Revidert nasjonalbudsjett

Tinnesand motstraums om skulebibliotekmillionar

Regjeringa foreslo 12 millionar ekstra til skulebibliotek i revidert nasjonalbudsjett. – Eit dårleg forslag, seier direktør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand. Pengane er velkomne. Men dei må koma på rett vis, meiner han.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er ikkje imot at det blir gitt tilskot til skulebibliotek, men det må gjerast innanfor dei ordningane som finst i dag, seier Svein Arne Tinnesand til Bok & bibliotek.

– Som ein som har delt ut statlege mildar i 15 år snart, så verkar dette som eit merkeleg forslag.

Fredag fortalde vi om at dei 12 millionar skulebibliotekkronene kunnskapsministeren i mai lova til skulle koma i revidert nasjonalbudsjett, ikkje kom likevel. Dette var midlar øyremerkte til innkjøp av bøker. Rundt i landet var skulebibliotekarar i gang med å skriva søknadar i håp om ein ekstra skerv i krevjande tider. Nullinga har skapt negative reaksjonar frå sentrale personar i biblioteksektoren. Også Aftenposten brukte leiaren sin på fredag til å skriva om korleis bønder, bøner og bilar «... og mer til var viktigere for de tre partiene enn å bruke en liten slant på nye bøker for å fremme leselyst blant barn».

Tok det på Facebook

Måndag 24. juni letta Svein Arne Tinnesand sjela si ved å dela Aftenposten-leiaren på Facebook med følgande kommentar: «For å være helt ærlig. Jeg synes [det] var et dårlig forslag. Dette ville bli en ordning som bryter med alle prinsipper for hvordan bokinnkjøp i bibliotek og skolebibliotek skal gjøres. Det ville være en permanent sovepute for kommunene uten å komme i nærheten av dekke behovet for finansiering i skolene. Derfor ville en slik ordning ikke bidra til styrking av skolebibliotekene, men motsatt. Jeg ser ikke bort fra at det var derfor dette punktet ble forhandlet bort under budsjettforhandlingene.»

Vidare dreg han fram det positive i at regjeringa og budsjettpartnarane har styrkt kommuneøkonomien, og kallar det «det beste regjeringen kan gjøre for styrke skolebibliotekene». 

Ordningane finst

– Du skriv at du trur både statsråden og skulebiblioteka skal vera glade for at forhandlingane gjekk som dei gjorde. Kva legg du i det? Kva for skade hadde skjedd om skulebiblioteka hadde fått nokre statlege tusenlappar å rutta med?

– Eg er ikkje imot at skulebiblioteka får tusenlappar av staten. Det eg reagerte på, var sjølve ordninga. Det finst allereie to ordningar for finansiering i bibliotek og skulebibliotek. Den eine er innkjøpsordninga til Kulturrådet. Og den andre er kommunebudsjetta.

Han trur ikkje det var budsjettpartnarane i Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet som forhandla vekk dei 12 millionane. Truleg var det Kunnskapsdepartementet sjølv som innsåg at dette var ein dårleg idé.

– Då kunne dei jo berre flytta dei 12 millionane over til innkjøpsordninga for skulebibliotek.

– Ja, men problemet er her at dette var pengar frå Kunnskapsdepartementet. Og dei var i ferd med å oppretta ei slags ny, eiga øyremerkt ordning. Det er ingen som vil ha det, og det er truleg i strid med staten sin eigen utgreiingsinstruks.

Ville blitt ei heilt ny ordning

– I ein kommentar til Facebook-innlegget ditt skriv biblioteksjef i Nordre Follo Linda Rasten at ho sjølv har opplevd å få avgjerande tilskot av arenautviklingsmidlar frå NB, og kallar det noko av det næraste dei kom øyremerkte midlar. Kva er forskjellen på desse statlege midlane og dei Arbeiderpartiet foreslo i sitt alternative budsjett?

– Arenamidlane frå Nasjonalbiblioteket er knytt til ein strategi og har formulerte kriterium. Om du oppfyller dei og søker, så kvalifiserer du til å få pengar. Det som var foreslått her, var ei heilt ny ordning for å kjøpa bøker til bibliotek. Vi i NB hadde aldri kunna lysa ut midlar til innkjøp av bøker. Det er ein stor forskjell mellom det å søka pengar til å driva biblioteket og det å søka pengar knytt til ein statleg strategi som Bibliotekstrategien.

Det er heller ikkje sånn at desse pengane fordeler seg fint ut av seg sjølve, poengterer Tinnesand. Nokon må laga kriterium og sitta og vurdera søknadane.

Meirverdi

– Kva tenkjer du om Leikny Haga Indregard sin kommentar til innlegget ditt om at slike små statlege summar kan utløysa langt større ressursar lokalt?

– Heilt riktig – om dei hadde lagt pengane på dei statlege ordningane som finst for å styrka skulebibliotek, anten kompetanseutviklingsordninga som Kunnskapsdepartementet har oppretta for skulebiblioteka, eller innkjøpsordninga.

Kompetanseutviklingsordninga er finansiert med 50 millionar over ordinært statsbudsjett no. Ein auke til 62 millionar hadde vore betydeleg, seier Tinnesand. Det ville også gjeve vidare initiativ til oppretting av lokale skulebibliotekplanar, som saman med krav til bibliotekrom og tilsette er eit krav for å kunna kvalifisera til desse midlane. På same vis ville ein auke frå 23 millionar til 35 millionar til innkjøpsordninga for skulebibliotek hatt mykje å seia.

Med sjela i behald

– Med desse 12 millionane forsvann det einaste som minte om eit leselysttiltak i revidert nasjonalbudsjett. Kva tenkjer du om måten regjeringa har følgt opp sin eigen strategi frå i fjor på?

– Det vi såg, var eit signal om at statsråden ønsker å gå vidare med dette, men det må gjerast på ein måte som er i tråd med måten vi er rigga på dette området. Eg er ikkje sikker på at det ikkje kjem pengar i ordinært budsjett for 2026, men rigga på ein annan måte.

– Du har sjølv vore politisk aktiv i SV, som var budsjettpartnar. Samstundes har du hovudansvar for fordelinga av dei største statlege tilskota til folke- og fylkesbibliotek. Korleis skal folk oppfatta det at du no går aktivt ut til forsvar for SV sin budsjettstrategi som har direkte følger for bibliotekfeltet?

– Eg har ingenting med skulebibliotekordningane å gjera. Men om eg hadde fått ei ordning der eg skulle gjera det same for folkebiblioteka som det som blei foreslått til skulebiblioteka i revidert nasjonalbudsjett, så hadde eg som byråkrat forsøkt å skriva den om. Og om eg hadde blitt spurd på førehand, så ville eg gitt råd om å legga dei pengane på ordningane vi har.

– Du nemner også i Facebook-posten din at Aftenposten ikkje skriv at kommunane fekk auke i løyvingane i revidert nasjonalbudsjett.

– Det Aftenposten prøver på, er å stilla regjeringa i eit dårleg lys. Og det må dei gjerne gjera for min del. Men det som andre la merke til, var at regjeringa og budsjettpartnarane styrkte kommuneøkonomien og senka prisen på barnehagar. Men i denne leiaren skriv dei berre om bønder, bøner og bilar, som er eit godt rim, men lite beskrivande for det som skjedde i revidert nasjonalbudsjett.

Tinnesand avsluttar innlegget sitt på Facebook med eit bibelsitat på latin frå profeten Ezekiel (popularisert av profeten Marx): «Dixi et salvavi animam meam» – eg har tala og redda sjela mi.

Powered by Labrador CMS