USA: Nye bibliotekkutt i budsjettutkast
Først ein presidentordre. No eit dramatisk budsjettutkast. Trump set alle klutar til for å fjerna føderal støtte til bibliotek og ei rekke andre demokratiske institusjonar.

Den 14. mars signerte president Donald Trump ein presidentordre som føreslår å strupa og om mogleg eliminera Institute of Museum and Library Services (IMLS). Dette er den einaste etaten på nasjonalt nivå i USA som gir midlar til bibliotek.
Presidentordren nemner òg seks andre føderale byrå viktige for mangfald, inkludering og utjamning av forskjellar.
Ordren gjev pålegg om at dei råka etatane skal kuttast til eit lovpålagt minimum, og at finansdepartementet skal avvisa alle budsjettframlegg frå desse byråa, unntatt dei som trengst for å avvikla dei.
Blir IMLS faktisk avvikla?
Ordlyden i presidentordren lèt det ikkje vera tvil tilbake om at Trump-administrasjonen sin intensjon til sjuande og sist er å avvikla IMLS, skriv American Library Association (ALA) på nettsida si. Etter at ordren blei signert, har administrasjonen avvikla tilskotsordningar og avslutta kontraktar som IMLS har inngått, og permittert 63 av dei 75 tilsette.
Keith Sonderling, Trump sin lojale visearbeidsminister, er tilsett som midlertidig leiar ved instituttet. Dette er ei av fleire innsettingar av regjeringsmedlemer som leiarar for viktige demokratiske institusjonar, som utanriksminister Marco Rubio ved Riksarkivet.
IMLS står for mindre enn 0,003 % av det føderale budsjettet – men gjer ein enorm forskjell gjennom å støtta jobbsøkarkurs, tilrettelagde bibliotektenester som lyd- og blindeskriftbøker, bokbussar, leseprogram og kurs til småbedrifter og gründerar. Alt dette står no i fare, skriv ALA på heimesida si.
Nye angrep i budsjettutkastet
2. mai la Trump-administrasjonen fram sitt føderale budsjettforslag for 2026. Der foreslår dei å kutta alle løyvingar til IMLS.
Ifølge budsjettutkastet vil Trump òg kutta ut National Endowment for the Arts (NEA), som har støtta kunstnarar sidan 1964; National Endowment for the Humanities (NEH), som ifølge Wikipedia sidan 1965 har gjeve tilskot til forsking og utdanning innan humaniora ved museum, arkiv, bibliotek, høgskular og universitet; AmeriCorps, som organiserer samfunnstenleg frivillig arbeid med formål å hjelpa andre og møta kritiske behov, til dømes ved naturkatastrofar; og Corporation for Public Broadcasting (CPB), eit statleg føretak som har gjeve lokale allmennkringkastarar mediestøtte sidan 1967.
Desse angrepa er ideologisk drivne og utgjer ein alvorleg fare for utdanninga, kulturlivet og samfunnsinstitusjonane våre, poengterte EveryLibrary i ei pressemelding 3. mai.
Grunnar til håp
Det er likevel håp om at åtaka på IMLS kan stoggast. To separate føderale domstolar fastsette i starten av mai at administrasjonen sine handlingar for å demontera IMLS sannsynlegvis er ulovlege og må stoppast. Dette skjedde som følge av to ulike søksmål mot presidentordren, eitt frå ALA i samarbeid med USA si største fagforeining for bibliotektilsette og eit anna samla søksmål frå 21 statar.
Ifølge ALA kan presidentordren stoppast eller avgrensast permanent dersom kongressen vedtek ei lov som overstyrer den. Ein domstol kan også oppheva delar av ordren eller tiltaka som er sette i verk for å gjennomføra den, dersom dei blir funne å vera i strid med grunnlova eller ei føderal lov. Ein tredje utveg er at Trump eller ein framtidig president opphevar eller omtolkar ordren.