understrekar at levering av bibliotekstatistikk er pålagt gjennom lov om folkebibliotek og forskrifta der.

– Så det å ikkje å levera er eit lovbrot.

– Kan Nasjonalbiblioteket koma med sanksjonar?

– Vi er ikkje vande med å operera med sanksjonar og at kommunane medvite vel å bryta lova. Om det viser seg at dette er tilfellet må vi tenka gjennom om det er behov. Men vi har få verkemiddel. Utviklingsmidlar er einaste vi har på handa. Det måtte i tilfelle vera å bruka dei til å sanksjonera. Elles bruker vi ofte sinte brev.

Vi har få verkemiddel. Utviklingsmidlar er einaste vi har på handa. Det måtte i tilfelle vera å bruka dei til å sanksjonera. Elles bruker vi ofte sinte brev.Svein Arne Tinnesand

– Kven sitt ansvar er det, slik du ser det, når Viken no ser ut til å ikkje levera?

– Eg skjønar godt at dei som har kjøpt systemet er frustrerte og at det er krevjande å fylla ut bibliotekstatistikken. Det er ein jobb vi ber om fordi det er viktig for sektoren og samfunnet elles. Men om det stemmer som dei seier at Axiell skulle hatt dette på plass men har nedprioritert å ferdigstilla det utan å gi beskjed, så kan jo biblioteka tenka på om dei vil nedprioritera å betala lisensen sin, men det er ei sak mellom leverandør og kundar. Svaret på det du spør om er likevel at det er kommunane som har ansvaret for å levera statistikk.

Ny forskrift 1. januar

Vi legg Tinnesand sine uttalelsar om lovbrot fram for Heidi Hovemoen i Viken.

– Korleis stiller du deg til definisjonen av det de gjer som lovbrot?

– På prinsipielt grunnlag har NB rett i det. Det følger av biblioteklova. Vi kjenner til dette og diskuterte konsekvensane før vi sendte brevet. Per i dag har verken NB eller fylkesbiblioteka høve til å koma med sanksjonar overfor kommunane. Så kvar kommune må på fritt grunnlag vurdera det. Dette seier noko om frustrasjonsnivået hos biblioteka og at situasjonen er alvorleg. Det er alvorleg at ein aktør som skal etablera seg ikkje vurderer det like viktig som oss med rapportering. Ut over det ventar og håpar eg at NB er i stand til å på vegne av sektoren gå i dialog med leverandørmarknaden om det som er viktig for oss, seier Hovemoen.

Dette seier noko om frustrasjonsnivået hos biblioteka og at situasjonen er alvorlegHeidi Hovemoen

Den 10. august i fjor blei det vedteke endringar i forskrift om bibliotekstatistikk som trådde i kraft 1. januar 2023. «Nasjonalbiblioteket kan gi bestemmelser om annen innhenting av statistikk enn utfylling av skjema,» står det i den reviderte forskrifta. Hovemoen ønskjer at Nasjonalbiblioteket følger opp forskriftsendringa.

– NB kan legga sterkare press på leverandørane og krevja automatisk innhenting av data, seier ho.

– Er det ikkje kundane sitt ansvar å gå i den dialogen med leverandørane?

– Jau, men eg tenkjer også at NB kan bæra eit ansvar for at det skjer.

– Ifølgje Tinnesand får dette konsekvensar for KOSTRA-tala og kommunedirektørane sitt grunnlag for å ta avgjerder. Er denne boikotten koordinert med kommunedirektørane eller andre høgare i systemet i dei ulike kommunane?

– På vegne av Viken fylkesbibliotek er det det. Vi har sagt til biblioteka at den enkelte må gå i dialog med si leiing. Vi veit ikkje endå om det blir boikott frå alle dei som har skrive under på brevet. Mange er i tenkeboksen. Nokre vel nok å gjera det beste ut av det og levera så godt dei får til, men det veit vi først om eit par veker.

– Kjem Viken til å levera tala frå fylkesbiblioteket når desse skal inn den 17. mars?

– Det kan eg ikkje svara på. Vi har ikkje rukke å vurdera det endå.

– Har de forhøyrt dykk med eigne juristar?

– Ikkje foreløpig.

Ein marknad i endring

– Vi har vore i kontakt med fleire bibliotek i Trøndelag og Vestland som nyttar Quria men som likevel leverte statistikken på fredag. Kvifor klarar dei det og ikkje de?

– Det veit eg ikkje. Kanskje dei før oss såg for seg korleis det kom til å bli. Det kan vera at fleire klarar det med den manuelle jobben det inneber. Alle biblioteka i Viken meiner at vi er avhengige av å ha gode tal å visa våre overordna. Det er viktig politisk å visa resultat, og for Viken sin del vil det truleg bli gode resultat. Samtidig tenkjer eg at det er i alle bibliotek sin interesse å ha systemleverandørar som tar sitt ansvar på alvor. Om ein vel å sjå på 2022 som eit boikotår, så har vi i andre enden kanskje bidrege til at fleire unngår same problemstilling seinare.

Hovemoen viser til at leverandørmarknaden er i endring.

– Vi kjem til å skifta biblioteksystem framover, ikkje kvart år, men med ein viss frekvens. Det kjem til å bli like viktig å få dette minst mogleg manuelt i framtida også. •

 

 

Powered by Labrador CMS