Fem år i Deichman Bjørvika
I fem år har det nye hovudbiblioteket i Oslo har inspirert, informert og inkludert – til glede for innbyggarane, tilreisande bibliotekentusiastar og skodelystne turistar.

– Sidan opninga 18. juni 2020 har vi hatt over 10,7 millionar besøk og lånt ut meir enn 2,2 millionar bøker. Vi har hatt betydeleg vekst i alle biblioteka våre og fått laga 250 000 nye lånekort dei siste fem åra. Tala viser ein enorm og gledeleg vokster – men det viktigaste er alt det som ikkje kan teljast, seier bibliotekdirektør i Oslo Merete Lie.
Hovudbiblioteket har blitt ein stor og levande allmenning midt i byen, eit bibliotek som er ope for alle – kvar dag, heile året. Her møtest folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser. Nokre kjem for å låne, lese og lære, andre for å jobbe, finne ro, få hjelp, møte vener – eller berre vere, skriv Oslo kommune i ei pressemelding sendt ut av Mynewsdesk.
Gode rom
Folk flest ser altså ut til å vera einige med arkitetkturmeldaren Gauthe Brochman som skreiv dette i Morgenbladet då bygget var nytt: «Vanligvis er overgangen fra forskjønnet visjon til ferdig resultat en skuffende opplevelse. Men med Deichman er ikke bare de ferdige rommene like vakre som tegningene – de er også er utrolig gode å oppholde seg i.»
– Vi er stolte av å vere ein av Noregs mest besøkte kulturinstitusjonar og eit folkebibliotek i utvikling – i Bjørvika og i bydelane. Visjonen vår er å skape ein lesande by og bidra til eit levande lokaldemokrati. Difor betyr det mykje at så mange brukar biblioteket, uttalar Lie i pressemeldinga.
Nær 11 000 unge på ein kveld
18. september 2023 var ein av dagane som bidrog litt ekstra til statistikken. Då var 10 994 personar innanfor dørene ein regntung fredagskveld – dei aller fleste ungdomar. Høvet var Oslo kulturnatt der ungdom fekk ta over Deichman i Bjørvika. Ungdom sto bak innhaldet og ungdom var vertskap og fylte biblioteket med musikk, gratis mat, danse-battles, barbershop, rulleskøytedisco og gaming.

Visste du forresten at Deichman Bjørvika er blitt kåra til verdas beste folkebibliotek? Det skjedde litt over eit år etter opninga, i august 2021. Då fekk Oslo sitt hovudbibliotek den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA sin pris for Årets folkebibliotek 2021.
Stengd for ålmenta
Ei meir kontroversiell hending gjekk føre seg 12. juni året etter. Då prinsesse Ingrid Alexandra skulle feira 18-årsdag bestemte regjeringa seg for å legga festen til Deichman Bjørvika. Resultatet blei 357 opningsdagar dette året i staden for dei planlagde 358. Dette er så vidt Bok & bibliotek kjenner til einaste gongen staten har teke seg slik til rette og laga fest på rekninga til Oslo sine bibliotekbrukarar.
Bok & bibliotek gratulerer innbyggarane i Oslo og dei tilsette ved Deichman med fem gode år!