Bok & bibliotek på VIRAK 2025
Nye vegar til trygg kunnskap
Episode #43 av podkasten Bok & bibliotek handlar om nettressursane iKomp og AKS som Universitetet i Tromsø bygger og deler fritt med alle. Målet er at dei, saman med utstrakt rettleiing av dei vitskapleg tilsette, skal gi studentane høg informasjonskompteanse og gode akademiske skriveevner.

Informasjonskompetanse er eit grunnleggande begrep innanfor bibliotek- og informasjonsfag. På universitet og høgskular er det vanleg at bibliotekarane får ansvar for å undervisa studentane om dette. Det same skjer òg ein del i vidaregåande skule, og av og til på grunnskular – om dei er så heldige å ha ein bibliotekar.
Bibliotekarane si undervising i informasjonskompetanse er i rivande utvikling, og Universitetsbiblioteket i Tromsø har lenge lege langt framme. Det allereie ti år sidan dei publiserte iKomp – eit digitalt kurs i informasjonskompetanse som ligg fritt tilgjengeleg for alle å bruka.
I denne episoden fortel førstebibliotekarane Torsein Låg og kollega Helene Andreassen om ein splitter nye modell for undervisning i informasjonskompetanse og akademisk skriving som er utvikla ved det arktiske universitetet. Ved studiestart til hausten skal ein totalrenovert versjon av iKomp vera på plass saman med den nye nettressursen for akademisk skriving, AKS.
Dette er den andre av fleire episodar med innhald frå fag- og forskingsbiblioteka sin konferanse VIRAK som gjekk føre seg i Drammen 4. og 5. juni i år.