Podkasten Bok & bibliotek
Kommuneøkonomi: Biblioteka får det verst
Biblioteka kan oppleva dei hardaste kutta i kommunal kultursektor i tida framover. Det stadfesta forskaren Bård Kleppe under ein scenesamtale på Kulturytring 2025. No kan du høyra heile samtalen i podkasten Bok & bibliotek.

Kutt, kutt, kutt over hele linja – Kommunal kultursektor 2025. Dette er namnet på ein ny rapport om kommunane sitt kulturarbeid som Telemaksforskning har laga på oppdrag frå Norsk kulturforum (NOKU) og Fagforbundet.
Litt over halvparten av alle dei 357 kommunane i landet reknar med økonomiske innstrammingar i år som i fjor, og ifølje kulturleiarane er det som vil bli hardast ramma bibliotek, kulturskular og kunstformidling. Og når du skal spara pengar på bibliotek, må du kutta stillingar og opningstid. Dette er tema i episode 44 av podkasten Bok & bibliotek.
Episoden er eit opptak av ein scenesamtale om rapporten, spelt inn frå tysdag 24. juni under Kulturytring 2025.
I panelet sat Bård Jacobsen, kultursjef i Larvik og styreleiar i NOKU, Stine-Marie Schmedling frå Tønsberg og Færder bibliotek, og Bård Kleppe frå Telemarksforskning.
Gjer deg klar for ein ikkje særleg oppløftande prat, men med både konkrete tips og motiverande perspektiv til bekymra kulturarbeidarar.
Arrangementet var eit samarbeid mellom NOKU, Norsk bibliotekforening og Bok & bibliotek.