Revidert nasjonalbudsjett
Skulle gje 12 mill til skulebibliotek, gav 0,–
Gleda var stor då regjeringa i mai foreslo at kommunane skulle får 12 millionar meir til innkjøp av bøker til skulebiblioteka. Dette var provet på at leselyststrategien ikkje var heilt gløymt. Men i budsjettforliket som blei presentert denne veka er heile potten sletta.

– Å gå så høgt ut med ein bodskap om ekstra midlar til opprusting, og så trekkja meldinga tilbake før søknadsfristen har gått ut – det meiner eg er småleg, uttalar Live Havro Bjørnstad frå nettverksgruppa Saman for skulebiblioteka.
– 12 millionar er ingenting i statsbudsjettsamanheng, men kunne ha mykje å seia for veldig mange skuleelevar. 12 millionar er ei lang rekkje friske hyllemeter med glitrande lesestoff, og eit strålane tiltak for sosial utjamning i lesetrening og tilgang til litteratur.
Dette svekkjer regjeringa sitt truverd i arbeidet for å styrka lesekompetansen i befolkninga generelt, og kunnskapsministeren sitt arbeid med å få mindre skjerm i skulen spesielt.
For ein månad sidan sa kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun dette i ei pressemelding i samband med forslag til revidert nasjonalbudsjett:
– Arbeidarpartiet held fram den kraftige satsinga for å auke leseferdigheitene og leselysta hos barn i norsk skule, etter svært urovekkande leseresultat dei siste åra. Med desse midlane sørger vi for at skulebibliotek over heile landet kan kjøpe inn ny, variert og engasjerande litteratur.
– Spel for galleriet
Ei mindretalsregjering som den vi har i dag treng støtte frå andre parti på Stortinget for å få fleirtal for eit budsjett. Det reviderte nasjonalbudsjettet som blir vedteke i dag, er kome i stand etter forhandlingar mellomS regjeringspartiet Arbeiderpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (SV). Trass i store ord ser ingen av partane ut til å ha rekna born og unge sine leseevner som viktige nok til å prioritera det i forhandlingane.
– No er det så lite igjen av det dei kallar leselystsatsing, eller styrking av bibliotek, at det ikkje er mogleg å ta det på alvor lenger, kommenterer Helene Voldner i Norsk bibliotekforening.
Bjørnstad kallar det ei hårreisande prioritering:
– Eg les det som ropeteiknet som stadfestar at leselyststrategien ikkje har nokon praktisk verdi. Når styresmaktene kuttar den einaste nye stønadsordninga for lesestoff til skulane før ho i det heile har kome i gang, kan eg ikkje skjøna anna enn at den «satsinga» regjeringa vil ha på skulebibliotek, berre er eit spel for galleriet, seier ho til Bok & bibliotek.
– Tomme ord
– Midla som var sette av, ville vore eit tydeleg signal til kommunane – og eit tydeleg signal til feltet – om at dei tek lesing på alvor, seier Voldner.
– Vi har høyrt politikarar snakke høgt om kor glade dei er i bibliotek, og kor viktig det er å satsa på skulebibliotek. Men då må dei òg følgja opp med handling.
Det er berre nokre dagar sidan regjeringa lanserte strategien sin mot desinformasjon. Denne slår fast at lesing er ein føresetnad for demokratiet, fordi folk må kunna tileigna seg kunnskap, vurdera den og utvikla kritisk sans. Dette er òg nedfelt i opplæringsforskrifta.
– Når skulebiblioteka verken har bøker eller tilsette – slik realiteten er i altfor mange skular – blir dette berre tomme ord. Dette er skuffande, svakt og lite truverdig av både regjeringa og budsjettpartnarane. Dei har enno til gode å visa at dei faktisk vil satsa på lesing, litteratur og bibliotek, seier Voldner.
Uforpliktande kjærleik
På Facebook skriv rådgjevar i Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold Oddmund Kårevik at han kjente på eit sjeldan sinne då han høyrde at regjeringa sin lovnad om 12 ekstra skulebibliotekmillionar viste seg å vera tomme ord.
«Skulebibliotek er dei som har aller minst, og paradoksalt nok dei som treng aller mest. Det er berre på skolebiblioteka ein treff alle barn. Her trengst både personalressursar og bøker til aktiv formidling og utlån.
No har budsjettpartnarane Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV stroke 12 millionar i tilskot til kjøp av bøker til skolebiblioteket. I staden er det opp til kommunane sjølv å prioritere dette i allereie svært pressa kommuneøkonomiar
For cirka 395 dagar sidan kom leselyststrategien. I forkant og utredninga av arbeidet var det særleg skolebibliotek som var satt fokus på. Mange politikarar gjekk ut og fortalte kor høgt dei elska bibliotek. At kjærleik til bibliotek ikkje forpliktar, kjem ikkje som noko sjokk. Meir alvorleg er det at det heller ikkje er forpliktande med ein leselyststrategi, der skolebibliotek var eit av få satsingsområde,» skriv han.
Heller ikkje Helene Voldner har tru på at kommunane vil finna rom for å dekka opp der regjeringa sviktar.
– Skulebiblioteka og innkjøp kjem til å bli nedprioriterte i ein kommuneøkonomi som allereie er pressa. Det er svakt av regjeringa å skyva ansvaret vidare. Det er elevane som først kjem til å merka konsekvensane, og vi som storsamfunn som må betala prisen seinare.